Kommentar

Dag og tid

Korleis vart ein bakgårdskatt frå Sandefjord Noregs mest feira forfattar?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Denne veka fylte Dag Solstad 80 år. I eit stort intervju med Dagsavisens Bernt Erik Pedersen fortel jubilanten at han ikkje kjem til å skrive fleire romanar. Viss det stemmer, tyder det at siste punktum er sett for eit av våre mest markante og særprega forfattarskap. Solstad rundar i så fall av med ein slutt som er absolutt: På siste side av «Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen» (2019) døyr den tidlegare kemneren på Kongsberg i barnebarnet Wiggo sine armar.

No skal ein ikkje alltid stole på alt Solstad seier om seg sjølv. Allereie i 1999, etter utgjevinga av det mørke meisterverket «T. Singer», kunngjorde han at forfattarskapet hans var over, og at det han i framtida eventuelt kom til å skrive ville vere «unnatak». Produksjonen sidan har ikkje vore enorm, men han har trass alt utgjeve fem romanar, i tillegg til talrike artiklar og essays.

Solstad har vore så sentral så lenge at det er vanskeleg å førestelle seg moderne norsk litteratur utan han. Mange sel langt fleire bøker. Karl Ove Knausgård er kjend over heile verda. Jon Fosse disponerer Grotten, staten sin æresbustad for kunstnarar. Likevel er det truleg ingen annan nolevande norsk forfattar som har like høg status som Dag Solstad.

Posisjonen hans er så ubestrideleg og sterk at det er vanskeleg å skrive om forfattarskapet hans utan å framstå som anten naivt bejublande eller påtatt kritisk.

Når Dag Solstad ytrar seg, lyttar folk, anten det han ytrar seg om er ytringsfridom, rettskriving eller elsparkesyklar. Eit skarpt intellekt skjult bak ei stotrande framtoning har gjort han til ein slags eksentrisk guru. Personaen hans er, paradoksalt nok, truleg både ekte og utstudert. Han har sjølv skrive om «de rekvisitter jeg bruker til den offentlige iscenesettelse av meg selv».

Ein av desse rekvisittane er ein openlys glede ved å vere kontrær, markere avstand til dei rådande trendane i tida. Solstad avskyr det meste som kjem frå USA, politisk og ikkje minst kulturelt. Han er intuitivt skeptisk til populærkultur. Han stiller seg «helt likegyldig til ytringsfriheten». Han «har ikke lyst til verken å sjarmere eller være populær». Han er «motstander av internett». Og så bortetter.

Solstad har erklært seg sjølv som «tidsforræder», og særleg den seinare delen av forfatterskapet er dominert av «ubehaget ved å måtte leve i denne tid og under disse betingelser», som det heiter i «Genanse og verdighet» (1994). Men trass i dette - eller kanskje nettopp difor - har han synt ein forbløffande evne til å stadig vere aktuell, ei evne til å fornye seg, tidvis i pakt med tida, men minst like ofte i strid med henne.

Slik var det då han som ung mann kom inn i krinsen kring tidsskriftet Profil på 1960-talet - eit miljø kor han ifølgje seg sjølv var «en læregutt» i selskap med markante personlegdommar som Jan Erik Vold, Espen Haavardsholm, Tor Obrestad og Einar Økland. Men læreguten byrja raskt å sjølv setje (beklagar ordspelet) dagsorden.

Slik var det på 1970-talet då han var den dominerande litterære krafta i miljøet kring AKP(m-l). Slik var det på 1980-talet då han fekk sitt store gjennombrot med romanane om AKP-æraen, først og fremst «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» (1982) og «Roman 1987» (1987), som han mottok Nordisk råds litteraturpris for. Og slik har det vore sidan.

Solstad har synt ei forbløffande evne til å stadig vere aktuell, ei evne til å fornye seg, tidvis i pakt med tida, men minst like ofte i strid med henne.

Det skapte eit visst oppstuss då Inger Østenstad, i dag førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, i samband med si doktoravhandling om Solstad sitt forfattarskap hevda at han gjennom heile karriera medvite hadde drive med «merkevarebygging». Skulle han, den kapitalismekritiske alvorsmannen, ein forfattar som i fleire av romanane gjer eit sentralt poeng av å forsøke å avsløre reklamen sitt språk og makta det har over menneska, liksom ha drive med ein slags snikreklame for seg sjølv?

Snarare er det nok først og fremst slik at sjølve kvaliteten i forfattarskapet - det snirklete, omstendelege, men likevel klargjerande språket; evna til å sjå sitt eige samfunn og si eiga samtid innanfrå og utanfrå samstundes - har gjort Solstad bortimot uunngåeleg for den som ynskjer å forstå kva det vil seie å vere norsk gjennom skjønnlitteratur.

I «Professor Andersens natt» (1996) hevdar litteraturprofessor Andersen at viss Henrik Ibsen hadde døydd som femtiåring «ville han i dag ha vært en glemt dramatiker.» Ein kan neppe seie det same om Solstad som romanforfattar, men likevel er det nok dei fem romanane han skreiv då han var mellom femti og seksti som i hovudsak gjer at han ikkje berre er ein viktig forfattar i dag, men òg vil vere det i framtida. «Ellevte roman, bok atten» (1992), «Genanse og verdighet», «Professor Andersens natt», «T. Singer», «16.07.41» (2002).

I desse bøkene møter vi sære, skakkøyrde, introspektive hovudpersonar som i god ibsensk ånd held dommedag over seg sjølv og over samfunnet. Kemner Bjørn Hansen som friviljug sett seg i rullestol og kallar det sitt «livs store bragd». Den «litt fordrukne» lektoren Elias Rukla, som mistar grepet om tilværet i det han ikkje klarar å få slått opp paraplyen sin. Professor Andersen som vert vitne til eit mord, men ikkje får seg til å melde frå om det. Den gåtefulle bibliotekaren T. Singer, som forfattaren har kalla den einaste helten han har skrive om.

I «16.07.41» er hovudpersonen Solstad sjølv. I forfattarskapet elles avstår han stort sett frå å skildre romanpersonane sin barndom, men her går han tett på seg sjølv som barn og skriv ikkje minst sterkt og rørande om det nære forholdet til faren, som døydde då Solstad var elleve år. Skildringa av faren som ein himmelsk engel er bokstaveleg tala overjordisk god.

«Jeg har ikke vært meg selv siden far døde. Jeg har vært forfatteren Dag Solstad», skriv han mot slutten av romanen. Det er han framleis, sjølv om han visstnok ikkje skal skrive romanar meir.