Kommentar

Motviljens triumf?

Vår tids store idrettsarrangement er verken økonomisk berekraftige eller moralsk forsvarlege.

Førre fredag skulle dei 32. olympiske sommarleikane byrja i Tokyo.

Under tradisjonell pomp og prakt skulle den olympiske elden tennast på Japans nye nasjonalstadion, medan deltakarar frå meir enn 200 ulike land stolt marsjerte inn bak sine respektive flagg, klare for to vekers intens, men venskapeleg kappestrid.

Slik gjekk det ikkje. På grunn av koronapandemien er Tokyo-OL 2020 inntil vidare utsett til sommaren 2021.

Les også: Sagosen om et eventuelt OL-gull: – Det kommer til å henge absolutt høyest

I mangel på dagsaktuelle idrettsprestasjonar å vise til valde difor Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) å leggje ut ein serie korte videosnuttar frå tidlegare olympiske leikar via mikrobloggtenesta twitter.

Ein av videoane inneheldt eit klipp frå filmen Olympia, regissert av Leni Riefenstahl, ein sentral aktør i Hitlers propagandamaskin. Klippet synte tenninga av elden på Olympiastadion i Berlin under leikane i 1936. At IOC delte nazipropaganda førte sjølvsagt til skarpe reaksjonar.

Holocaust-minnesenteret i Auschwitz var mellom dei som kritiserte videoen.

No var det neppe komitéens hensikt å omfamne nazismen som ideologi, men dei såg seg likevel etter kvart nøydde til å slette videoen og «beklage til dei som følte seg fornærma» av innhaldet.

Episoden er i seg sjølv ein bagatell og fortel kanskje mest om korleis sosiale medier fungerer, men han inviterer samstundes til å gjere seg nokon refleksjonar om idrettens rolle i samfunnet før og no.

Det nazistiske OL i 1936 er stadig det mest berømte og berykta eksempelet på misbruk av idrett til propagandaføremål. Men sanninga er at idretten aldri har vore apolitisk, og slett ikkje er det i dag.

Allereie den moderne olympiadens far, franske Baron de Coubertin, meinte at idrett generelt og OL spesielt kunne vere ein pådrivar for det unekteleg politiske konseptet «fred».

Men fred for kven?

Les også: OL-topp om Tokyo-lekene: Utvikling av vaksine vil bli avgjørende

Den sjølvpostulert fredselskande baronen var ein ivrig støttespelar for det franske koloniveldet, som innebar tidvis svært lite fredeleg undertrykking av millionar av menneske.

Coubertin er òg kjent for å ha formulert det olympiske idealet om at det viktigaste ikkje er å vinne, men å delta. Samstundes hadde han heilt klare meiningar om kven som ikkje burde få delta, i tilfelle dei skulle vinne. I 1913 åtvara han om at «ein idrettstriumf (…) for den dominerte rasen over den dominerande ville kunne oppmuntre til opprør».

Det let seg sjølvsagt ikkje dokumentere at OL har ført til fred, verken i Baron de Coubertins tid eller seinare, men i 1935 vart han ikkje desto mindre nominert til Nobels fredspris.

Kven som nominerte han? Adolf Hitlers Tyskland.

Arrangørane av dagens store, globale idrettsarrangement – i første rekke OL og fotball-VM – strør gladeleg om seg med uforpliktande honnørord i god, coubertinsk ånd. Desse «folkefestane» vert hevda å skulle bidra til internasjonal forståing og forbrødring.

Det hender at dette stemmer – fotball-VM i Tyskland i 2006 var så vellukka at journalisten og forfattaren Simon Kuper kalla turneringa «den endelege avsluttinga av den andre verdskrigen». Men som oftast framstår mange aspekt ved desse mega-arrangementa som fjernt frå – og tidvis i direkte strid med – dei verdiar og ideal idretten sjølv hevdar å representere.

Det er godt dokumentert at søknadsprosessane for å få arrangere både OL og VM ved fleire tilfelle har vore prega av verkemiddelet «korrupsjon». Både IOC og Det internasjonale fotballforbundet (FIFA) framstår som guteklubbar utan moralsk legitimitet.

Arrangementa overskrid så godt som alltid sine eigne økonomiske rammer.

Dette har delvis å gjere med at dei i nyare tid har vorte stadig større og meir uhandterlege, men har lange tradisjonar. Den olympiske rekorden i budsjettsprekk skriv seg frå OL i Montreal i 1976, som vart 720 prosent (!) dyrare enn opphavleg planlagt.

Dei fleste arrangørbyar og -land opplever å måtte byggje kostbare anlegg dei strengt tatt ikkje har bruk for etter at OL eller VM er over, noko som fører til gigantiske vedlikehaldsetterslep.

Sjølve gjennomføringa er prega av ei tåketung framandgjering. Ser du ein VM-kamp på stadion, eller i ein av dei offisielle fan-sonene arrangørane opprettar i vertsnasjonens byar, er du ikkje lenger i Brasil, Russland eller for den del Qatar – du er i FIFAland, ein besynderleg stat i staten kor den rådande politiske ideologien er ei form for totalitær kommersialisme, kor alt vert styrt av sponsorar og lisensierte leverandørar.

Les også: Nå tenker eldstebror Ingebrigtsen på OL-medalje

Ser du VM på TV er alle stadionane til forveksling like. Dei kunne vore kor som helst.

I 1936 eksisterte ikkje uttrykket «sportsvasking» – å blankpusse eit autoritært samfunns moralske fasade ved hjelp av idrett. Ikkje desto mindre var det nettopp det dei nazistiske arrangørane av Berlin-OL freista å gjere.

I dag ser vi det same. Kina arrangerte sommar-OL i 2008 og skal arrangere vinter-OL i 2022. Russland arrangerte vinter-OL i 2014 og fotball-VM i 2018. Qatar skal arrangere fotball-VM i 2022 og kunngjorde denne veka at dei ynskjar å søke om å arrangere sommar-OL i 2032. Særleg sistnemnte har fått krass kritikk for dei umenneskelege forholda framandarbeidarane som byggjer VM-anlegga lever under, men dårleg behandling av bygningsarbeidarar er også dokumentert hjå fleire andre arrangørar av globale idrettsarrangement.

Alt dette medverkar til å gjere mange av oss som er glade i idrett livstrøytte og likesæle. Apatien og mismotet rår. Vi ser med med avsky på utviklinga, men kva kan vi gjere? Er det mogleg å endre dei destruktive strukturane som styrar idretten? Vi veit ikkje, men inntil vidare klamrar vi oss til håpet om motviljens triumf.

Mer fra Dagsavisen