Kommentar

Ubehaget i grillkul(l)turen

Det er sommar og grillsesong, og når det skal grillast i norske hagar og på norske hyttefelt, er det stadig som oftast ein mann som står bak grillen. Kvifor det, eigentleg?

«Påtenningen, de bloddryppende kjøttstykkene, flammene, æren i å servere et stykke mørt, akkurat passe grillet biff – det er en jobb for menn», skriv Hans-Erik Dyvik Husby i føreordet til si grillbok «Helvetes god grillmat» (2014). Den tidlegare Turboneger-vokalisten tek sjølvsagt feil – grilling er for alle som har a) lyst til å grille, b) adekvat kunnskap om branntryggleik og c) låg eller kanskje aller helst ingen promille – men det er liten tvil om at han her gjev uttrykk for ei oppfatting som er «normal» i tydinga «vanleg»: Svært mange norske menn (og, latar det til, ein god del norske kvinner) ser på grillen som mannens domene. Viss ein spør kvifor, ser det vanlegaste svaret ut til å vere at sånn er det berre, men dét er det sjølvsagt ikkje. Mannens hegemoni over grillen er opplagt ingen naturtilstand, men må på ein eller annan måte vere kulturelt situert.

Dyvik Husby skriv med få ord og enkle verkemiddel – Blod! Eld! – effektivt fram eit primitivistisk portrett av sjølve ur-mannen, og meir enn hintar om eit årsaksforhold mellom behovet for å leve ut denne ur-mannen i seg sjølv og den moderne mannens psykiske binding til grillen. Mennene jagar mammuten, feller han, ber han heim til hóla, flår og parterer han og steiker kjøtet over bålet. Viss denne ur-mann-hypotesen slår lesaren som i overkant banal, er det sjølvsagt fordi den er dét. Den moderne mannen har jo svært sjeldan sjølv felt eller slakta det sakeslause dyret han legg på grillen, og ville i mange tilfelle truleg dånt viss han måtte gjere det.

Meir relevant er det kanskje når Dyvik Husby trekk inn omgrepet «ære»: Ikkje berre er det, vurdert ut frå eit gamaldags gentlemans-ideal, ærefullt av mannen å påta seg ansvaret for grillinga – omgang med open flamme/gass kan jo potensielt vere farleg – men konsekvensen av at mannen styrer grillen er òg at han får æra for måltidet. Sjølv om det skulle vere husstandens kvinne som lagar salaten, kokar potetene, marinerer kjøtet, pynter bordet etc, er det alltid pater familias med grillspaden i den eine handa og ei kald pils i den andre som tek imot alle komplimenta frå gjestene.

I det biletet eg her manar fram av den norske grillsituasjonen er det to ting som er påfallande: Den første er at våre førestellingar om grilling stadig latar til å vere dominert av tradisjonelle familiestrukturar – ein stereotypi som hyppig vert forsterka gjennom både reklamar for grillmat og matjournalistiske tekstar om grilling. Den andre er at sjølv om det klassiske grillmåltidet finn stad innføre familiens kontekst, er det ofte fleire enn familien sjølv til stades.

Grilling som kulinarisk situasjon har nokså udiskutabelt eit sterkare sosialt element enn fiskekaker kring kjøkkenbordet eller ei brødskive raska med seg i farten på veg mellom skule og fotballtrening. Dette gjev den grillande vert rikeleg høve til å briske seg, noko den moderne mannen som kjent elskar høgare enn alt anna. Når mennene samlar seg kring grillen med kvar si kalde forfrisking, kan verten til dømes skryte av sin nye grill med sine mange avanserte funksjonar, og på grunn av dei implisitte, men komplekse sosiale reglane som gjeld i slike situasjonar, må dei andre mennene undertrykke det faktum at dei er misunnelege, og i staden late som om dei beundrar vertens avanserte grill (og dermed indirekte verten).

Grillmat dominerer den kulinariske diskursen i Noreg i grillsesongen, men norsk grillhistorie er ikkje eigentleg så veldig lang. Ifølgje matforskar Annechen Bahr Bugge ved OsloMet – som i desse dagar er aktuell med boka «Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere – matvaner i Norge fra 1500-tallet til vår tid» – var det Aftenpostens mangeårige matskribent Pus Thaulow som introduserte grilling for eit stort, norsk publikum, då ho omsette den svenske «Grillboken» i 1959. Grillmat vart deretter raskt svært populært, noko Bahr Bugge knytar til den norske entusiasmen for friluftsliv. Påverknaden kom altså – som så mange kulturelle og sosiale fenomen i Noreg i etterkrigstida – frå USA via Sverige. Den amerikanske barbeque-tradisjonen oppstod først som konsekvens av at middelklassa flytta ut i forstadane kor dei fekk hagar og dermed ein stad å grille, men framstår likevel, som norsk grilltradisjon, som utprega folkeleg.

Avgjerande for mannens sterke interesse for og dominerande posisjon i grillkulturen er nok uansett at sjølve matlaginga finn stad utandørs, og ikkje i den tradisjonelt femininiserte sfæren kjøkkenet. At han står ute medan han grillar har i tillegg den fordelen at han kan verte sett, og dermed anerkjent, av andre, noko menn openbert har eit stort behov for, sjølv om det i liten grad er rekna som sosialt akseptabelt menn i mellom å vedgå det. Grilling har dessutan ein dobbel funksjon for mannen, då det på den eine sida framstår som ein «naturleg» og «autentisk» måte å lage mat på, samstundes som stadig meir avanserte grillar gjev han høve til å demonstrere at han er ein moderne mann som beherskar sofistikerte, tekniske innretningar. Sist, men ikkje minst er menn, som Bahr Bugge påpeiker, langt meir opptekne av kjøt enn kva kvinner er, og sjølv om norske matvanar er i endring, føretrekk nordmenn flest stadig kjøt på grillen. Og dermed står han der, den norske grillmannen, breibeint, sjølvmedviten, ein stolt patriark i ein os av tennvæske og steikefett, og forsvarar utan grunn ein av den tradisjonelle mannskulturens siste bastionar.

Mer fra Dagsavisen