Kommentar

Vi står sterkast saman

PERSPEKTIV: Vil globale fellesløysingar vinne over vaksinenasjonalisme?

Vår evne til å vaksinere og trygge eiga befolkning, er avhengig av eit tett samarbeid med andre.

Det er også det som vil trygge oss sjølv best.

Dei fleste av oss veit det no; vegen ut av denne unike og krevjande pandemien går gjennom tilgang på vaksinar. Med verksame vaksinar kan så mange bli immune mot viruset at det ikkje lenger finn mange nok menneske å spreie seg via, og døyr ut eller mistar evna til å spreie seg mellom oss menneske.

Les også: Svenskene hjelper oss med koronavaksine

Dette har gjort dei framtidige covid19-vaksinane til vår tids gull. Rundt 170 vaksinekandidatar er under utvikling av forskingsinstitusjonar og legemiddelselskap, og alle land vil vere først ut med å tilby effektive vaksinar.

Vaksineinnsatsen er heilt eineståande – det som vanlegvis tek minst 10 år å utvikle kan no vere nede i godt under to år. Utvikling, produksjon og fordeling av vaksinar er internasjonal politikk på høgt nivå. Det betyr konflikt og usemje, men også eit fundamentalt val.

Bør vi tenke mest på oss sjølv i konkurranse med andre, eller bør vi samarbeide for vårt felles beste?

Dei siste månadane har eg no og då høyrt folk samanlikne arbeidet med å sikre tilgang til vaksinar med korleis du opptrer ved ei ulukke på eit fly eller eit skip. Du tek først på deg din eigen redningsvest eller di eiga oksygenmaske, så hjelper du medpassasjerar.

Men det er ei misforstått samanlikning. For på eit fly eller eit skip er det vestar og masker til alle, ikkje berre dei på første klasse.

Ja, både internasjonalt og i Noreg har vi reglar som påbyr operatørane å sørge for denne tilgangen – til alle passasjerar.

Spørsmålet no er om vi er villige, og i stand, til å bidra til at alle kan få tilgang til ei vaksine. Ikkje minst vil eit heilt sentralt spørsmål vere kva som skjer med land som ikkje har økonomi til å skaffe vaksinar.

Les også: «Svenskehandelen viser at myndighetene kanskje må bli strengere»

I Norad har vi i mange år arbeidd med tilgang til vaksinar for andre smittsame sjukdomar internasjonalt. Norske regjeringar har vore ein leiar i dette arbeidet, og kan også i denne runden spele ei sentral rolle gjennom den tette kontakten vår med sentrale institusjonar som alliansen for utvikling av vaksinar (Cepi) og den internasjonale vaksinealliansen (Gavi), som sørger for tilgang på vaksinar i fattige land.

Og gjennom viljen vår til å bruke store summar på dette. I dette ligg det sjølvsagt eit sterkt verdival, men i tilfellet covid-19 også ei sterk eigeninteresse.

Det er (minst) tre grunnar til det.

Mest fundamentalt er det slik at dersom vi vil tilbake til livet slik det var før pandemien, så må heile verda vaksinerast.Store lommer av menneske utan brei vaksinedekning kan vere nok til å skape usikkerheit om ny spreiing av viruset, med all uro og ekstra kostnadar det fører med seg.

Vi er rett og slett i same båt, alle saman.

Les også: Andregangssmitte påvist i Belgia og Nederland

For det andre er det slik at det i første omgang ikkje vil vere nok vaksinar til heile verdas befolkning.

Vi kan likevel planlegge for at dei første vaksinedosane i alle land går til grupper som helsepersonell og risikogrupper som dei eldre. Samarbeid og rettferdig fordeling av vaksinar i den første vaksinefasen kan gjere at dei mest kritiske gruppene mange stadar blir vaksinert. Dette vil kunne redde mange liv.

For å effektivt hindre spreiing og unngå dei store økonomiske og sosiale konsekvensane vi ser i dag, må ein større del av innbyggjarane vaksinerast, og det vil ikkje halde at berre nokre få land får vaksinert si eiga befolkning.

Opplagt tenkjer du kanskje; men det er langt frå sikkert.

Under svineinfluensa-pandemien i 2009, som ein reknar med tok livet av mellom 150.000 og 575.000 menneske, kjøpte rike land opp nesten alle tilgjengelege vaksinar, før ein etter kvart samla seg om å gjere delar av vaksinane tilgjengelege for fattige land.

Ein tredje grunn til å tenke samarbeid heller enn konkurranse er risikoen for at ein kamp om tilgang til vaksinar kan drive opp prisen på vaksinane som vert utvikla.

Det er også risiko for å ikkje ende opp med dei beste vaksinane. Det vil samla sett gjere hjelpa langt dyrare for oss alle.

Les også: «I realiteten spises 11 milliarder fra hvert budsjett de kommende årene»

Det motsette er at ein allianse av land saman brukar marknadsmakta si. I artikkelen «The Tragedy of Vaccine Nationalism – Only Cooperation Can End the Pandemic» har jurist og ekspert på global helse, Thomas Bolloyky og økonom Chad Bown, argumentert for at ei felles global avtale om tilgang til og fordeling av vaksinen er det ideelle.

Men verda er langt frå ideell, det verkar lite realistisk med ei global avtale som inkluderer alle. Som del av den internasjonale dugnaden for å finne ein vaksine kalla Covax, bidreg Noreg særleg til bistandsarmen for ei rettvis fordeling av vaksinar.

Dette er ein innkjøpsgaranti kor 92 låg- og mellominntektsland kvalifiserer til støtte.

Covax skal også sikre rike land – som finansierer vaksinane sine sjølve – tilgang til vaksinar.

Gjennom å samle flest mogeleg land kan det sikrast avtaler for fleire vaksinekandidatar, og slik auke sjansen for å få tilgang på vellukka vaksinar. Dette reduserer risikoen for enkeltland og det er meir føreseieleg for produsentar.

Og slik kan auka produksjonskapasitet og samarbeid mellom land sørge for rask forsyning av effektive vaksinar. Målet til Covax er å få kontroll på den akutte fasen av pandemien gjennom å sikre minst 2 milliardar vaksinedosar innan utgangen av 2021.

Dei siste åra har ikkje verda alltid vore på sitt beste i evna til å skape internasjonale løysingar. No er vi i ein krevjande situasjon der det hastar.

Det er både viktig og interessant i kva grad vi kan lukkast.

Kanskje kan dette også sjåast som ein test på meir komplekse oppgåver som ligg framfor oss. Klimaendringane er – i minst like stor grad som vaksinar – eit døme på ei global fellesinteresse.

Det hjelper ikkje at nokre land er ambisiøse, om andre land aukar utsleppa sine.

Vi vil i framtida vere enno meir avhengige av kvarandre for å løyse felles problem. Greier vi å handtere dei saman?

Mer fra Dagsavisen