Kommentar

Tøffe tider for håpet

Håp er i ferd med å bli ei mangelvare. Eg såg det på nyttårsaftan.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein ung klimaaktivist frå Uganda står på scenen. Ho er ikkje nådig. Dei landa som har minst utslepp, ber dei tyngste børene for klimakrisa.

– Vi kan ikkje tilpasse oss til utrydding, er ei av kraftsalvene frå Vanessa Nakate.

Det var Nakate som opna Norad-konferansen tidlegare denne veka.

Pandemien blei ei vending for sosial og økonomisk framgang

Ein konferanse som i fleire tiår har hatt ein atmosfære av optimisme og framtidstru. I år var bakteppet atskilleg dystrare. Det handlar ikkje berre om utvikling og bistand. Håp er i ferd med å bli ei mangelvare. Håpet har tøffe tider.

Eg såg det på nyttårsaftan. Alle dei tungsindige meldingane som blei formidla på sosiale medium.

Dette er i strid med min natur. Eg er eit ekte barn av Berlinmurens fall – i håpet og optimismens tidsalder. Dessutan er håp ei sterkare kraft enn nederlag og tristesse.

Men det er motbakke no, eg skal innrømme det.

Befolkningsundersøkinga frå Norad, publisert på konferansen, viser at 55 prosent av alle unge er bekymra for ulikskap og klimaendringar. Seks av ti trur at levekåra i verda vil bli verre innan 2050.

Norads ekspertar på økonomi og utvikling peikar no på at det kan bli svært vanskeleg å nå berekraftsmåla. Dei 17 måla blei formulerte av FN i 2015 og er verda sin felles arbeidsplan fram mot 2030. Det første målet, «målet over alle mål», er å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030.

No peikar trendane i retning av berre ein svak nedgang frå noverande nivå. I staden for ei verd fri for ekstremfattigdom, går vi mot nærmare 600 millionar ekstremfattige i 2030. Det er ein reell fare for at fattigdomsutfordringane ikkje berre vil halde fram til utpå 2030-talet, men mykje lenger.

Den første Norad-konferansen blei arrangert i 2002. Den blei kalla Fattigdomskonferansen og arrangert på Verdas fattigdomsdag. Hausten for 21 år sidan var FNs tusenårsmål tema for konferansen.

– På kva måte kan vi nå FNs tusenårsmål – og er dei i det heile teke realistiske? Var spørsmålet som blei stilt i innbydinga til konferansen.

Tusenårsmåla var førre runde med internasjonale mål. Dei blei formulerte av verdas leiarar i FN ved årtusenskiftet, og skulle vere oppnådd innan 2015. Tusenårsmåla gjaldt berre utviklingsland.

Fleire av måla blei oppnådd i god tid før deadline i 2015. Til dømes blei målet om å halvere talet på ekstremfattige i verda nådd i 2014, og målet om tilgang til reint drikkevatn blei gjennomført allereie i 2010. Tusenårsmål nr. 4 : Å redusere barnedødelegheita kom i mål. Dødstalet blei halvert frå 90 til 43 dødsfall per 1000 fødslar frå 1990 til 2015. Historisk sett var det ei sensasjonell endring.

Dette var tiår der det blei gjort krafttak for utvikling og mot fattigdom. Blant anna hende det mykje i store land som Kina og India.

No er situasjonen ein annan og måla er annleis. Berekraftsmåla gjeld ikkje berre utviklingsland, men alle land. Måla handlar ikkje berre om sosial og økonomisk framgang, men òg om klima og natur, demokrati og menneskerettar, fred og samarbeid.

Det har gått åtte år sidan berekraftsmåla blei vedtatt. Det er sju år til dei skal vere oppnådd. Det ser ikkje lyst ut.

2020-talet som skulle bli tiåret for handling, har så langt blitt tiåret for tilbakeslag. Covid var eit vendepunkt.

Pandemien blei ei vending for sosial og økonomisk framgang. Vi såg ein auke i ekstrem fattigdom for første gang på fleire tiår. Vi såg tilbakefall på utdanning, likestilling, vald og barneekteskap. Førebelse data tyder på at covid har fått global ulikskap til å auke, etter år med reduksjon.

Ei potensielt endå meir skadeleg krise er veksten i væpna konfliktar og autoritære styresett. Putin har gjort oss grundig klar over begge delar. Russlands brutale åtak på Ukraina er ein tragedie. Det har sett verda i fare og har skapt ei utbreidd kjensle av frykt og uvisse.

Krigen har òg vore eit åtak på utviklingsland og har sett matsikkerheita på spel. Heile 345 millionar menneske er no truga av akutt matmangel, ifølge FNs matvareprogram WFP.

På toppen av pandemi og krig kjem den langsiktige øydelegginga, i form av klimaendringar og tap av natur.

Effekten av klimakrisa er djupt urettferdig, som Vanessa Nakate seier. Klimaendringane reduserer allereie landbruksproduksjonen, noko som skapar fleire flyktningar og hemmar vekst. Dette vil påverke utviklinga i alle land, særleg dei mest sårbare landa med nesten ingen utslepp.

Naturavtalen COP 15 frå Montreal i fjor er likevel ein lysstråle i mørke tider. Det var mogleg for verda å bli samde om ein dugnad for å bevare naturen. Det gir nokre naudsynte snev av håp.

Det var nok av pessimistar som åtvara. Det blir ingen avtale. Det kjem ikkje til å gå!

Men det gjekk.

Slik var det med tusenårsmåla i 2002, då spurde ein: Er dei i det heile teke realistiske?

Det var dei.

No får berekraftsmåla det same spørsmålet. Med god grunn. Ein kan allereie ane at det blir spikaren i kista for dei. Finansieringsbehovet er enormt. Det vil krevje ein urealistisk økonomisk vekst per innbyggar i allereie gjeldstynga utviklingsland.

Men slaget er ikkje tapt. Det vil krevje ei massiv mobilisering. Av bistand, investeringar, politisk vilje – og håp.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen