Kommentar

Kind of Green

Miles Davis spelte inn verdas viktigaste jazzplate på to dagar. Tek det norske næringslivet utfordringa med ein tilsvarande rask omstilling?

Kva har Miles Davis’ legendariske album, Kind of Blue, til felles med omstillinga til eit grønt nullutsleppssamfunn? For ein musikkentusiast som meg er det ein hel del.

Med sitt dyktige band klarte Davis å spele inn verdas viktigaste jazzplate på berre to dagar. Tek det norske næringslivet utfordringa med ein tilsvarande rask omstilling? I så fall kan vi skape historie!

Akkurat som eit godt jazzalbum, vil eit grønt og framtidsretta næringsliv kunne stå seg over tid. Saman med tydeleg og sterk næringspolitisk satsing vil det skape verdiar og trygge arbeidsplassar. Det vil heller aldri gå av moten, og vil kunne nytast av mange generasjonar etter oss.

Denne veka brakar det laus i industribyen Kongsberg når ein av Noregs største jazzfestivalar går av stabelen. Tradisjonen tro, samlast nokre av landets fremste næringsaktørar på Kongsbergjazzen.

Berekraftige forretningsmodellar og strategiar står på dagsordenen imedan både blå og grøne tonar teiknar ei musikalsk ramme rundt det heile.

Nær alle bedriftene som vil samlast i Kongsberg har omfamna «det grøne» gjennom sine kommunikasjonsstrategiar. Men det gjeld å omsetja ord til handling. For det held ikkje berre å prata.

Berekraft må vere synleg, ikkje berre som mål og kommunikasjon, men som strategiske val og faktiske resultat. Her held det ikkje med berre eit hint av grønt. Vi treng heilgrøne satsingar.

Tidlegare denne veka kunne vi lesa i Dagens Næringsliv at imedan 80 % av norske bedrifter seiar at dei er opptatt av berekraft, så er det i realiteten berre ein tredel som faktisk har gjort noko konkret med det. FNs naturpanel, IPBES som er litlesystera til FNs klimapanel IPCC, teiknar eit dramatisk bilete av korleis naturen lid på vår vakt. Fleire artar er trua med å utrydjast no enn nokon sinne i menneskets historie. Dette er tema for verdas viktigaste konferanse om naturmangfald, som i skrivande stund finn stad i Trondheim. Sjølv har eg nett reist frå Trondheim til Kongsberg. To industrimetropolar bunden av ei felles historie. Bodskapet eg tek med meg er at naturen må inn i alle forretningsstrategiar. Dette krev strukturelle endringar der naturrisiko er teke høgd for.

Norsk næringsliv kan gå føre som døme for resten av verda. Men slik det ser ut i dag er det stort sprik mellom dei som berre snakkar og dei som faktisk handlar grønt. Difor er dette noko av bodskapet mitt under opninga av Kongsberg Jazzfestival denne veka.

Jazzlegenda Davis gav sine bandmedlemar beskjed svært kort tid før opptaka starta. Sjølv hadde han berre få idear med brotstykke av melodiar som måtte med i albumet. Likevel ble heile opptaket vellykka på fyrste forsøk – med unntak av ein låt som måtte spilles inn i fleire omgangar.

På same vis vil Noreg, med leiande industri, teknologi og kompetanse kunne stå for verdas viktigaste og raskaste omstilling. At det er mogleg har vi sett før.

1805 markerte undergangen for Kongsberg Sølvverk. Eit storslått gruveeventyr gjekk konkurs. Av rundt fire tusen arbeidarar stod berre femti igjen i nøddrift av staten. Men kloke hovud lokalt og nasjonalt visste betre enn å gje opp. Frå oska av Kongsberg Sølvverk stod Kongsbergindustrien opp igjen, med dagens milliardomsetning i Kongsberg Gruppen som døme på at storskala omstilling er mogleg.

Norge kan ikkje pumpe opp meir olje samstundes som måla skjerpast. Det vil berre utsetje omstillinga og syrgje for at vi havnar bakpå i det grøne skiftet globalt. Nye mål må difor følgjast opp av ny politikk.

Førre veke sa Ola Elvestuen at Noreg må kutta 90-95 prosent av våre eigne klimagassutslepp innan 2050. Dette var søt musikk i mine øyre, og er absolutt eit Miles Davis-album verdig. I sin kommentar til Ola Elvestuens planar om utslippskutt sa Erna Solberg at vi ikkje veit korleis verda vil sjå ut om 30 år.

Erna Solberg har rett, vi veit ikkje korleis verden vil sjå ut om 30 år. Kva for teknologiar vi har tilgang til og kor alle dei grøne, nye jobbane vil skapast er førebels ute i det blå. Men vi kjenner målet; eit Noreg utan utslepp.

Og husk - verdas viktigaste jazzalbum vart skapt nett slik: gjennom at dyktige musikarar spela vidare på lause idear, og tankar om korleis sluttresultatet skulle bli. Med mål om eit album. På same vis kan norsk næringsliv og politikarar, med litt øving, prøving og feiling, skape eit nytt meisterverk. Kall det gjerne, Kind of Green.

Mer fra Dagsavisen