Kommentar

Mørke midt på dagen

Samtalen om rasisme er i altfor stor grad prega av tåkelegging heller enn opplysing. Sånn kan vi faktisk ikkje ha det lenger.

Fredag kveld publiserte stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen (FrP) eit harmdirrande innlegg på facebook kor han tok til orde for å fjerne NRK frå statsbudsjettet. Den tidlegare justisministeren var i harnisk fordi Dagsrevyen hadde synt eit innslag om ein norsk-somalisk familie på Elverum som over lengre tid hadde opplevd grov rasisme.

«Nok en gang forteller NRK om rasisme mot personer med mørk hud», skreiv Amundsen, gram i hu.

«Ofte anekdoter og påstander som aldri ettergås. Null journalistisk integritet.» Vidare gjekk han svært langt i å antyde at NRK systematisk underslår «rasismen som unge etniske nordmenn utsettes for. Daglig.» Her er det mildt sagt ein del å ta tak i.

For det første er Amundsens påstandar i seg sjølv anekdotiske og vanskelege å ettergå.

Les også: Helgheim: – Systematisk rasisme skjer ikke

For det andre kunne NRK vise til dokumentasjon av aggressiv og trugande åtferd. Familien fortel om alvorleg trakassering med innslag av fysisk vald. Saka vert etterforska av politiet, og ein av dei involverte vart allereie i 2018 dømt til fengsel for hatefulle ytringar mot familien.

For det tredje og klart mest alvorleg: Ein norsk folkevald og tidlegare statsråd er faktisk seriøst fortørna over at Dagsrevyen omtalar rasisme.

Han synst det er så alvorleg at han vil «defunde» NRK.

Her er det faktisk vanskeleg å forstå representanten Amundsen på nokon annan måte enn at han meiner at rasismen bør få friare spelerom (med mindre han er retta mot «etniske nordmenn»).

Harstadværingens helgeutspel er berre det mest hårreisande eksempelet på ein traurig trend i tida.

Ei urovekkande utvikling kor debatten om rasisme aktivt og medvite vert forvridd. Ein ny, anti-antirasistisk diskurs kor det vert framstilt som om problemet med rasisme ikkje er rasismen i seg sjølv, men at menneske som opplever rasisme påpeiker at rasismen eksisterer og freistar å bekjempe han.

I juni skreiv to av Amundsens partikollegaer, leiar Siv Jensen og innvandringspolitisk talsmann Jon Helgheim, ein kronikk kor dei postulerte at «vi må bekjempe all rasisme, ikke kalle alt for rasisme».

Jaha?

Les også: Rasisme tar ikke ferie

«Poenget» i kronikken er at å overdrive rasismens alvor eller omfang vil kunne svekke antirasismens slagkraft fordi «folk» ikkje «kjenner seg igjen i problemene som beskrives».

Men at «alt er rasisme» er trass alt eit svært marginalt synspunkt, og viss du ikkje kjenner deg att i «problemene som beskrives» er det kanskje fordi du aldri har følt dei på kroppen sjølv?

Jensen og Helgheim stiller opp ein stråmann og skyt han med kanon, og framstår dermed som lite truverdige når dei hevdar at dei vil bekjempe «all rasisme».

Tendensen til å framstå som moralsk foruretta – ikkje på grunn av rasismens eksistens, men på grunn av antirasismens uttrykksformer – vert tidvis ufrivillig komisk. I helga hadde sosiolog og samfunnsdebattant Kjetil Rolness ein rørande hjelpelaus, «satirisk» tekst på trykk i Aftenposten kor han hevda at «jeg er ikke hvit – jeg er pigmentmoderat» og meinte seg utsett for «systemisk antirasisme».

Her ser vi kor gale det kan gå når Rolness freistar å vere LOLness.

Forfattar Kai Skagen skreiv i Dag og Tid om «den store antirasistiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land». Skagen er djupt uroa over at «ideologane i den nye antirasistiske rørsla vil at vi skal snakke meir om rase og hudfarge».

Han synst ikkje noko om at «majoriteten i vestlege land» skal vekkjast opp til å «skjøne at vi i eigenskap av å vere ‘kvite’ er rasistiske undertrykkjarar» så lenge vi «på det medvitne planet er motstandarar av biologisk fundert rasisme og all slags diskriminering». Ok.

Kvar på sitt vis er Rolness og Skagen majoritetsrepresentantar som venlegast skal ha seg frabedt å få påpeikt at dei representerer ein majoritet.

Men gutar – newsflash! – de er faktisk kvite, å vere kvit er stadig ein fordel i dagens samfunn, det er det som er poenget her og det må de faktisk ta inn over dykk.

Les også: Fikk beskjed om å gå ut av køen fordi det var for mange innvandrere inne (+)

Eg, ein kvit mann, dreg ikkje berre fordel av å vere kvit kvar gong eg ikkje vert stoppa i tollen eller av politiet.

Eg dreg til og med fordel av det når eg skriv om rasisme. Eg veit at eg vil få både meir ros og mindre hets for denne teksten enn ein person med minoritetsbakgrunn ville fått viss hen skreiv det same.

Somme vil kanskje av den grunn meine at eg burde avstå frå å skrive om rasisme i det heile. Det er eg i så fall ueinig i. «Det er din tur nå», skreiv Camara Joof, ei av dei aller skarpaste og klokaste røystene når det gjeld rasisme i Noreg. «Rasisme (har) egentlig ikke noe med meg å gjøre», heldt ho fram.

Det er eit godt poeng. Rasisme har med rasistane å gjere, det har med dei som ikkje vågar, orkar eller gidd å ta kampen mot rasisme å gjere, og det har ikkje minst med dei som freistar å tåkeleggje samtalen om rasisme å gjere. Vi må snakke meir om rasisme. Men vi kan ikkje halde fram med å gjere det på rasismens premiss.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.

Mer fra Dagsavisen