Kommentar

Fredens pris

Denne veka døydde Nord-Irlands fredsprisvinnar John Hume. Eit 45 år gamalt trippeldrap kan kaste ljos over den irske konflikten.

Natt til 31. juli 1975 var fem av dei seks medlemmene i The Miami Showband på veg heim til Dublin etter ein konsert i Banbridge, Nord-Irland.

Dei færraste nordmenn vil ha høyrt om bandet, men dei var på denne tida den største konsertattraksjonen på den grøne øya, hadde entusiastiske tilhengjarar i dei irske emigrantmiljøa i både Storbritannia og USA og vart tidvis omtalt som «Irlands Beatles».

I pakt med den særeigne irske showband-tradisjonen framførte dei coverversjonar av samtidige hits, standarar frå dansemusikkrepertoaret samt enkelte sjølvkomponerte låtar.

Trass i «The Troubles» – samlenamnet for den bitre, sekteriske og ekstremt valdelege konflikten som hadde herja på øya sidan slutten av 1960-talet, hadde bandet medlemmer både frå Republikken Irland og Nord-Irland – fire var katolikkar, to protestantar. «Når folk kom til konsertane våre, la dei att religionen ved døra», sa bassisten Stephen Travers. The Miami Showband representerte gleda og håpet i ein vanskeleg kvardag for folk på begge sider av grensa.

Men tre av bandmedlemmene skulle aldri få oppleve å krysse grensa igjen.

Utanfor landsbyen Buskhill vart bandets Volkswagen-minibuss stoppa ved ein militær kontrollpost. Det var ei ergerleg forseinking for fem slitne musikantar som helst ville heim og sove, men trass alt heilt vanleg i Nord-Irland på denne tida. Trompetist og sjåfør Brian McCoy ante om ikkje akkurat fred, så iallfall ingen fare då han rulla ned vindauget og synte fram førarkortet sitt.

Det var om lag ti væpna menn ved kontrollposten, alle iført uniformene til Ulster Defence Regiment, ei nord-irsk underavdeling av den britiske hæren. Bandmedlemmene vart overraska då dei vart kommandert til å forlate minibussen, leggje hendene på hovudet og vende andleta ut mot nattemørket, men gjorde som dei fekk beskjed om. Då to av dei uniformerte mennene byrja å romstere i bagasjerommet ante dei rett nok uråd, men først og fremst fordi dei var bekymra for skadar på instrumenta som låg der bak.

Men langt større farar truga.

Framleis visste dei ingenting om det, men sanninga var at dei var utpeikt som offer for eit grotesk og intrikat komplott.

Minst fire av mennene ved kontrollposten var medlemmer av Ulster Volunteer Force – ei paramilitær, lojalistisk gruppe som stod bak eit utal terrorhandlingar under «The Troubles».

Planen deira var å plassere ei tidsinnstilt bombe i bandbussen.

Dette skulle tene ei dobbel hensikt: For det første ville ein kvitte seg med eit band som var populært mellom vanlege folk på alle sider av konflikten og som såleis målbar ein brysam bodskap om fred og forsoning. For det andre kunne ein i etterkant framstille det apolitiske og anti-sekteriske bandet som republikanske terroristsympatisørar som hadde freista å frakte sprengstoff over grensa.

Planen slo feil. Bomba sprengte ved kontrollposten og drap umiddelbart dei to mennene som jobba med å plassere henne. Trykket frå eksplosjonen slengte dei fem bandmedlemmene ut i grøfta.

I kaoset som oppstod opna dei uniformerte mannskapane ved kontrollpunktet eld mot bandmedlemmene.

Brian McCoy, gitarist Tony Geraghty og vokalist, keyboardist og frontfigur Fran O’Toole vart alle myrda i kaldt blod. Stephen Travers, som var hardt såra, overlevde ved å spele død. Saksofonist Des McAlea klarte på mirakuløst vis å unnsleppe og varsla det lokale politiet.

45 år seinare er det stadig ingen som veit heilt sikkert kven som stod bak det som har fått namnet Miami Showband-massakren, og sjølv om talrike teoriar florerer får vi neppe nokon gong vite det heller.

Tre menn vart stilt for retten for å ha delteke i blodbadet. Ein av dei tilstod, dei to andre nekta straffskuld.

Alle tre vart dømt til livsvarig fengsel, men vart lauslatne i 1998 som konsekvens av Langfredagsavtalen, prinsippavtalen mellom Irland og Storbritannia som markerer sluttpunktet for «The Troubles».

Måndag denne veka døydde John Hume, den nord-irske sosialdemokraten som var ein av arkitektane bak fredsprosessen som førte fram til Langfredagsavtalen, og som same år som avtalen vart inngått mottok Nobels fredspris saman med sin konservative kollega David Trimble.

Det var ei påminning om at fred ikkje er eit konsept ein kan ta for gitt, men noko som må arbeidast for kontinuerleg.

Den skrekkinnjagande og destabiliserande valden folk på begge sider av den irske grensa gjennomlevde frå 1960- til 90-talet er ei kollektiv erfaring som må formidlast til nye generasjonar for å hindre at noko liknande skal kunne gjenta seg.

Dei siste tjue åra har folk kunna reise fritt mellom den britiske og den irske delen av øya Irland utan å måtte bekymre seg for verken militære kontrollpostar eller ordinære grensepostar.

Men utfallet av Brexit er stadig usikkert og gjer det mogleg å atter førestelle seg ei «hard» grense over irsk jord, noko som vil vekke vonde minne for mange.

For augneblinken er det liten grunn til å tru at konflikten vil blusse opp igjen, likevel er det viktig å vere årvaken for sekteriske tendensar i samfunnet. For oss som er så heldige at vi aldri har vore nøydde til å ta personleg stilling til ein århundrelang politisk, religiøs og territorial strid er det vanskeleg å ta inn over seg kor uforsonlege kjenslene kan vere.

Anten det no var tilsikta eller ikkje, bidrog The Miami Showband til å fjerne stengsla som skilte folk frå kvarandre.

For dét måtte tre av dei bøte med livet. Den tragiske hendinga ved Buskhill den natta er berre ein av tallause skrekkepisodar vanlege folk på alle sider av konflikten måtte oppleve gjennom lange, mørke år. Men bandets appell på tvers av urgamle skillelinjer er samstundes ei påminning om at det alltid finst motkrefter til hatet.

Mer fra Dagsavisen