Kommentar

Adjø, korona-solidaritet?

Det er lett å harselere med charterturistar og nordmenn på svensketokt. Særleg frå ei hytte til seks millionar.

Det står skrive i Verdserklæringa om menneskerettane, artikkel 13, punkt 1 og 2:

«Enhver har rett til å bevege seg fritt og til fritt å velge oppholdssted innenfor en stats grenser.»

«Enhver har rett til å forlate et hvilket som helst land innbefattet sitt eget og til å vende tilbake til sitt land.»

Verdserklæringa om menneskerettane vart vedtatt av generalforsamlinga i FN i desember 1948 og gjeld for alle organisasjonens medlemsland. Noreg er medlem av FN. Dei ovanfor nemnte rettane gjeld altså her.

Høie: – Du skal ikke skamme deg, du skal teste deg

Under koronakrisa har det stundom vore skapt eit inntrykk av at desse rettane er midlertidig oppheva.

Det stemmer ikkje. Sjølv ikkje ein global pandemi er nok til å sette menneskerettane ut av spel. Det har aldri vore ulovleg for norske borgarar verken å reise til eller å kome tilbake frå utlandet.

Derimot har det vore – og er stadig – visse avgrensingar av det første punktet i artikkelen. Viss du har fått påvist koronasmitte, har vore i kontakt med nokon som er smitta eller har returnert til Noreg frå eit land med høgt smittenivå må du gå i karantene. Er du i karantene kan du ikkje «bevege deg fritt».

Du må halde deg heime og unngå kontakt med andre menneske.

Nedstenginga av samfunnet i mars innebar dei strengaste avgrensingane av personleg fridom sivile, norske borgarar har vore pålagt i fredstid. På det tidspunktet måtte alle som kom heim frå utlandet i karantene, uavhengig av kor dei hadde vore. Alle unødvendige reiser – også innanlands – vart sterkt fråråda.

Mange opplevde til og med – skrekk og gru! – at dei ikkje kunne dra på hytta i påskeferien.

Helsedirektøren: – Jeg er bekymret

Tiltaka var nødvendige og hadde den ynskja effekten. Noreg fekk kontroll over smittespreiinga og helsevesenet klarte å handtere situasjonen på ein god måte.

Folk flest måtte akseptere til dels vesentlege endringar i sine kvardagsliv – til gjengjeld unngjekk vi dei kollapsaktige tilstandane ein på det tidspunktet såg konturane av i andre land, og som det var grunn til å frykte at også kunne råke oss.

Den samla effekten av tiltaka gjorde det mogleg å gradvis gjenopne samfunnet utover våren og sommaren.

I juli vart reglane endra slik at det vart mogleg å reise til enkelte land og regionar med lågt smittenivå utan å måtte gå i karantene når ein kom tilbake igjen.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad presiserte likevel at han «anbefalte ingen å dra utenlands i sommer», at alle som likevel gjorde det hadde «et personlig ansvar for å ikke bidra til å ta smitte inn i landet» og at dei som valde å reise måtte vere «forberedt på at situasjonen kan endre seg fort».

Spania er eit svært populært ferieland for nordmenn, og trass i det nye nasjonalikonet Nakstads åtvaringar var mange raske til å sette seg på flyet då regelendringane kom.

Men så steig dei spanske smittetala igjen, og førre veke gjekk det ut bód frå helsestyresmaktene om at norske spaniafararar ville måtte gå i karantene viss dei ikkje kom seg heim før helga.

Kappløpet mot koronakaranteneklokka vart gjenstand for entusiastisk live-dekking hjå fleire av våre største medier.

Ville flya frå sydens land stå med hjula på norsk jord før midnatt? For eit drama, mine damer og herrar!

«Omtrent da T-banen passerte Tøyen, tenkte jeg på Michael Douglas i Falling Down»

Samstundes som mange nordmenn hasta heim frå den iberiske halvøy hadde styresmaktene òg opna for karantenefri reise til fleire regionar i Sverige, noko som gjorde det mogleg å ta turen over grensa for å gjere storinnkjøp til ein rimeleg penge – ein praksis den store retorikaren Lars Sponheim i si tid brennmerka som «harryhandel».

Laurdag føremiddag kunngjorde Sveriges Radio at «nu är norrmännen här», og illustrerte det norske nærveret med eit staseleg bilde av «norrmän som köar utanför Systembolaget i Årjäng».

I sanning ein merkedag i norsk-svensk historie!

Både Spania-returen og Sverige-eksodusen fekk, som ein jo kunne vente, stor merksemd i sosiale media – både i form av lystig harselas og ha-stemt moralisering.

Enkelte unnatak fanst, men den generelle konsensusen syntest å vere at nordmenn som friviljug forlot sitt fagre fedreland på jakt etter sol eller billeg alkohol var uansvarlege, egoistiske idiotar.

Sentralt i diskursen stod som så ofte ordet «skam», eit ord som i dei seinare år har utvikla seg til ei slags moralfilosofisk slagmark. Er skam ein destruktiv kontrollmekanisme eller ei legitim og nyttig kjensle som bidreg til å regulere mellommenneskeleg åtferd?

(Crazy forslag: Kanskje det kan vere begge deler?)

Burde nordmenn som har vore i utlandet i sommar skamme seg? Nei, svarte både helseminister Bent Høie og FHI-posterboy Espen Nakstad. Ikkje så framt dei heldt seg til smittevernreglane og lot seg teste viss dei utvikla koronasymptom.

Mange er ueinige, og det kan ein på sett og vis forstå.

Det er trass alt pandemi. Globalt er det langt fleire daglege, nye smittetilfelle no enn kva det var då Noreg stengte ned i mars. Ei ny, nasjonal smitteoppblomstring med påfølgjande nedstenging av samfunnet vil vere ei tung bør å bere – økonomisk og psykologisk, individuelt og kollektivt.

Ein høg pris å betale til hausten for sommarleg reiselyst.

Sjølv merkar eg at eg er delt i min reaksjon på både handlingane og reaksjonane. Eg synst heilt ærleg at folk bør unngå å reise til utlandet no, og at det må liggje uvanleg tungtvegjande grunnar bak å likevel velje å gjere det.

Samstundes er det vanskeleg å ikkje kjenne eit visst ubehag over den tidvis ekstremt nedlatande haldninga enkelte utviser overfor sine medmenneske.

Det er lett å vere «prinsipiell» og håne dei vulgære plebeierane i Spania og Sverige når du sjølv kan nyte Noregs-ferien og ettermiddagens tredje GT på hytta di til seks millionar. Ein del av reaksjonane er nokså openbert prega av klasseforakt.

Eit grunnleggjande problem med moralisering er at det er bortimot umogleg å kritisere moraliseringa utan å moralisere sjølv. Det paradokset går heller ikkje denne kommentaren klar av.

I pandemiens første fase var vi alle rørande einige om at vi sat i same båt og skulle ro i same retning.

Seinare har solidariteten slått sprekker både langs tradisjonelle og til dels nye konfliktlinjer i samfunnet. Akkurat no leitar vi fåfengt etter rett språk til ein felles samtale om det som har råka oss i året 2020.

Mer fra Dagsavisen