Kommentar

Lærdommar etter 22. juli-debatten

10-årsmarkeringa av terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya vart sterk og verdig, men også arena for ein stor debatt om høgreekstremisme. Kva har vi lært?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg trudde at 22. juli 2011 skulle endre norsk politisk debatt, og føre til ei massiv avvising av høgreekstreme idear og kva konsekvensar dei kunne få. Mange av kommentatorane i norske medier skreiv det same. Men det skjedde ikkje.

Kvifor ikkje? For det første, slik Jens Stoltenberg har peika på, dominerte andre sider ved 22. juli debatten. Rettsaka, deriblant diskusjonen om terroristen var strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Diskusjonen om beredskap vart raskt sentral, og varte i realiteten ut våren 2013. Samfunnsdebatten kan av og til fungere slik at det knapt er plass til fleire ting samstundes.

Samstundes har historikar Hallvard Notaker i si bok «Arbeiderpartiet om 22. juli» vist at AP sjølv la vekt på å samle Noreg til forsvar for felles demokratiske verdiar, snarare enn eit politisk oppgjer. Arbeidarpartiet var offer for terrorhandlinga, og samstundes ansvarleg for statsapparatet som skulle handtere konsekvensane av det.

Med den brutale bakgrunnen var det naturleg for våre leiarar å trøyste, samle og vise ein felles veg. Å samle går ikkje godt i hop med eit politisk oppgjer, som i sin natur kan vere polariserande.

Dermed fekk vi på mange måtar det motsette av eit politisk oppgjer. Snarare ein situasjon der politikk vart teke ut av likninga. Fleire av dei overlevande som har skrive bøker og artiklar denne våren har formulert dette poenget. Ei kjensle av at dei var ønska som offer, ikkje politiske aktørar i ein debatt etterpå.

«Dersom en fotballturnering hadde blitt utsatt for et terrorangrep, tror jeg vi ville ha applaudert den første fotballkampen de overlevende hadde spilt etterpå. Vi ville vært stolte av fotballspillere som tok initiativer som «fotball for trygghet» eller «forsvar demokratiet». Men å svare på politisk motivert vold med politisk debatt og aktivitet blir oppfattet som upassende, nærmest uakseptabelt» skriv Tonje Brenna.

Det tok også tid å fordøye og forstå. Etter å ha lese fem av bøkene som kom i vår, syns eg det framstår openbart at dei ikkje kunne vore skrive før terrorangrepet var på avstand. Det var i staden no, 10 år etter, at debatten kom. Kva kan vi ta med oss frå debatten vi fekk?

For det første: Vi har i dag ei langt sterkare semje om samanhengen mellom ord og handling, at ord betyr noko. Hausten 2011 fekk AUF-leiar Eskil Pedersen massiv merksemd – og massiv kritikk – etter sin tale til LOs kartellkonferanse på Gol, samt påfølgande intervju.

«Det er selvfølgelig forskjell på argumenter og vold, men det er klart at alle har et ansvar for hvilke argumenter man bruker. Man må ta det ansvaret når man har en plattform der mange lytter» sa Pedersen til NRK, og ba alle ta eit ytringsansvar.

I dag er denne samanhengen meir ålment akseptert. «Eskil Pedersen hadde rett. Me treng ytringsansvar» skreiv kommentator Morten Myksvoll i Bergens Tidende 21.juli 2021 utan at det skapte furore.

Gjennom å praktisere takhøgde for kva ytringar vi aksepterer ein raus praksis for å aktivt støtte eit mangfald av stemmer, kan ytringsfridomen vere vid.

For det andre: Når det er meir akseptert, trur eg det er fordi fleire ser at vi ikkje må velje mellom ytringsfridom og ytringsansvar. I debatten for 10 år sidan var det mange som oppfatta eit omgrep som «ytringsansvar» som eit angrep på ytringsfridomen. Pedersen og andre gjorde ei kobling mellom orda enkelte politikarar (og andre) hadde brukt og haldningane til gjerningsmannen. Det blei omtalt som ein illiberal impuls, og eit forsøk på å kvele debatten.

Men kan vi ikkje ha ei liberal tilnærming til tilgangen til å ytre seg, samstundes som ein stiller ekstreme ytringar til ansvar og slår ned på desse gjennom argument og ved å påpeike ansvaret ein har? Etter mitt syn er det openbart.

Gjennom å praktisere takhøgde for kva ytringar vi aksepterer ein raus praksis for å aktivt støtte eit mangfald av stemmer, kan ytringsfridomen vere vid. Gjennom å praktisere dei grensene lovverk set, ansvarleggjere avsendarar og halde offentleg debatt ved like kan vi gjere meir for å ta ansvar.

For det tredje: Anar vi eit generasjonsskilje i synet på høgreekstremisme? To ting har sett meg på denne tanken. Det eine er at det er yngre politikarar som drive debatten. AUFarar og andre unge på venstresida, men også til høgre i landskapet: Ein sterk solidaritet med AUF har kome fram i gjennomtenkte innlegg frå leiarane i Unge Venstre og Unge Høgre.

Andre yngre politikarar i både Høgre, KrF og Frp har på ulikt vis påpeika det særlege ansvaret høgresida har for å kjempe mot høgreekstremisme.

Det andre var ein twitter-tråd frå Venstres Mathias Fischer la ut. Han påpeika at mange av redaktørane (og på vegne av meg sjølv vil eg legge til: politikarane) etter 22. juli sjølv var forma av den førre store ytringsfridomsdebatten i Noreg: karikaturstriden. Karikaturstriden brakte ytringsfridomen i Europa under angrep, med vald.

I denne striden var retten til å kritisere religion og religiøse praksisar kjernen. Det vart avgjerande viktig å slå ring rundt ytringar sjølv om dei var krenkande for andre. I denne fortolkingsramma var det kanskje viktigare etter 22. juli å sleppe til alle stemmer, enn å halde dei ansvarleg for farlege ord og ekstreme haldningar.

For det fjerde: Dette har vi også lært – at det politiske oppgjeret med høgresekstremisme ikkje er eit oppgjer, men eit kontinuerleg arbeid for å bygge og utvikle det samfunnet som kan stå mot høgreekstremismen. Dette arbeidet ligg ikkje på ein organisasjon, ein tale eller eit utspel, men på alle menneske i sine ulike posisjonar. Vi kan ikkje vente på oppgjeret, eller møte opp til oppgjeret, vi er oppgjeret. Eller vi er det ikkje.

Tiårs-markeringa var også viktig fordi den skapte arenaen for debatten. Ofte treng ein debatt ein arena, eller ein grunn. Markeringa var arenaen. Det fekk forlag på tanken om å lansere bøker, filmselskap til å produsere film, redaksjonar produserte innhald og debattar, institusjonar og det offentlege lagde arrangement. Slik sett har den vist seg nyttig både for å minnast, engasjere oss og skape lærdom.