Kommentar

Marco Tardellis jubel

Har du sett Marco Tardellis jubel? Då har du sett noko ekte.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Noko av det finaste eg veit, er ting som ikkje er planlagd. Ei overraskande god plate, noko morosamt som brått skjer framfor auga dine, ein person som viser seg frå ei ny side. Underdogen som vinn mot alle odds, men også vinnaren som innfrir og viser seg overraskande sårbar og audmjuk. Ekte glede, ekte sorg.

Og etter som eg blir eldre, har eg oppdaga at nett dette verkar sterkare og sterkare på meg. Og eg trur eg veit kvifor: fordi det ikkje er innstudert, men ekte. I ei verd der vi blir utsett for enormt mykje regi gjennom dei mediene vi konsumerer, blir det som ikkje er planlagt og innstudert i detalj ekstra verdifullt.

Som jubel.

Han spring av garde, som om han aldri skal stanse. Ein besett mann. Blikket er desperat, med eit uttrykk av spontan forvirring og vantru

Kvart einaste fotball-VM set eg meg ned, med den same barnlege forventninga. Eg har følgt med på alle VM sidan 1982. Sidan eg ikkje er av den nostalgiske typen, saknar eg ikkje dei gamle turneringane. Eg ser at fotballen er blitt mykje betre. Tempoet, det kollektive angrepsspelet, det taktiske.

Men ein ting saknar eg. Ekte, jublande, vill glede, slik eg såg det ein julikveld i 1982. For eg såg Marco Tardelli juble. I VM-finalen 1982. Aldri har eg sett kjensler uttrykt som det.

Det er midt i andre omgang. Nett på den tida av kampen der det å gå frå 1–0 til 2–0 betyr at du kan kjenne sjansen for å vinne vekse frå ei von til eit sannsynleg utfall. Tyskland pressar på for utlikning. Så då Italia snappar ballen og kontrar, er Tyskland i ubalanse. Men angrepet stoppar litt opp. Scirea har ballen på sida, og får lagt den til Tardelli rett utanfor 16-meteren.

Og Tardelli? Vel, mottaket er ganske dårleg. Han får den klumsete på sida av seg, og i det han sender av garde eit skot held han på å falle, men treffet er likevel reint. Og hardt. Ballen går til side for keeper, i det lange hjørnet, i mål.

Kva skjer med Marco Tardelli når han scorar, i VM-finalen, i 1982?

Han spring av garde, som om han aldri skal stanse. Ein besett mann. Blikket er desperat, med eit uttrykk av spontan forvirring og vantru. Han ristar hovudet sidelengs og held hendene fram som i takksemd. Ropar ut: «Gol!». Det er ein mann i ekstase, ein ekstase produsert av ei glede så sterk at det er vanskeleg å finne eit fornuftig uttrykk for den. Den berre må ut. Og den kom ut!

Kven var Marco Tardelli i 1982? Ingen kven som helst i fotballverda, ein av tidas beste midtbanespelarar. Ein indreløpar og det britane ville kalla box-to-box-player som var van med å delta i angrepet, og score av og til. Dette var den andre scoringa i meisterskapen, i hans andre VM. Det er med andre ord ikkje rart for Tardelli å vere i VM eller score mål, det er ikkje difor han er vantru.

Om du har sett det vil du ikkje ha gløymt det. Det er ein ikonisk augneblink, men ikkje unik. Gå tilbake til YouTube, og søk opp klassiske feiringar: Nobby Stiles som dansar då England vann VM, backen Josimar som set inn eit langskott – og utallige andre.

Alle ulike – men også med noko til felles: Dei er ekte, heilt uførestilt. Det er feiring i absolutt ekte glede.

Ulikt mykje jubel vi vil sjå frå Qatar, og kan sjå kvar veke i internasjonal fotball. Ulike innstuderte hopp, løp, rørsler, kyss på klubbmerket, dansing med cornerflagget, t-skjorter med tekst, fleksing med musklar og feiring framfor fansen.

Det er ikkje det at vi ikkje ser glede i 2022. Det er jo glede overalt. Men kor ofte ser du eit bilete på sosiale medium, eit program på TV eller ein fotballkamp der reaksjonar og kjensleutbrot ikkje er innstuderte? Der dei berre kjem ut? Alt for sjeldan. Sjølv opplever eg ofte å sjå det som for meg framstår som påtatt eller førebudde kjensler.

Er vi blitt innstuderte alle saman? Tilskodarar til innstuderte øvingar?

Den canadiske medievitaren Marshall McLuhan lanserte for mange år sidan teorien som fekk overskrifta «The Media is the message». Ideen er at mediet vi kommuniserer gjennom har innverknad på innhaldet vi formidlar, og at kvart medium dermed fremmer visse typar bodskapar og former for formidling.

Boka; den er lang, nyansert og tidkrevjande, og perfekt for nyansar og djupne. Twitter på den andre sida, er eit raskt og forenklande medium for umiddelbar respons. Eller for å samanlikne politikken sine krav til talar under det fysiske møtet vs. TV: Det fysiske allmøtet krev ein tale med store ord og fakter, som på suggererande vis kan dra med seg publikum. TV, på den andre sida, krev formidling med små ord og desto sterkare kjensler som kan røre ved millionar gjennom ein skjerm, kvar for oss.

Fortidas feiring på fotballbana – nett som fortidas festar, feriar, besøk og fjellturar – var først og fremst for dei som var til stades. Dagens feiringar – og festar, feriar, besøk og fjellturar – er for film og bilete som skal formidlast gjennom tiktok, Instagram, Snapchat og andre kanalar.

Mykje av det vi vert formidla i dag, anten det er underhaldning, politikk eller idrett, går gjennom to mediefilter: For det første er det på film. For det andre, vert det gjort om til korte klipp eller filmsnuttar som så vert spreidde gjennom ulike sosiale medium. Her flyg dei forbi, i enorm konkurranse med andre.

Kva krev det? At det er visuelt, kort og umiddelbart – og enkelt å tyde så vi straks forstår. Dei må vere overtydelege små klipp som kan bygge «brand». Brandet til internasjonale fotballstjerner, eller berre brandet til familien. Gjenkjenning, som kan skape fleire følgarar og støttespelarar. Som kan selje det globale produktet ein fotballspelar er i dag.

Det stiller heilt andre krav til ei feiring. Den bør helst vere innstudert!

Paradokset er sjølvsagt at Tardellis feiring er gjort tilgjengeleg av nettopp TV-mediet. Før eg skreiv denne artikkelen gjekk eg på det sosiale mediet YouTube, og såg fleire korte filmar klippa saman av ulike TV-bilete og intervju om denne hendinga. Den uførestilte og totale ekstasen Tardelli viste, har blitt ikonisk fordi den ikkje var innstudert – men er i dag formidla gjennom TV og sosiale medium.

Tardelli har blitt intervjua om desse få sekunda av sitt liv mange gonger. I eit av dei sa han at «Feiringa var ei utløysing etter å ha oppnådd ein draum. Eg vart fødd med det skriket inni meg, og i nett den augneblinken kom det ut.» Gå til YouTube no, og leit opp den ekte jubelen hans.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen