Kommentar

Rommet for fridom blir stadig mindre

Det er under eit halvt år sidan fakkeltoget stod under balkongen på Grand Hotell. Dei hylla fredsprisvinnarane, ein av dei den russiske uavhengige journalisten Dimitrij Muratov.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

No er han støtt ut i mørkret i sitt eige land. Avisa han grunnla: Novaja Gazeta, er stoppa. Muratov opplever fiendtlege angrep og lever svært usikkert i eit stadig meir autoritært Russland.

Det var sikkert fleire enn meg som reflekterte litt over omgrepet fridom på 17. mai i år

Han er ikkje åleine. For nokre veker sidan blei den palestinske journalisten Shireen Abu Akleh skoten medan ho dekte konflikten på Vestbreidda. I 2021 blei 45 journalistar drepne medan dei var i arbeid. Det er 15 fleire enn året før, altså ein vesentleg auke.

Det er kritisk for kritiske røyster for tida. Rommet for grunnleggande sivile rettar blir stadig mindre. Det gjeld ikkje berre ytringsfridom. Også fridomen til å organisere seg og delta i forsamlingar er under sterkt press. Dette er rettar som styresmaktene i eit land har plikt på seg til å beskytte. Dessverre gjer fleire og fleire land det motsette, dei forbyr, truar og kneblar det sivile samfunnet.

Dette er hendingar som truar tryggleiken, men som òg tørkar ut sjølve limet i samfunnet, det som held oss saman, som skaper tillit og gjer oss medmenneskelege. Det er det sivile samfunnet. Sjølve rettsrommet vårt. På engelsk blir dette rommet kalla for «civic space». Det kan seiast slik: «Borgarområdet blir skapt av eit sett av universelt aksepterte reglar, som lar menneske organisere, delta og kommunisere med kvarandre fritt og utan hindringar, og på denne måten påverke dei politiske og sosiale strukturane rundt seg». Med andre ord: Fridom.

Å leve i eit slikt fritt sivilt rom, er i dag eit privilegium berre nokre få har tilgang til. Ifølge den siste rapporten frå CIVICUS er det berre tre prosent av befolkninga i verda som ikkje opplever restriksjonar på kva dei kan delta i, vere medlem av, meine, seie og skrive.

Det var sikkert fleire enn meg som reflekterte litt over omgrepet fridom på 17. mai i år. Ikkje berre fordi det var den første store folkelege feiringa på tre år, men òg på grunn av dagens dystre internasjonale bakteppe.

CIVICUS er ein global allianse som overvaker fridom og rettar i 197 land. Den siste rapporten frå CIVICUS Monitor viser at talet på menneske som lever i land med betydelege restriksjonar på sivile rettar, deriblant ytringsfridom og retten til organisering og forsamling, no omfattar nesten 89 prosent av befolkninga i verda. Fleire land hamna på eit lågare nivå med omsyn til rettar i 2021, blant anna fire i Europa: Polen, Belgia, Tsjekkia og Kviterussland.

Nesten to milliardar menneske i verda lever under det alvorlegaste nivået til CIVICUS, som er «Stengt». Kvifor fryktar makthavarane rettane deira eigne innbyggarar har?

Fordi dei kan føre til kritikk, opposisjon og politisk omvelting. Denne redselen blir styrkt dersom organisasjonar og grupper får støtte frå utanlandske givarar. Bak dette er angsten for «femtekolonnistar». Nokre land bruker ord som «agentar» eller «spionar» om grupper som får midlar utanfrå.

Dette blir ofte brukt til å forby og avgrense utanlandske donasjonar. Sidan 2011 har meir enn 20.000 ikkje-statlege organisasjonar i India blitt nekta å ta imot pengar frå utlandet.

Men også grupper og foreiningar som ikkje mottar utanlandsk støtte, er i fare. Fleire metodar blir brukt for å hole ut retten til forsamling og organisering. Hyppige krav frå styresmaktene om rapportering, registrering og re-registrering er ein måte å bryte ned organisasjonane på.

For oss som arbeider med å bidra til utvikling i fattige land, er eit vitalt og oppegåande sivilsamfunn sentralt. La oss stoppe opp ein augneblink ved kvifor: For det første er det eit mål i seg sjølv. I norsk utanrikspolitikk og utviklingspolitikk prøver vi å styrke rettar og fridom for menneska, blant anna gjennom å støtte eit aktivt sivilt samfunn. Alle utvikla samfunn har eit meir eller mindre sterkt sivilt samfunn, som kan organisere seg sjølv og skape møteplassar uavhengig av staten. For det andre er det ein reiskap for sosial og økonomisk utvikling. 23 prosent av det norske bistandsbudsjettet går til sivilsamfunnspartnarar. Ofte har desse den aller beste evna til å nå ut til dei fattigaste, og sørge for at pengane blir brukte der dei trengst mest.

Fleire av Norad sine samarbeidspartnarar melder om eit stort press og eit stadig minkande handlingsrom. I fjor blei Flyktninghjelpa suspendert og fekk bankkontoar fryste i Etiopia i om lag fem månader. Den formelle årsaka var administrative forhold og «offentlege bodskap». Dette skjedde etter at Jan Egeland hadde gått høgt ut på banen internasjonalt med kritikk av den fæle framferda under dei første månadane av Tigray-konflikten.

Korona-pandemien er framleis eit påskot for å innskrenke rettar. «Styresmakter over heile verda set ein svært farleg presedens ved å bruke ei helsekrise som eit røykteppe for å slå ned på protestar og å vedta eller endre lovgiving som ytterlegare svekkar folk sine rettar», seier Belalba Barreto i CIVICUS.

Det urovekkande er at vi venner oss til det. Det må vi ikkje gjere, vi må tvert imot vende merksemda mot det. Kva er så svaret for oss som er uroa: Jo, auk det politiske presset på at det sivile rettsrommet er viktig. Bistand må bidra til å styrke sivilsamfunnet i utsette land. Dokumenter det som skjer, som CIVICUS gjer. Og framfor alt: Ikkje gi seg.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen