Hundre dagar til dommedag?

I november er det presidentval i USA. Kor gale kan det gå?

Tidlegare denne månaden vekte Mary Trump, niesa til president Donald Trump, stor oppsikt med boka «Too Much and Never Enough: How My Family Created the World’s Most Dangerous Man». Boka er eit frontalangrep på onkelen som forretningsmann, politikar og menneske, og selde meir enn ein million eksemplar berre på utgjevingsdagen.

Éin passasje som fekk særskilt mange til å sperre opp auga, var der ho hevdar at viss Trump vert attvald som president, vil det vere «slutten for demokratiet i Amerika».

Denne påstanden er sjølvsagt både alarmistisk og motivert av Mary Trump sitt ynskje om å selje mange bøker.

Les også: Fox-måling viser at Biden styrker ledelsen over Trump

Det amerikanske demokratiet står og fell ikkje med éin enkelt person, uansett kor arrogant, sjølvopptatt, kunnskapslaus og regelrett ondskapsfull presidenten måtte vere.

Dessutan er det for augneblinken ikkje så mykje som tyder på at han faktisk vert attvald. Den demokratiske utfordraren Joe Biden har ei solid leiing på dei fleste meiningsmålingar.

Rett nok skal det seiast at motkandidaten hans i 2016, Hillary Clinton, òg leia klart på det same tidspunktet i valkampen for fire år sidan. Mange observatørar var heilt fram til valdagen skråsikre på at Clinton ville vinne, men undervurderte dei lumske straumdraga i folkedjupet.

Ein viktig forskjell på 2020 og 2016 er at det i dag er langt færre veljarar som anten er usikre eller som vil stemme på ein eventuell uavhengig kandidat.

Mange titals millionar amerikanarar kjem til å stemme på Trump, men endå fleire latar til å ha bestemt seg for at han må vekk.

Den viktigaste grunnen til dette er sjølvsagt at Trump i åra som har gått sidan han vart vald har bevist ettertrykkeleg at han er ein udugeleg president. Presidentskapet hans har vore ein farse frå første stund.

Donald Trump har ingen respekt verken for sitt eige embete, dei demokratiske institusjonane, rettsstaten eller folket han er vald til å leie.

I tillegg har han ein beklageleg tendens til å ta i bruk det retoriske verkemiddelet «løgn».

Les også: Derfor er Bidens ledelse tryggere enn den Clinton hadde i 2016 (+)

Washington Post har ein løpande oversikt som viser at presidenten har lóge offentleg meir enn 20 000 gonger(!) sidan han flytta inn i Det kvite huset.

Det ville sjølv under normale omstende vere svært enkelt å skjøne at mange går lei av ein slik president. Men no er omstenda alt anna enn normale. Presidenten har fått tre ulike – men iallfall delvis innbyrdes relaterte – kriser i fanget, og han har handtert samtlege katastrofalt dårleg.

Koronapandemien har råka USA hardt – landet har over fire millionar bekrefta smittetilfelle og meir enn 146 000 dødsfall. Dette har sjølvsagt òg store, negative konsekvensar for landets økonomi. Meiningsmålingar viser at eit klart fleirtal av innbyggjarane meiner at presidentens handtering av dette problemkomplekset har vore «til større skade enn gagn» for landet.

Presidenten har heile tida opptrått både uklart og nedlatande, og synt ein total mangel på både vilje og evne til leiarskap i ein krisesituasjon. Det er forstemmande, men ikkje overraskande.

Men pandemien går – før eller sidan – over.

Trumps trumfkort i valkampen er at ganske mange veljarar faktisk har tru på at han kan få økonomien på rett kjøl igjen.

Den alvorlegaste krisa – iallfall på sikt – er difor kanskje den sosiale uroa og demonstrasjonane i kjølvatnet av politidrapet på George Floyd i mai. Dette er ein konflikt som går langt ut over dagsaktuelle politiske problemstillingar. Det handlar om kva slags samfunn USA skal vere.

Og presidenten har gitt sitt bekmørke svar: Black Lives Don’t Matter for Donald Trump.

Rasisme – både på individuelt og systemisk nivå – eksisterte sjølvsagt i USA før Trump vart president, og vil heller ikkje forsvinne den dagen han er ute av Det ovale kontoret. Men presidenten har gjort sitt yttarste for å polarisere frontane, skjerpe mistilliten, djupne splittinga i samfunnet.

Nyleg sette han inn føderale styrkar mot demonstrantar i Portland, Oregon, og har truga med å gjere det same i andre byar. Styrkane i Portland var ikkje trent i å handtere store menneskemengder, og det var tydeleg i kaoset som følgte. Når presidentens menn utøver grov og vilkårleg vald mot sivilbefolkinga minnar det ikkje mykje om ein fungerande, demokratisk rettsstat.

Grepet med å sette inn dei føderale styrkane har vekt sterke reaksjonar frå mange hald, men Trump står på sitt. Slik syner han sitt autoritære sinnelag.

Presidenten i USA er ein mann som ikkje forstår noko anna språk enn rå makt.

Les også: Frykt for at Trumps maktbruk kan føre til konstitusjonell krise i USA

Mary Trumps dystre profeti om det amerikanske demokratiets undergang kom brått i eit nytt, skarpt ljos då Fox News spurte presidenten om kor vidt han ville respektere valresultatet og han svarte «det må eg sjå på».

Hæ? Heile føresetnaden for det politiske systemet vi kallar demokrati er at aktørane respekterer resultatet av val. Men verdas mektigaste mann må altså «sjå på» om han vil gjere det.

No har sjølvsagt USA lovar og reglar som skal hindre at noko slikt kan skje, men at den sitjande presidenten i det heile tatt antydar at han vil vurdere å nekte å gå av ved eit valnederlag er både hårreisande og skrekkinnjagande.

Det ligg an til hundre dramatiske dagar for demokratiet i Amerika.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.