Kommentar

Kan nokon skru ned temperaturen i straumdebatten?

Dei som meiner noko anna enn deg i debatten om kraft er sannsynlegvis ikkje dumme.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Plutseleg handla alt om straum. Facebook, aviser og politiske TV-debattar blir fylt opp. Tonen er skarp. Viljen til å forstå dei som meiner, eller vektlegg noko anna enn seg sjølv, kan vere liten. Korleis kom me hit?

Det er ikkje gitt at straum skulle vere det absolutt alt handla om i haust, sjølv om me ser ei stor prisstigning over kort tid. Me lever også med ein stor nabo som har gått til krig. Verda opplever historisk tørke. Ein tredjedel av Pakistan ligg under vatn. Også andre priser enn straumprisen har gått kraftig opp. Men det er som om sentrifugalkrafta frå debatten gjer det vanskeleg for oss å fokusere på andre ting enn straumprisar.

Sjølv er eg uroa over at mange er så sinte heile tida

Kanskje er internett-dynamikken ei av årsakene til at debatten er så hard og altoppslukande. I sosiale media blir spisse, harde bodskap løfta fram. Debattane går i retning av meir svart-kvitt, og nyansane forsvinn. Frå dei som kjenner sosiale medier kan me høyre at klare meiningar blir belønna med god spreiing og mange likes.

Sjølv er eg uroa over at mange er så sinte heile tida, og at vilja til å forstå motparten ikkje alltid er til stades. For eksempel i spørsmålet om det er Putin eller marknaden som er årsaka til auka straumpris. Svaret er sannsynlegvis båe delar i ulik grad.

Dette temaet kunne me eigentleg hatt ein god offentleg debatt om utan å karakterisere eller mistru kvarandre. Men skulle me trudd diskusjonane på min Facebook, vil svaret ditt på spørsmålet om årsakene til straumprisane avgjere om du er på lag med folk flest eller om du er ein marknadselskande elitist. Eller om du baserer deg på fakta eller har blitt eit offer for kabelkritisk propaganda.

I boka «Ekko» oppsummerer forfattar Lena Lindgren korleis internettdebattane påverkar oss: «Noen få forskere har hevdet at folk blir meir nyanserte av å diskutere i sosiale medier. Men majoriteten av forskningsfunn tyder på det motsatte: at folk blir styrket i troen på at de selv har rett, og like sikre på at den andre er en idiot.»

Ein sånn debattform er inga oppskrift på forståing og tillit mellom grupper.

Eg ser folk eg er glad i, som har jobba saman for dei same sakene i årevis, hoppe ned i dei digitale skyttargravene og kalle kvarandre urimelege ting fordi dei er ueinige om straum.

Ein ven fortalte om korleis hen kunne gå og fyre seg opp over noko ein annan ven hadde skrive på internett, og så møttes dei på ekte. Det møtet viste seg å bli veldig hyggeleg. Det minna hen på kor hyggeleg dei eigentleg pleier å ha det saman.

For kvaliteten i ekte samtalar er ofte langt betre enn nedst i eit kommentarfelt. Sit ein rundt eit bord og snakkar, kan ein legge fram påstandar med sjans til å justere seg noko undervegs. Lytte, nikke, spørje og utfordre.

I fysiske samtalar kan me også ha denne praten utan å ha hundrevis av passive lyttarar over skuldra. Det kan gjere det lettare å ta ned spenningsnivået, det er ikkje like mykje på spel. Det blir rom for fargane mellom svart og kvitt. Det blir mogleg å klatre opp frå skyttargravene utan å tape ansikt.

Det er mange stemmer som aldri tar ordet i desse oppheita debattane. Terskelen for å ytre seg i eit gloheitt debattklima er høg for mange. I Noreg har me nettopp fått ein rapport om statusen for ytringsfridomen. Kommisjonen som har sett på dette slår fast at ytringsfridomen har gode kår her i landet. Dei meiner at problemet med polarisering er overdrive, men at me manglar ein god kultur for usemje. Men kva med ytringskulturen?

Forsking frå Fritt Ord og ISF, omtalt i rapporten til ytringsfridomskommisjonen, har vist at over halvparten av oss aldri uttrykker meiningane våre på nett. Berre ein prosent meiner noko på internett dagleg. I denne gruppa er menn i ein viss alder, med høgare utdaning, særleg representert. Og dei som høyrer til ytterkantane i politikken er langt meir aktive enn oppslutninga til partia deira skulle tilseie.

For som Ytringsfridomskommisjonen skriv, er det ikkje gitt at eit hissig kommentarfelt er representabelt for folk flest. Dei viser til omgrepet «majoritetsillusjon». At mange tusen gir ein like på ein status betyr ikkje at eit fleirtal av folket meiner det same.

Redaktørstyrte medium kan ta eit ansvar for å senke temperaturen i debatten. Ved å løfte blikket, sjå breidda i relevante saker og legge til rette for sakleg og nyansert debatt kan dei bidra til at partane i større grad kan forstå kvarandre.

I kommentarfelta kan moderatorane vere strengare med å slette hets og usaklege kommentarar, mens konstruktive innspel kan løftast opp.

Politikarane og media kan legge til rette for fleire politiske møteplassar utanfor internett, særleg i lokalsamfunna rundt omkring.

Så kan jo resten av oss passe på å løfte hovudet opp frå skjermen innimellom og hugse å snakke saman i den fysiske verkelegheita. Særleg med dei me er ueinige med på internett.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen