Kommentar

Når pengane ikkje kjem…

PERSPEKTIV: Koronaen har stoppa 110 milliardar dollar frå å finne vegen til fattige land.

På venstre side i Folketeaterpassasjen i Oslo – når du går inn frå Storgata – ligg Money Exchange Scandinavia AS. «Send money abroad» står det på fortausskiltet, der det også vert opplyst om spesielle satsar for å sende pengar til Somalia.

Dette beskjedne lokalet midt i byen er eit ledd i ei av verdas verkeleg store pengestraumar: Pengane som går frå familie og slektningar i eitt land til familie og slektningar i eit anna.

Verdsbanken reknar med at dette utgjer 5000 milliardar kroner i året. Det er tre gongar så mykje som all bistand frå landa i OECD, og meir enn alle utanlandsinvesteringar frå næringslivet til låg- og mellominntekstland!

I praksis er dette pengane ei mor i Nepal veit at sonen som arbeider i Qatar sender heim kvar månad, slik at ho får betalt husleiga.

Eller ein bror med jobb i Sør-Afrika som sender pengar til søstera si i Mosambik. Ho bruker pengane til mat, betaler rekningar og kjøper skuleuniformer til borna. Eller pengane ein nordmann med somalisk (eller annan) bakgrunn sender til familie i landet ho har bakgrunnen sin frå.

Covid-19 har påverka denne pengestraumen katastrofalt. 110 færre milliardar dollar finn no vegen til fattige land, ifølgje Verdsbanken. Dette er ein historisk nedgang på 20 prosent. For Afrika sør for Sahara kan talet bli 23 prosent mindre pengeoverføringar.

Det er innvandrarar som sender pengar heim.

I mange land er dei sterkt overrepresentert blant dei som jobbar midlertidig, har dårleg betalt service-arbeid eller er engasjerte i uformell sektor. Når dei mistar jobben som følgje av stenging og pandemi, har dei ingen pengar å sende. Dei er ofte utan rettar og utan tilgang til krisepakkar. Dei er på bar bakke.

Om nokon framleis har inntekt, er det mykje vanskelegare å sende pengar heim. Bankar og selskap som overfører har redusert verksemd.

Postkontor er delvis stengde, og private sende-nettverk er avhengige av at nokon skal kunne krysse nokre grenser.

Covid-19 er ei krise som inga anna. Følgjande av ein pandemi er lammande. Dei gir ikkje rom for val, utvegar eller løysingar. Individets handlingsrom forsvinn. Under finanskrisa i 2008 var det også mange migrantar som mista jobben, men pengeoverføringane heim vart ikkje vesentleg redusert.

Den gongen kunne ein improvisere og ta ein annan jobb. Det var mogleg å reise og finne nye måtar å klare seg på. Nokon flytta attende til heimlandet med sparepengar og starta bedrifter der.

Slik er det ikkje no.

Dei 550 milliardane dollar som vert overført via private er eit veldig interessant tal. Det har auka jamt og trutt utan at det har vakt oppsikt. Litt overraskande, gitt at nokre land er heilt avhengige av dei. I til dømes Nepal og Haiti utgjer pengeoverføringar om lag 30 prosent av bruttonasjonalproduktet.

Dette er private pengar. Frå dotter til far, frå søster til søster. Dei blir ikkje brukt til å byggje vegar og skular. Dei finansierer ikkje institusjonar og infrastruktur.

Men dei vert brukt til å halde fattigdommen unna, noko som er ein stor verdi i seg sjølve. Tre firedelar av overføringane vert brukt for å dekke grunnleggjande behov som mat, bustad og laupande utgifter. Eigedomskjøp og bustadbygging er typiske investeringsobjekt for heimsende pengar.

Det har vore gjort fleire forsøk på å kople desse store private pengestraumane til utviklingsarbeid, slik at dei kan brukast i samfunnsbyggjande arbeid. Både politiske leiarar og utviklingsorganisasjonar har ynskja å kome i inngrep med desse midlane.

Det har ikkje vore særleg vellukka.

Sidan dette er private pengar er det ofte stor skepsis til å involvere styresmaktene i bruken av dei. For nokre er sjølve årsaka til migrasjonen mistillit til eigne styresmakter. For andre er årsaka heilt personleg, som til dømes ein ung manns ynskje om å arbeide i utlandet for å kunne sende pengar til mor og dermed betre hennar plass i samfunnet.

Eit stort problem både for sendar og mottakar av pengar, er at det er dyrt. Gebyra er høge. Gjennomsnittet på verdsbasis er 6,3 prosent, mens dei i nokre område kan vere på rundt tjue prosent. Det gjeld til dømes mellom dei afrikanske landa. Nokre land har laga digitale plattformar for å hjelpe migrantar finne den beste og billigaste måten å overføre til sitt land.

I Noreg ligg dette i Finansportalen.

Å få redusert gebyra for migrantar sine pengetransaksjonar er ein del av berekraftsmåla. Under målet om å bidra til mindre ulikskap er det ei forplikting om at landa innan 2030 skal få gebyra ned til tre prosent. Dette er eitt av dei mest konkrete berekraftsmåla; 10c, faktisk.

Tre prosent ville monne. Ein reduksjon av gebyra til tre prosent ville frigjort fem norske bistandsbudsjett i året. Eg seier det igjen: fem norske bistandsbudsjett i året.

Vi veit ikkje kva som ligg på andre sida av covid-19, men at ei slik krise kan føre til nye løysingar på problem er ikkje utenkjeleg. Betre digital overføring av pengar frå migrantar kan vere ein effekt. Større press på å få ned gebyra kan vere ein annan. Det bør skje.

Det viktigaste no er at pengane byrjar å kome igjen.

Mer fra Dagsavisen