Ei løysing på plastproblemet

Nokre miljøsigrar er lettare å skrive kronikkar om enn andre.

Dei fleste land er einige i at vi må stanse plast frå å havne i havet, men dei internasjonale løysingane har uteblitt. No kan det vere i ferd med å endre seg. Nokre miljøsigre er lettere å skrive kronikker om enn andre.

Som regel gjeld det sakar kor vi har nådd eit konkret mål. Inga oljeboring i Lofoten, til dømes. Det har ei klar og umiddelbar miljøeffekt.

Andre ganger er det meir krevjande. Eit vedtak eller ei avtale, ofte med lange, uforståelege ord, forhandla fram mellom menneske vi ikkje veit navnet på. Det ironiske er at desse sigrane ofte er vel så viktige som dei mer openberre.

For nokre veker sidan skjedde ein slik siger. Eller i alle fall ei viktig delsiger. På «Our Ocean»-konferansen i Oslo kom klima- og miljøminister Ola Elvestuen med ei forplikting om at regjeringa skal jobbe for at ei ny, internasjonal avtale mot marin forsøpling skal komme på plass innan 2023.

Les også: Anker klima-søksmål mot staten - forbereder aksjoner over hele landet 

Det er kanskje ikkje den mest biletevenlege av løysingane på den enorme utfordringa med plast i havet. Men det er kanskje starten på noko historisk.

Dei fleste har no fått med seg at det fantastiske havet vårt er i ferd med å fyllast med plast. Plasten trugar alt liv i havet, og er dermed også ein trugsel mot oss menneske. Dersom fisk og andre sjødyr vert sjuke og døyr, forsvinn matfatet og arbeidsplassane til millionar av folk.

Kvifor er ei global avtale den riktige løysinga på dette problemet? I dag er inga land ansvarlege for plasten dei forureinar havet med, og det finns ikkje internasjonale krav til å redusere forsøplinga.

Rike land og plastprodusentar får selje plast til land som ikkje har fungerande system for å handtera avfall, utan å vere ansvarlege for konsekvensane.

Det finns ikkje eingong eit heilheitleg system for å måle kor mykje plast som blir sleppt ut. Den globale innsatsen mot plast i havet har vore altfor fragmentert, og er ikkje effektiv nok.

For å løyse utfordringa med plast i havet, treng vi internasjonalt samarbeid. Det treng ikkje vere så umogleg som det kan høyrast ut.

Les også: Dette ble en vekker for Cecilie Skog: Vi må få plastfrie valg

Montrealprotokollen, som forpliktar medlemslanda til å redusere utslipp av gassar som er skadelege for ozonlaget, er eit glimrande eksempel på at verdssamfunnet kan gå saman for å løyse eit globalt miljøproblem på rekordtid.

Ein viktig grunn til at denne avtala har vore så vellykka, er at det ikkje var noko tvil om at gassane er skadelege og at utsleppa måtte kuttast.

Slik er det også med plast i havet. Alle er einige om problemet, og det er mogleg å få på plass konkrete krav om å redusere plastforsøpling.

Det er sjølvsagt ikkje slik at ei ny, internasjonal miljøavtale kjem på plass over natta. Det vil krevje ein stor innsats, og mange utfordringar venter.

Fleire land er skeptiske til internasjonale avtaler, og enkelte vil vere motvillige til å forplikte seg til å gjere noko som helst for å stoppe plastproblemet. Mektige aktørar i industrien vil også jobbe mot nye reguleringar og krav til at dei må ta sin del av ansvaret.

Difor treng vi ein sterk og koordinert allianse av land vil jobbe for ei global avtale. 40 land har allereie uttrykt si støtte, mellom anna Stillehavslanda og dei Karibiske statane.

Dette er land som kjem til å bli hardt ramma av trugslane mot havet, men mange av dei har ikkje ressursar til å spele ei viktig rolle i å utarbeide ei internasjonal miljøavtale. Noreg, på den andre sida, har både ressursar og teknisk og juridisk kompetanse som trengs.

Det første store steget mot ei ny avtale vil vere eit forhandlingsmandat i FN, enten i FNs miljøforsamling eller i generalforsamlinga.

For at det skal skje treng vi sterke signal frå mange av verdas leiarar om at ei slik avtale er nødvendig. I dag foregår mange av diskusjonane om plast i havet mellom byråkratar som har mykje kunnskap, men liten politisk påverknad.

Les også: Dette avfallet bekymrer oss mest

I tida framover må Solberg, Eriksen, Elvestuen og resten av den politiske leiinga i Noreg mobilisere andre land sine leiarar, for å byggje støtte til ei ny avtale.

For at ei global avtale mot plast i havet skal fungere, må det gjerast ein grundig jobb med innhaldet i avtalen. Den jobben har allereie starta.

Til våren kjem ein rapport frå dei nordiske landa, etter initiativ frå Noreg, om kva dei meiner avtala bør innehalde. I arbeidet vidare må mange fleire land må bli involvert.

Slik kan ein sørgje for at når forhandlingane kjem i gang, har ein allereie tiltak som det er brei støtte for, og som ein veit vil fungere i ulike deler av verda. Noreg bør investere både tid og ressurser i dette arbeidet.

Vegen fram mot ei ny internasjonal avtale kan verke lang, men det er faktisk mogleg å få dette til innan 2023, slik Noreg ønskjer. Ei ny avtale vil være ein enorm siger for havet og alle som er avhengig av det for å leve.

Det vil også vere ein stor siger for internasjonalt samarbeid, i ei tid der mange land trekk seg frå internasjonale forpliktingar. Noreg har her ei unik sjanse til å spele ei leiarrolle i å løse eit av våre store miljøproblem.

Vi i WWF skal gjere det vi kan for å minne politikarar og folk på at dette er viktig, og at det haster.