Kommentar

Dei utolmodige er tilbake

I morgon tar norske ungdomar på ny til gatene for å krevje ein ny og meir effektiv klimapolitikk. Når vi no har sett kor kraftfullt bodskapen deira har slått inn over verda, må dei for alvor bli lytta til.

Av Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i Verdens Naturfond Norge

Det er dryge to månadar sidan 40.000 skuleelevar over heile landet streika for klimaet for første gong, i regi av Natur og Ungdom. Det var eit syn eg aldri vil gløyme. Det nådelause alvoret i bodskapen deira og den oppriktige bekymringa dei synte for si eiga framtid, gjorde sterkt inntrykk på meg. Ikkje minst fordi dei var ein del av ei langt større og verdsomspennande rørsle – veka før deltok om lag 1,6 millionar ungdomar i det som ifølgje den amerikanske organisasjonen 350.org var den største globale aksjonsdagen for klima nokon sinne.

Når dei i morgon stiller opp igjen, er det med dei same krava, det same alvoret og den same bekymringa. Mykje har skjedd på kort tid, og ingen kan lenger tvile på krafta som ligg i deira tydelege sinne mot generasjonane som har svikta dei. For meg er det ganske openbert at dei klimastreikande verda rundt allereie har oppnått noko stort. Eg vil påstå at inga anna rørsle dei siste åra har hatt så mykje å seie, og fått så mykje innverknad på store, viktige arenaar enn det skolestreikane har gjort.

Ei bønn om panikk

Greta Thunberg, den svenske sekstenåringen som starta det heile, har bede verdas leiarar om å kjenne på panikken og dra fram dei verkeleg sterke orda og verkemidla i klimasaka – «Eg vil at dykk skal handle som om huset brenn», sa ho i si tale til EU-parlamentet førre månad. Og ein kan sjå tendensar til at det skjer ei endring i korleis vi snakkar om klimaendringar. I mai vart Storbritannia og Irland dei to første landa som erklærte at vi står i ei klimakrise. Erklæringane forpliktar dei folkevalde til å kome opp med tiltak som svarar på alvoret i krisa. Her heime går no diskusjonen om tilsvarande erklæringar både på stortingsnivå og i mange fylkar og kommunar.

Og når millionar av europearar går til urnene denne helga for å velje eit nytt EU-parlament, er det venta at «Greta Thunberg-effekten» vil gagne Europas grøne parti, og setje klima på agendaen langt meir enn det vi har sett før.

På rekordtid har Thunberg blitt ein helt og superkjendis blant ungdom, og ho har gitt dei ei tydeleg stemme inn i storpolitikken. Berre nokre månadar etter ho første gong streika aleine utanfor det svenske parlamentet, talte Greta til FNs generalsekretær og klimatoppmøtet i Katowice i Polen. Og i januar var ho på scena hos på World Economic Forum i Davos. Førre veke pryda ho framsida av Time Magazine, og er på deira liste over dei 100 mest innverknadsrike personane i verda. No finnes det nok knapt ei scene i verda ho ikkje kan stå på om ho vil.

Hastverket er tilbake

Her heime har vi debattert både #flyskam og #togkry, noko som syner at klimakrisa har teke eit steg lengre inn i vår eigen kvardag og utfordra vanane våre. Facebookgruppa «Togferie», som vart oppretta på dagen for førre klimastreik, har no over 14.000 medlemmar.

For det dei streikande framfor alt har klart, er å vekke til live igjen ei kjensle av hastverk. Det er ei kjensle mange kanskje hadde ein gong, men som har drukna i meir kvardagslege utfordringar etter kvart som folk vart litt for vane med å høyre dei stadige åtvaringane om klimaendringar. Men for ungdomane, er det ikkje godt nok at det snakkast om fine, grøne tiltak i framtida. Når huset ditt brenn, tenkjer du ikkje at du kan vente med å sløkke flammane til i morgon eller neste veke. Då må det handterast no. Det har skulelevane skjønt. Dei er utolmodige, og dei vil sjå oss vaksne bli det óg.

Det er no det startar

Men kva no, då? Kva kan vi bruke det aukande engasjementet og den nyfunne kjensla av panikk til? Og korleis sikrar vi at det materialiserer seg i verkeleg politisk handling – som monar?

Dei har oppnått mykje på kort tid, men arbeidet til dei klimastreikande i Noreg og i resten av verda er ikkje i mål. Tvert imot, det har så vidt starta. Samtalen er i gong, og tema er oppe – så no må vi krevje å få sjå dei handfaste tiltaka.

Og for oss som arbeidar med miljø, og har gjort det lenge, trur eg det kviler eit særskild ansvar: vi må syne at det nyttar, at vår generasjon er budd til å lytte. Vi må syne at det er mogleg å halde politikarar, myndigheiter og næringsliv til ansvar for utviklinga i samfunnet. Vi må syne at det er mogleg å endre menneskes vanar, viss det leggast til rette for det. Også må vi syne fram miljøsigrane – for det er faktisk ein del av dei for tida!

Rørsler fungerer, og store mobiliseringar kan gjere ein skilnad. Ein svensk sekstenåring har satt djupe spor i politikken, og norske skuleelevar er i ferd med å gjere det same her. God streik!

Mer fra Dagsavisen