Kommentar

Kampen mot hatet

Vi har alle eit ansvar for å påpeike at rasistiske ytringar faktisk er rasistiske.

«Jeg er rasist!», kunngjorde den eldre, velkledde stavangerfrua. Ho hadde nettopp jaga to unge jenter ut av gullsmedforretningen sin. Jentene hadde berre spurt om lov til å henge opp ein plakat som opplyste om ein motdemonstrasjon mot den rasistiske foreininga Folkebevegelsen mot innvandring og deira leiar Arne Myrdal, som skulle halde tale på byens torg, men dét ville frua slett ikkje ha noko av. «Vi nordmenn er best!» freste ho og gjekk inn att i gullsmedforretninga.

Dette bisarre intermessoet vart eg tilfeldig augevitne til ei gong på byrjinga av 90-talet, og når eg framleis hugsar det nær 30 år seinare, er det fordi det stadig er den einaste gongen i livet eg har stått andlet til andlet med ein person som ope og utan blygsel vedgjekk å vere rasist. Uansett kor rasistiske meiningar folk måtte ha, identifiserer dei seg så godt som aldri sjølv som rasistar. Dette er på sett og vis forståeleg. Rasisme er, i teorien, noko som i moderne samfunn utdefinerer deg frå moralfellesskapet, og som ikkje kan korrigerast ved andre eigenskapar ved din person. Det hjelper ikkje om du er glad i borna dine, snill med dyra eller brenn for vern av elver og vassdrag: Er du rasist, er du per definisjon eit dårleg menneske, ingen om, men eller viss.

Likevel lever rasismen i beste – eg meiner verste – velgåande. Førre veke gjekk USAs president, Donald Trump, knallhardt ut mot fire kvinnelege kongressmedlemmer med minoritetsbakgrunn og bad dei reise «tilbake» til dei «kriminalitetsinfiserte» landa dei «kjem frå» (tre av dei fire er født i USA, medan den fjerde kom til landet som barn). Trump skreiv seinare på Twitter at han meinte dei fire kongresskvinnene var «ute av stand til å elske landet vårt». Men den sjølvsame presidenten hevda òg at han «ikkje har eitt rasistisk bein i kroppen». «Du har rett, herr president», repliserte Alexandria Ocasio-Cortez, ei av dei fire kvinnene Trump hadde angripe: «Du har ikkje eitt rasistisk bein i kroppen. Du har ei rasistisk haldning i hovudet, og eit rasistisk hjarte i bringa.»

President Trump er eit svært opplagt døme på ein rasist som fornektar sin eigen rasisme, og ytringane hans verkar sjølvsagt ekstra sterkt i kraft av det embetet han har. Men det er ikkje naudvendig å ta turen over dammen for å finne ytringar som snur all fornuft på hovudet i rasisme-relaterte spørsmål. Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen tok nyleg til orde for at den straffedømte britiske rasisten Tommy Robinson burde innvilgast asyl i Noreg, ettersom han ifølgje Amundsen er «politisk forfulgt» i heimlandet. At ein stortingsrepresentant for det «innvandringsrestriktive» partiet FrP tek til orde for å invitere ein kriminell utlending til landet er naturlegvis temmeleg oppsiktsvekkjande i seg sjølv, men vert ekstra påfallande når vi kjenner Amundsens ytrings-CV: I april 2011 skreiv han på facebook at han «frykter et nytt korstog blir nødvendig». No tek han til orde for at Noreg skal ynskje ein islamofob høgreekstremist velkomen. Er det naudvendig å minne representanten Amundsen om kva illgjerningar ein annan islamofob høgreekstremist utførte i dette landet nokre månader etter korstog-utspelet hans?

I går skreiv Dagsavisen om Utøya-overlevande Gaute Børstad Skjervø, som var 16 år gamal då terroråtaket fann stad, og i dag er sentralstyremedlem i AUF. Børstad Skjervø meiner at det er «mer hat, hets, åpenbar rasisme» i samfunnet i dag enn i 2011, og gjev media noko av ansvaret. «Pressen, som jobber med ord hver dag, mangler forståelse for hva ord betyr», seier han. Dét er ord vi bør ta på alvor. Media bør sjølvsagt ikkje slengje ut rasismeskuldingar i tide og utide, men har som alle andre eit ansvar for kalle rasistiske ytringar for det dei faktisk er. Når det vekkjer oppsikt at Dagbladet på leiarplass påpeiker eit så openbert faktum som at Donald Trump er rasist, er det eit teikn på at vi ikkje har vore flinke nok til dette.

Berstad Skjervø meiner at «det er som om rasisme og antirasisme er to sider av samme sak, der den ene ikke er bedre enn den andre», når norske aviser skriver om høyreekstremisme. Men, påpeiker han vidare, «det er forskjell på å kjempe for alles rett til et verdig og trygt liv, og på å stemple og utsette andre grupper for hat». Dét har han sjølvsagt rett i. Berøringsangst og falsk ekvivalens er ikkje til gagn for nokon, bortsett frå dei som ynskjer å bruke språket til å skape fiendskap og splid.

Den som freistar å konfrontere folk som ytrar seg rasistisk med innhaldet i ytringane deira, vert møtt av dei underlegaste semantiske krumspring, som påstandar om at ein «drar rasistkortet», representerer eit «krenkingstyranni» eller – viss den rasistiske ytringa spesifikt er retta mot mot muslimar – den gamle klassikaren «islam er ikkje ein rase». Men dette er vranglære. Samfunnsproblemet rasisme består av alle dei rasistiske ytringane folk – frå presidenten i USA via ein av Framstegspartiets etter kvart tallause tidlegare justisministerar til den vanlege mannen i gata og i ymse kommentarfelt – sett fram kvar dag, og dette problemet må bekjempast med alle verkemiddel tilgjengelege i eit demokrati. Viss du ytrar deg rasistisk, må du akseptere at det vert påpeikt at ytringane dine er rasisiske. Og viss du ytrar deg rasistisk gjentatte gonger over tid, må du tóle at det kan oppstå mistanke om at du, vel, er rasist.

Mer fra Dagsavisen