Kommentar

Kulturrevolusjonen

For førti år sidan gjekk MTV på lufta. Musikkverda vart aldri den same.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Då eg gjekk på ungdomsskulen prøvde musikklæraren vår å få oss til å slutte med å sjå på musikkvideoar. Dette var midt på 1990-talet, og denne læraren var neppe eldre då enn kva eg og mine dåverande klassekameratar er i dag, men det eksisterte ein uoverstigeleg kulturhistorisk avgrunn mellom oss og hen.

For denne læraren var musikkvideoar eit eksistensielt trugsmål mot musikken i seg sjølv. Dei fargesterke bileta som flimra over skjermen stod i vegen for den reine musikkopplevinga og gjorde at vi fekk ei overlatisk og mangelfull forståing av det som eigentleg var viktig: komposisjon, arrangement, tekst og framføring.

Sjølv syntest eg dette kravet om eit slags musikalsk reinheitsgebot var både uforståeleg og bisart, særskilt når det kom frå ein person som trass alt hadde vald seg musikk som leveveg. Kvifor ha så dårleg sjølvtillit på musikken sine veigner? Var verkeleg (pop)musikk eit så veikt kulturelt uttrykk at det ikkje kunne kome til sin rett når det vart kombinert med andre uttrykksformer?

Svaret, både for min eigen del og for dei aller fleste på min alder, vil eg tru, var og er eit openbert nei. For oss var det ein sjølvsagt ting at musikk og levande bilete gjensidig kunne berike kvarandre. Vi tenkte kanskje ikkje over det den gongen for 25 år sidan, men musikkvideoen var på mange måtar vår generasjons definerande kunstform.

Grunnen til dette var i svært stor grad ein TV-kanal som vart lansert i USA medan vi framleis befann oss i vår aller spedaste barndom. 1. august 1981 gjekk MTV på lufta for første gong. Kanalen lanserte seg sjølv med ein nærast uhøyrt sjølvtillit. Dei første bileta som vart viste på skjermen var frå den første månelandinga tolv år tidlegare, men det amerikanske flagget som vart planta på månen av mannskapet på Apollo 11 var no erstatta med MTV-logoen.

Slik demonstrerte kanalen sine ambisjonar. MTV ville noko meir enn å berre formidle, dei ynskja å vere ein premissleverandør. Dei ville ta eigarskap til, definere og profitere på ungdomskulturen. Det skulle dei i løpet av dei neste to tiåra lukkast overmåte godt med.

Den første musikkvideoen som vart vist på kanalen var «Video Killed the Radio Star», debutsingelen til det synthbaserte britiske new wave-bandet The Buggles, som hadde toppa hitlistene i 16 land då han kom ut i 1979. Songen var på ei og same tid både nostalgisk og profetisk, og innevarsla videoens tidsalder i popmusikkhistoria.

Det skal rett nok seiast at mange ulike aktørar hadde kombinert musikk med film lenge før MTV kom på banen. Allereie på slutten av 1920-talet, då lydfilmen kom, vart det gjort enkelte innspelingar som i praksis er rudimentære «musikkvideoar». Bluesdronninga Bessie Smith framførte til dømes schlägeren «St. Louis Blues» på film i 1929.

Musikkvideoen var på mange måtar vår generasjons definerande kunstform.

I etterkrigstida fekk ein store kassasuksessar på kino i form av musikkfilmar som den epokedefinerande «Rock Around the Clock» (1956) og filmatiserte musikalar som «West Side Story» (1961).

Omtrent på same tid lanserte det franske selskapet Cameca den såkalla Scopitone, ein slags visuell jukebox som etter kvart vart ganske populær i fleire europeiske land.

Utover 1960-talet vart det stadig vanlegare at popartistar spelte inn promofilmar for å marknadsføre nye singlar, samstundes som dei aller største stjernene, som The Beatles, laga eigne spelefilmar kor «handlinga» ofte var ei syltynn orsaking for at bandet skulle framføre musikken sin.

Den klassiske dokumentaren frå Woodstock-festivalen (1969) klargjorde grunnen for stilskapande konsertfilmar som Led Zeppelins «The Song Remains the Same» (1976) og The Band sitt Martin Scorsese-regisserte meisterverk «The Last Waltz» (1978).

Det fanst altså mange forløparar, men lanseringa av MTV innebar likevel eit veritabelt paradigmeskifte. Promofilmen eller musikkvideoen var ikkje lenger berre eit kommersielt vedheng til låten du ynskja å nå ut til publikum med, men eit sjølvstendig kulturelt uttrykk med kunstnarleg eigenverdi. Utover 1980- og 90-talet gjorde musikkvideoestetikken seg òg etter kvart stadig sterkare gjeldande i «ordinær» film og TV.

Den opphavlege hovudmålgruppa til MTV var kvit middelklasseungdom i suburbia. Difor viste kanalen svært få afroamerikanske artistar dei første åra. Låten som braut ned denne barrieren var «Billie Jean» med Michael Jackson. Ifølgje legenden skal plateselskapssjefen til Jackson ha truga med å nekte kanalen å spele all musikk som kom ut på selskapet viss ikkje videoen vart vist.

I løpet av 1980-talet etablerte hiphop seg som den mest vitale og nyskapande sjangeren i det populærmusikalske landskapet, noko som førte til at det afroamerikanske nærvéret i den kulturelle hovudstraumen var sterkare enn nokon gong før.

Ved inngangen til eit nytt tiår kom ei ny bølgje alternativ rock. Sinte, unge menn frå Seattle og dalstroka innafor med for store flanellskjorter og uvaska hår. «Here we are now, entertain us!», forlangte Kurt Cobain i Nirvana sin gjennombrotshit «Smells Like Teen Spirit». Det vart eit ironisk kamprop for ein frustrert generasjon.

Det er ingen tvil om at MTV bidrog sterkt til at desse i utgongspunktet smale og nokså sære rørslene fekk eit gjennomslag dei elles neppe ville ha fått. Spørsmålet er om kanalen òg var med på å svekke opprørspotensialet i musikken, temme raseriet og samfunnskritikken ved å leggje til rette for kommersielt massekonsum.

Var MTV ein genuint konstruktiv bidragsytar til ungdomskulturen på 1980- og 90-talet, eller ein kynisk profitør som nådelaust utnytta han? Kan dei rett og slett ha vore begge deler?

Det som iallfall er sikkert, er at kanalen frå tusenårsskiftet og framover gradvis har gått over frå å vere ein formidlingsarena for musikk til eit konglomerat som først og fremst satsar på røyndoms-TV og generell underhaldning.

Samstundes har musikkvideoen i seg sjølv mista mykje av sin relevans. Det vert framleis laga musikkvideoar, men sjangeren verkar ikkje å ha den livskrafta han hadde før.

Eller kanskje er eg berre ein halvgamal mann som saknar sin for lengst tapte ungdom?