Kommentar

Afrika: Førebels få smitta

Koronaviruset der det verkeleg kan bli farleg.

Det kan koste dyrt å vere fattig – også i møte med eit virus. Som vanleg kan det bli sårbare afrikanske land med dårlege helsesystem som vert hardast ramma.

Covid-19, eller koronaviruset, har prega nyhenda nokre månadar, og har no kome til oss i Noreg.

Så lang tid går det fra korona-smitte til symptomer i gjennomsnitt

Mange kjenner nok på stor uro, og kanskje forvirring. For enkelte nordmenn, dei som er særleg utsett på grunn av alder eller helsetilstand, kan det bli alvorleg å bli smitta.

Heldigvis har vi dyktige fagfolk som avdekker smitte. Hyppigheita i rapporterte smittetilfelle aukar og stadig fleire er sett i karantene. I Aftenposten kunne vi fredag 6. mars lese at Noreg snart er på verdstoppen i koronasmitte – men at det truleg er ei slags god nyheit.

Noreg har klart å oppdage fleire smitta og har fått betre oversikt over virusutbrotet enn dei fleste land i verda. Heldigvis har vi også eit fantastisk helsevesen, som kan behandle dei som vert smitta og blir alvorleg sjuke.

Tenk om vi ikkje hadde det. Ja, tenk om det. Slik mange land i verda ikkje er i nærleiken av å ha.

På det afrikanske kontinentet er det oppdaga relativt få tilfelle. Det kan vere fordi mange ikkje har testa seg eller oppdaga sjukdommen, men det er truleg også fordi spreiinga dit har gått seinare. Få afrikanarar reiser like mykje som nordmenn. Men kva skjer dersom – og når – viruset spreier seg utover det afrikanske kontinentet?

Mange land, særleg i Afrika sør for Sahara, har svak helseberedskap og evne til respons og behandling. Verdas helseorganisasjon, WHO, har utarbeida eit kart basert på dei afrikanske landas eiga rapportering om handteringsevne av eit stort tal Covid-19-smitta innbyggjarar.

Landa har vurdert eigen kapasitet til å handtere eit utbrot.

Liberia, med om lag fem millionar innbyggjarar på Vestkysten av Afrika, vurderte eiga handteringsevne til å vera moderat. Landet veit kva ein epidemi inneberer; I 2014 og 2015 herja ebola i fleire vest-afrikanske land – meir enn 4800 personar døydde berre i Liberia.

For å førebyggje Covid-19-utbrot sende liberiske helsestyresmakter sundag ut varsel om at reisande som kjem til Liberia frå land kor det er stadfesta meir enn 200 tilfelle vil måtte vere til observasjon i 14 dagar.

Per 8. mars gjaldt dette Kina, Sør-Korea, Italia, Iran, Frankrike, Tyskland, Japan og Spania. Tysdag, to dagar seinare, passerte også Noreg 200 stadfesta tilfelle. Talet på smitta er framleis lågt i Afrika sør for Sahara, men aukar også der.

Det aller første tilfellet av koronavirus på det afrikanske kontinentet vart stadfesta i Egypt i midten av februar. Ei studie publisert i det anerkjente medisinske tidsskriftet the Lancet analyserte afrikanske lands sårbarheit for, og evne til å handtere, eit utbrot av koronavirus.

Derfor blir ikke alle personer i koronakarantene testet – ekspert svarer på virusspørsmål

Dei brukte talet på flygingar frå Kina inn til kontinentet og kunnskap om korleis viruset spreidde seg i Kina for å estimere moglege konsekvensar.

Nettopp Egypt, saman med Algerie og Sør-Afrika, vart identifiserte som landa med høgast risiko for å få innført koronavirus frå Kina. Status fredag sist veke var ifylgje WHO at viruset var stadfesta i kvart av desse tre landa, i tillegg til fem andre afrikanske land; Senegal, Kamerun, Nigeria, Marokko og Tunisia. I Algerie er det også stadfesta lokal vidare smitte.

Risikoen for import av smitte var då, og er framleis, mykje lågare i Afrika enn i Europa.

Men respons- og reaksjonsevna er lågare i Afrika. Og svært ujamn på kontinentet. Eit lands evne til å handtere eit utbrot er avhengig av ei rekke faktorar.

Til dømes laboratoriekapasitet for testing av moglege tilfelle og evne til kommunikasjon og koordinering. Sør-Afrika får maksimal score på laboratoriekapasitet, men scorar lågt på kommunikasjon.

Afrikas mest folkerike land, Nigeria, scorar lågt på laboratoriekapasitet, men maksimalt på koordineringskapasitet. Kapasitet og moglegheit til å halde folk i karantene er låg i mange av landa. Sjølv om tre firedelar av afrikanske land har planar for ein influensapandemi, er mange av desse utdaterte, ifylgje Lancet-studien.

I Noreg oppmodar helsemyndigheitene til ein folkehelsedugnad.

Vi treng også ein internasjonal helsedugnad. Noreg støttar opp om den globale responsen til utbrotet av koronaviruset gjennom auka løyve til WHO og til Koalisjonen for epidemisk og pandemisk respons (CEPI) for å utvikle ei vaksine mot koronaviruset.

CEPI vart oppretta etter ebola-utbrotet i Vest-Afrika som viste at verda ikkje var godt nok førebudd ved sjukdomsutbrot med epidemisk potensial.

Statsminister Erna Solberg har sagt det internasjonale samfunnet har eit felles ansvar for å sikre global beredskap. Ei vaksine mot korona er særleg viktig for land kor befolkninga allereie er sårbar og kor helsesystemet er under press.

Til sist, har vi i Noreg, og kanskje Norad spesielt, eit særskilt ansvar for å sikre at vi ikkje bidreg med smitte til land som ikkje har same føresetnadar som oss til å handtere eit koronautbrot.

Koronaviruset kjem til å prege 2020; Verdsøkonomien, kvardagen her i Noreg og i andre land. Det minner oss alle om kor samanvevde samfunna våre er og kor avhengige vi er av kvarandre.

Mer fra Dagsavisen