Kommentar

Det store hamskiftet

Altfor lenge har kvinnefotballen måtta lide under arrogant likesæle frå spelets makthavarar, media, sponsorar og publikum.

«I’m not going to the fucking White House!» Den frittalande og tidvis kontroversielle amerikanske superstjerna Megan Rapinoe la som vanleg ikkje fingrane imellom. Ho hadde nettopp fått spørsmål om ho såg fram til ein eventuell invitasjon frå president Donald Trump viss ho og lagveninnene skulle lukkast i å forsvare VM-tittelen frå 2015, og svaret var nei.

Orda hennar trefte presidenten som ein piskesnert i andletet. Han reagerte slik han har for vane, med ein tirade på Twitter kor han bad Rapinoe halde kjeft fram til ho faktisk hadde vunne, og skulda henne for å mangle respekt for nasjonen og flaget. Men Rapinoe stod for det ho hadde sagt, og bad kun om orsak til ein einaste person, nemleg mor si, fordi ho hadde brukt eit banneord. Dagen etter kunngjorde Nike at drakta det amerikanske laget bér i VM er den fotballdrakta selskapet har seld mest av i løpet av éin enkelt sesong nokon sinne. Ingenting av dette har, strengt tatt, noko med fotball i seg sjølv å gjere, men er likevel teikn som peikar fram mot ein ny fotballdiskurs kor kvinnelege utøvarar av spelet både krevjer sin plass i rampeljoset og i aukande grad får denne plassen.

Tru det eller ei, men det var først i fjor at dei åtte medlemmene i The International Football Association Board (IFAB), komitéen som styrer fotballens regelverk, anerkjente fotball for kvinner som fotball på lik linje med fotball for menn. Fram til då var kvinnefotball rekna som ein underkategori av spelet – som aldersbestemt fotball, veteranfotball, futsal (innandørs fotball), og fotball for personar med funksjonshemmingar.

Dette er eit tydeleg symptom på den urimeleg svake posisjonen kvinnefotballen har hatt, òg samanlikna med annan idrett utført av kvinner. I ein artikkel i «European Journal for Sport and Society» frå 2014 påpeiker idrettssosiologane Arve Hjelseth og Jorid Hovden frå NTNU at medan andre kvinnelege idrettsutøvarar stort sett vert vurdert ut frå prestasjonar, ikkje kjønn, er diskursen om fotball framleis dominert av maskuline kjerneverdiar, og kvinnefotball vert difor oppfatta som eit trugsmål mot desse verdiane. Analysen til Hjelseth og Hovden er basert på lesarkommentarar i kommentarfeltet hjå VG Nett, som sjølvsagt ikkje naudvendigvis er representativt for all samtale om fotball i Noreg, men fortel likevel ein heil del om korleis kvinnefotball vart systematisk nedvurdert i vår svært nære fortid.

Men i 2019 er det ikkje lenger slik. Viss du i dag hevdar at fotball for kvinner er dårleg, dumt, uvesentleg eller uestetisk, drit du deg loddrett ut, iallfall i danna selskap. Heller ikkje kan ein person som tek si fotballinteresse på alvor berre oversjå sluttspelet i Frankrike. Det er trass alt VM. Å ikkje sjå på ville vere for dumt. Det norske laget trekte på det meste nesten 900.000 tilskodarar både under åttedelsfinalen mot Australia og kvartfinalen mot England. I andre land ser vi samanliknbare tal: 11,7 millionar engelskmenn såg semifinalen mot USA, medan vertsnasjonens kvartfinale mot same motstandar trekte 11,9 millionar franske sjåarar. Sistnemnte sjåartal er berre nokre hundre tusen under enn det tilsvarande for det franske herrelaget sin kvartfinale mot Uruguay i fjorårets VM.

Tendensen er uansett klar: Kvinnefotballen er i framgong både kva gjeld aksept og popularitet, og den som stadig sverger til det tradisjonelle synet på fotball som ein eksklusivt maskulin sfære framstår som det han sannsynlegvis er: Ein utdatert misogynist. Likevel har VM òg synt at det framleis gjenstår utfordringar. Eni Aluko, den tidlegare engelske landslagsangriparen, kritiserte i si spalte i «The Guardian» avgjerda om å bruke turneringa til å introdusere videodøming (VAR) i vurdering av marginale situasjonar, som til dømes kor vidt keeper bevegar seg ut frå målstreken ved straffespark, i knallharde ordelag. Det var ein «fullstendig farse» som «forsimpla turneringa», meinte ho, og la i tilfelle nokon skulle vere i tvil til at ho neppe trudde FIFA ville våga å eksperimentere på tilsvarande vis under eit VM for herrar.

Eit anna problem som kom til syne under og etter åttedelsfinalen mellom England og Kamerun var ei implisitt forventning om at kvinnelege fotballspelarar skal opptre ut frå ein veldig snever definisjon av kva det vil seie å vere kvinneleg, om de skjønar kva eg meiner? Dei kamerunske spelarane mista fullstendig hovudet etter å ha fått nokre marginale (men korrekte) domaravgjerder mot seg.

På pressekonferansen etter kampen hevda den engelske landslagssjefen Phil Neville at Kamerun hadde «brakt skam» over fotballen, og bad dei skjenke ein tanke til alle dei stakkars gutane og jentene som hadde sett på. No var sjølvsagt den kamerunske oppførselen uakseptabel, men med den ha-stemte moralismen Neville la for dagen var det ærleg talt vanskeleg å ikkje førestelle seg han som ein liten koloniherre i tropehjelm, khakiskjorte og korte bukser som spradar rundt på plantasjen med ein GT i den eine handa og ridepisken i den andre. Fotball er ikkje barne-TV, og verken mannlege eller kvinnelege fotballspelarar har noko særskilt ansvar for å opptre som førebilete for den oppvoksande slekt. Den doble standarden for åtferd som er i spel her må kvinnefotballen på det skarpaste avvise viss dei framgongane årets VM har bore bód om, skal halde fram. Not going to the fucking White House.

PS! Finalen i årets VM i fotball går mellom USA og Nederland i Lyon på sundag. Kampstart er kl. 17:00, altså 11:00 amerikansk austkysttid. President Trump, viss han har stått opp, spelar sannsynlegvis golf.

Mer fra Dagsavisen