Kommentar

Ein ny eksplosjon av fattige?

Eigentleg er verda ein suksess. No kan ho bli ein skandale.

Det vert sagt at tal er kalde fakta, men det motsette er sant. Tal uttrykker summen av menneskelege enkelthistorier. Store tal er store fordi dei uttrykker mange enkelthistorier.

Og talas tale over vår tid er eigentleg ei gigantisk menneskeleg suksesshistorie. I år 2000 vart verdsleiarar frå fjern og nær samde om dei såkalla tusenårsmåla for utvikling. Det første målet var å halvere fattigdom globalt.

Les også: Skole, helsetjenester og måten vi bor på: Slik tror ekspertene at koronakrisen vil påvirke oss (+)

Det målet er oppnådd, fattigdomen er halvert på to tiår. I same periode er barnedødelegheita meir enn halvert i Afrika sør for Sahara. Framstega verda har gjort er også synlege på andre felt.

9 av 10 barn går no på skulen, og 8 av 10 har tilgang på elektrisitet. Med andre ord; midt i klimaproblem, demokratiske tilbakeslag, krigar og stendig fattigdom har verda gjort store sosiale og økonomiske framsteg.

Desto meir deprimerande at Covid19-viruset risikerer å snu fleire av desse trendane, assistert av det IMF (det internasjonale pengefondet) kallar Afrikas største økonomiske fall på 50 år. For no er det alvor.

Økonomien vil krympe, der dei treng vekst så sårt. Verdsøkonomien vil etter alt å døme krympe i 2020. IMF og Verdsbanken reknar i sine mest optimistiske anslag med eit fall på 5 prosent i BNP pr. innbyggar i Afrika sør for Sahara.

Dersom ein tek i betraktning ei svakare økonomisk utvikling både nasjonalt og internasjonalt kan fallet bli langt større. Mange ekspertar trur desse anslaga førebels undervurderer kor langsiktig krisa kan bli: Norske ekspertar omtalte IMF sine tal som optimistiske då dei kom.

Som følgje av det kan ekstremfattigdomen eksplodere. Små BNP-tal ser så uskuldige ut, men la oss omsetje kva dei kan bety for menneske med ei låg inntekt som så vidt klarer seg.

Til trass for framgong, er godt over 400 millionar menneske i Afrika sør for Sahara ekstremfattige. Det vil seie at dei har eit forbruk på under 1,90 dollar, eller ca. 20 kroner dagen – så lite at det er vanskeleg å leve på. Veldig mange har eit inntektsnivå rett over denne fattigdomsgrensa.

Les også: Hver tredje familie sliter under koronakrisen

FN-universitetet sitt institutt for forsking på utviklingsøkonomi har kalkulert kva effekt ein økonomisk nedtur vil ha å seie for fattigdom. I det optimistiske anslaget frå IMF, kan nær 100 millionar fleire menneske bli ekstremt fattige i utviklingsland.

Går økonomien mykje meir tilbake, kan 200-400 millionar fleire bli ekstremt fattige. Slår noko av dette til, vil det vere første gong sidan 1990 vi opplever at det blir fleire fattige i verda. Framgong blir snudd til tilbakegong.

Mange jobbar vil gå tapt i Afrika – som her. Jobbar i afrikanske land er også vevd inn i verdsøkonomien. Difor ser vi dei største og raskaste økonomiske utslaga i ressurseksporterande land som vert ramma av kollaps i prisane på olje og mineral. Inntektene frå turisme vert også borte i ein pandemi.

Den viktigaste næringsvegen i Afrika er framleis landbruk. Og mange med låge inntekter er sysselsette i landbruket. Verdsbanken anslår ein nedgang i landbruksproduksjon på 2,6 prosent, og i matimporten på 13 prosent.

Skjer det, vil det rive vekk arbeidsplassar i landbruket og matindustrien. Der kjem ein ikkje langt med heimekontor og digitale møte. Det går ut over dei som har jobb der, og det går ut over viktig matproduksjon.

Dessutan kan ei ny gjeldskrise truge. Fleire tiltak mot smittespreiing får dessutan ein hol og irrelevant klang i fattige land. Å halde seg innandørs, føreset at ein har ein bustad.

Sosial distansering er berre ei teoretisk øving i tettbefolka slumområde. Noko så enkelt som å vaske hendene vert lettare sagt enn gjort når ein ikkje har tilgang på såpe og vatn. Ifølgje Verdas Helseorganisasjon er det berre 15 prosent av hushaldningane i Afrika som har moglegheit til handvask. For dei fattigaste landa er talet enda lågare.

Les også: Omsider nådde varslene om virusfaren også inn i de lukkede samfunnene (+)

«Redningspakke», «kontantstøtte» og «krisehjelp» er vorte daglege omgrep i vår korona-situasjon. Mange av landa er allereie i djup gjeld – Afrika sør for Sahara har auka si gjeldsbyrde og ytterlegare lån vil auke risikoen for ei gjeldskrise.

Medan vestlege land i snitt bruker 8 prosent av BNP på krisepakkar, er det tilsvarande for fattige land 0.8 prosent, i følgje The Economist. Faren er no at mange land kjem inn i ein sjølvforsterkande negativ spiral kor gjeldsbelastninga aukar, kveler det finansielle rommet til staten og trekker veksten vidare ned.

Det er lyspunkt. Det internasjonale pengefondet og utveklingsbankane har vært raske med å lage store redningspakker. Det er også eit lyspunkt at IMF i den ferske rapporten deira manar til internasjonal solidaritet for å kome over denne krisa i det sørlege Afrika. Noreg og andre land har allereie bidratt økonomisk, meir vil følgje.

No er det alvor. Tala er store og raude, fordi dei uttrykker mange alvorlege enkelthistorier. For det handlar om menneske. Mange menneske.

Mer fra Dagsavisen