Kommentar

Kven skal betale klimarekninga?

«Skaff 1000 milliardar dollar raskt, eller gje opp klimamåla frå Paris!» Det er bodskapen frå både norske og internasjonale aktørar.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

«Verda treng ein plan for klimafinansiering som sikrar mobilisering av 1000 milliardar dollar kvart år i ekstern finansiering frå utvikla land, som utviklingsland og framveksande økonomiar (unntatt Kina) vil trenge innan 2030 for å levere på måla i Paris-avtala».

Orda er tekne frå ein rapport om klimafinansiering som Vera Songwe, tidlegare leiar for FNs Afrika-kommisjon, og Lord Nicholas Stern, verdsleiande økonom, hadde ansvaret for saman med Amar Bhattacharya. Den vart presentert på Norad-konferansen i januar i år, og presentert og diskutert på ei rekke globale arenaer.

Tenk for eit røvarkjøp: Vi kan redde klimaet for berre 2-3 prosent av det vi tener. Sjølvsagt bør vi slå til!

Ein billion kan høyrast ut som uhorveleg mykje pengar. Og på toppen av det heile er det ikkje rekna med den mobiliseringa som må skje innan kvart land – då vert beløpet meir enn dobla. Men ein kan snu det: I det store bildet er det ikkje så mykje. 1000 milliardar dollar er mindre enn eit oljefond, om lag 1 prosent av verdas totale aksjekapital. Totalt blir det 2-3 prosent av samla globale inntekter.

Tenk for eit røvarkjøp: Vi kan redde klimaet for berre 2-3 prosent av det vi tener. Sjølvsagt bør vi slå til!

Grunnen til at beløpet er så stort, er at vi framleis har veldig langt igjen før vi når mange av berekraftsmåla, trass i stor framgang på nokre område. Under pandemien blei det fleire ekstremfattige i verda, og klimaet er framleis truga frå mange kantar. Truslane mot klima kjem frå fossil energi, transport, jordbruk, industri, ditt og mitt daglegliv.

Det er det samla presset frå alle dei små og store avgjerdene som utgjer det veksande fotavtrykket frå menneska. Det grøne skiftet er enormt. Og dyrt.

Det store reknestykket om klimaet blir ikkje enklare ved at årsaka er grunnleggande urettferdig. Dei landa som er mest sårbare og utsette for skadar, er dei som har minst skyld i klimaendringane.

No slår forskarar alarm for eit alvorleg vêrfenomen som kjem denne sommaren – El Niño. El Niño er eit vanleg fenomen, men som forsterkast og forverrast av klimaendringane. Vi kan vente oss ei hetebølge med katastrofale konsekvensar, særleg i allereie utsette land som for eksempel Somalia. Eit fattig land som for fjerde år på rad opplever ein uuthaldeleg tørke. Dette er eit land som knapt er synleg på oversikter over klimaskadelege utslepp.

Akkurat dette – kven si skyld og kven skal betale – har då også vore gjennomgangstema på dei mange klimatoppmøta verda har sett. Heilt sidan Riokonferansen i 1992 har ansvar og finansiering gått igjen.

Ein ung klima-aktivist frå Uganda, Vanessa Nakate, deltok på årets Norad-konferanse. Ho sa det slik: «Vi er i førstelinjene for klima-skadar, men ikkje på førstesidene i media!»

Bistandspengar kan bidra, men kan ikkje ta heile klimarekninga. Dessutan har bistanden fleire mål. Bekjempe fattigdom, helse, skule, næringsliv og institusjonar – for å nemne noko.

Derfor vel vi i Noreg å bruke bistanden klimasmart. Å integrere omsyn til miljø og klima inn i alt vi gjer. Grøn omstilling krev endringar i alle delar av samfunnet. I praksis betyr det til dømes grunnleggande tenester som vêrvarsling. Det betyr at energifeltet blir grønt og fornybart. At jordbruksteknikkar blir endra, skogområde tatt vare på, elveløp haldne opne og lokalsamfunn blir meir robuste.

Det betyr også at forureinande koking og oppvarming blir fasa ut. Innsats for auka matsikkerheit og støtte til småbønder blir andre viktige punkt når det gjeld å møte konsekvensane av klimaendringane. På denne måten kan vi bidra i klimakampen, samtidig som vi bidrar til å nå dei andre utviklingsmåla, som redusert fattigdom.

Klimarekninga kjem også på eit vanskeleg tidspunkt. Både rike og fattige land føler livreima stramme på grunn av aukande gjeldsbyrde under Covid-19. Skyhøge energi- og matprisar som følge av Russlands grufulle angrep på Ukraina, merkar ein direkte i mange europeiske land og indirekte i den fattige verda. Ein sterk dollar hjelper ikkje på situasjonen. Slik sett er dei økonomiske utsiktene i verda dystrare enn på lenge. Det lover ikkje godt for å samle nok pengar.

Det er difor openbart at private investeringar speler ei viktig rolle. Ein velkjend metode i utviklingsarbeid er å bruke offentlege pengar til å redusere risiko ved private investeringar. Dette kan brukast for å utløyse fleire investeringar i klimatiltak og er noko vi gjer aktivt i norsk bistand. I rapporten frå eit ekspertutval som vart lagt fram denne veka, nedsett av seks norske sivilsamfunnsorganisasjonar, blei det òg føreslått nye instrument for å gjere dette.

For 14 år sidan, på COP15 i København, lova rike land at dei skulle sikre 100 milliardar dollar kvart år innan 2020 for å hjelpe fattige land med å handtere klimaendringane. Dette skulle omfatte både gåvebistand og lån.

Dette løftet er ikkje halde, det er omlag 20 milliardar dollar årleg på etterskot. No er det laga ein plan for korleis ein skal nå dette målet i inneverande år.

Det må gå. For i 2024 skal det formulerast nye mål. Og det er ingen tvil om at det hastar med å lykkast med klimamåla. «Verda treng klimahandling på alle frontar». Alt, på ein gang, sa generalsekretær i FN António Guterres då FN sin klimarapport blei lansert i mars. Det kan ikkje uttrykkast tydelegare enn det.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen