Kommentar

TV-testen

Skyhøge leiarlønningar er fort leie om dei ikkje kan forsvarast på TV.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Det var eit klassisk pute-TV-augeblikk. DN troppa tidlegare i vår opp på statens eigarskapskonferanse og stilte leiarane for ei rekke statlege selskap om kva lønn dei har. Nokon blei stille og tenkte veldig hardt før dei svarte. Andre såg ut til å rødme.

Det var litt komisk og litt vondt for oss som såg på, men det fekk meg også til å tenkje. For kan desse leiarane eigentleg stå for lønnsnivået dei har, når rødmen brer seg når dei må forklare det på TV?

Ei av grunngjevingane for å gi toppleiarar i statlege selskap såpass høg lønn, er at dei må stå i høgt mediepress. Men i dette intervjuet var svarte fleire at dette var eit spørsmål journalisten må spørre andre om. Ikkje noko dei må forsvare sjølv, altså.

I juni kartla DN status for leiarlønningar i statseigde og delvis statseigde selskap, og det viste at toppane rykkar frå, sjølv om ei rekke næringsministrar har lova handling og strammare tøylar. Såpass ille er det at desse leiarane har auka lønningane sine nesten dobbelt så mykje som andre har dei siste ti åra. Snittet av leiarar har auka lønna si med 59 prosent på ti år. Det blir det større forskjellar og mindre tillit av.

Såpass ille er det at desse leiarane har auka lønningane sine nesten dobbelt så mykje som andre har dei siste ti åra

Det er gode grunnar for fellesskapet til å vere kritiske til leiarlønngaloppen me har sett dei siste åra. Fordi det går ut over oss alle. Lønnsnivået undergraver kjensla av å vere på lag, at ein står i oppgåvene saman. Høge lønnsskilnader kan få produktiviteten til å gå ned.

Argumentasjonen for å ha desse høge lønningane baserer seg ofte på at toppleiarar blir henta frå ein internasjonal marknad, og

der norske lønningar må kunne konkurrere med internasjonale selskap. Men eit fåtal av leiarane i dei statlege selskapa er henta frå selskap i andre land. Dei kjem frå norsk næringsliv. Det er eit fortrinn å kjenne det norske systemet, med den politiske kulturen og strukturen for statleg eigarstyring for å gjere ein god jobb. Ein treng altså ikkje sjå til selskap i Storbritannia eller Sveits for å finne ut kva som er eit fornuftig lønnsnivå her i landet.

Det er ikkje uvanleg at hovudjegarselskapet får honorar basert på den framforhandla lønna, og det gir dei ei interesse i å dra lønnsnivået opp.

Når ein skal finne ein ny leiar for eit statleg selskap, blir det som regel brukt eit hovudjeger-selskap. Det er vanleg å innstille kandidatar før lønna er klar. At dagens skyhøge lønnsnivå skal vere heilt avgjerande for at kvalifiserte kandiatar tar jobben, verkar difor ikkje særleg sannsynleg. Derimot er det meir sannsynleg at hovudjegarane har ei rolle i dette. Det er ikkje uvanleg at hovudjegarselskapet får honorar basert på den framforhandla lønna, og det gir dei ei interesse i å dra lønnsnivået opp.

For selskapet fører bonusordningar som belønner gode resultat til høgare risikoatferd. Det er ingen samanheng mellom høg leiarlønn og høg avkasting for eit selskap. Og under finanskrisa såg ein korleis selskap gjekk konkurs fordi dei hadde hatt toppsjefar som tok for høg risiko for å kunne få ein høg bonus sjølv.

DNs gransking av leiarlønnsituasjonen i juni viste også at næringsministrar har snakka høgt og mørkt om dette temaet lenge. Handling har blitt lova, gong på gong. Men for lite har skjedd. I vår blei det endeleg meir fart i sakene då næringsminister Vestre kasta nesten heile styret i selskapet Argentum, der toppleiar Joachim Høegh-Krohn hadde tent over 135 millionar kroner på 16 år.

Høegh-Krohn valte deretter å trekke seg frå si stilling. Ein får håpe at styremedlemene i andre statlege selskap no lyttar og forstår at meir moderasjon må til framover.

Det er ingen tvil om at leiarar i statlege selskap jobbar hardt, men det er vanskeleg å sjå for seg at dei jobbar hardt nok til å fortene ti-dobla lønn samanlikna med vanlege folk. Toppleiarar har sekretærar, dei har god lunsj og går i eksklusive middagar. Det framstår som ein kvardag med høg komfort, sjølv om dei legg ned mange timar i jobben.

Derimot verkar det langt meir strabasiøst å vere sjåfør i eit budfirma, som leverer mat og andre varer på dørene til folk. Dei gongane eg møter budsjåførar i vår oppgang, kjem dei springande, sveittande og har knapt tid til å seie hei.

Det verkar også langt meir strabasiøst å vere helsefagarbeidar på ein sjukeheim og stadig måtte velje kva rom du skal gå til fyrst, når to eldre ringar i alarmen samtidig fordi dei treng hjelp. Her er det vanleg at det ikkje er tid til å ta ein full og heil lunsjpause, fordi yrkesstoltheita og ansvarskjensla slår inn når bemanninga på avdelinga blir for knapp. Det gjer jobbane såpass tøffe at mange ikkje orkar å bli i dei til dei når pensjonsalder.

Det er her årsaka til dei raude leiarkinna ligg. For toppleiarlønningane kan kanskje framstå normale og forsvarlege i eit rom med andre toppleiarar. Men på ei vanleg norsk strand eller campingplass vil avstanden til kvardagen vanlege folk lever framstå himmelropande.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen