Eit miljøpolitisk lågmål

Statsminister Erna Solberg vil ha oss til å nedprioritere natur- og miljøomsyn.

Klimagassutsleppa aukar framleis. Vi taper stadig meir natur. Og no vil Erna Solberg ha oss til å nedprioritere natur- og miljøomsyn endå meir i lokale utbyggingssaker. Det er rett og slett utruleg.

Førre veke hende det to ting nesten samstundes. FNs klimapanel stadfesta klart at måten vi menneske misbrukar landareal på er eit stort miljøproblem. Men endrar vi praksis er faktisk naturen vår ein stor del av løysingen på klimaproblema. Det andre som hende var at statsministeren, berre dagar før Klimapanelet sin rapport vart presentert, gjekk ut med ein oppsiktsvekkande beskjed til dei statlege organa og byråkratar som er sette til å hindre alvorlege naturinngrep i kontroversielle utbyggingssaker. Beskjeden var: Ikkje lag så mykje bråk. Sei meir ja.

Snakk om røyndomsfjernt utspel. Valkampen er openbert i gong og her skal ein skåre billege poeng ved å sette kommunar og miljøinteresser opp mot kvarandre.

Systemet som vart svekka

Stortinget har i ei rekke vedtak bestemt at vi skal sette naturen først. Det er vedteke at vi skal verne ti prosent av skogen og kartlegge gammalskog. Det er vedteke at 15 prosent av øydelagt natur skal restaurerast innan 2025, myr og vassdrag skal vernast for å redde dei mest truga artane våre.

Statlege instansar som Fylkesmannen, Miljødirektoratet og andre jobbar med å nå dei måla og sikre at reglene ikkje brytast. Til dømes når artsrik skog står i fare for å gå tapt under ein ny motorveg. Det gjer dei ved å passe på dei 3000-4000 kommuneplanane og reguleringsplanane, og gripe inn når summen av utbyggingar har ei for sterk kostnad for vår felles natur.

Under denne regjeringa har forvaltninga si moglegheit til å gripe inn vorte svekka. Statsministeren skryt faktisk i intervjuet av at dei nesten aldri tar omsyn til miljø og natur i desse sakene, men lar kommunane bygge ut når dei vil. Før tok ein omsyn til innsigelsar i eit fleirtal av sakene, no skjer det i berre 1 av 10 saker.

Då Riksrevisjonen tidlegare i år så på korleis systemet fungerer, påpeka dei nettopp at «for sterk innstramming kan føre til at dei interessene som innsigelsesinstituttet skal verne, ikkje blir godt nok teke hand om, og at planlegginga bryt med nasjonale mål.»

Sagt på ein annan måte; når naturen og miljøet sine vektarar blir svekka, taper dei oftare kampen mot utbyggerane.

Riksrevisjonen lyttar openbert ikkje statsministeren på. For signalet ho no sender er tvert om at vi skal ta endå mindre omsyn til klima og miljø. Minst like problematisk er det at ho presiserer, som regjeringa har gjort fleire gonger før, at det berre er sterke nasjonale interesser som skal få forrang. Ein tydeleg bodskap om å være tilbakehaldne.

Vi treng meir natur – ikkje mindre!

FNs klimapanel sin siste rapport inneheld altså ein tydeleg og slåande konklusjon: Vi har ikkje moglegheit til å kutte nok klimautslepp til å nå 1,5 gradersmålet utan at vi legg om måten vi brukar landområda våre på. Naturen og klimaet heng uløyseleg saman.

For mens menneske bur på berre om lag ein prosent av jordas landareal nytter vi faktisk over 70 % av landarealet til andre høve. Landbruk, skogbruk og anna type bruk av land bidreg med nesten ein fjerdedel av klimagassutsleppa. For å halde klimaendringane under 1,5 gradar er vi plent nøydd til å spele på lag med naturen. Vi må verne og restaurere natur – skog, sletteland, myr – som bind karbon og tek vare på artsmangfaldet. Vi treng rett og slett meir natur. Og det raskt.

Vi veit også at det er nettopp skogane, myrene og all den andre rike naturen som kjem oss til unnsetning når klimaet er i endring. Flaumvern, vern mot erosjon og ras, opptak og lagring av klimagassar er viktige tenester naturen gjer oss, og som vi kjem til å trenge meir av i åra som kjem. Alle kommunar i landet kjem til å merke endringane. Ved å ta vare på meir natur kan mange konsekvensar førebyggast eller dempast. Samstundes veit vi at det ofte er omsynet til miljø og klima som vert ofra når innsigelsar stansast, og at mange utbyggingar skjer på landareal som bind viktig karbon og dermed er ein viktig del av løysinga på klimakrisa.

Det er altså i kommunanes interesse at miljøforvaltninga faktisk får gjere jobben sin. Meir omsyn til natur betyr mindre klimaendringar og færre konsekvensar lokalt av dei endringane som kjem. Men berre ved at alle bidreg med å stanse nedbygginga av natur kan dei gode effektane komme til sin rett. Kommunane kan ikkje gjere denne jobben kvar for seg, det må vi gjere saman.

Gjer det lett for de andre partia

Eg hadde håpa på at dette skulle bli valkampen kor partia på alvor kjempa om å vere best på klima og miljø. Solberg har med dette utspelet effektivt gjort det lett for de andre partia å utfordre ho med ei politikk som både er god for klimaet, god for naturen og god for kommunane.

Kven tar utfordringa?