Kommentar

Den vanskelege ytringsfridomen

Ytringsfridom skal det vere, står det i Grunnlova. Men ingen rett er utan grenser. Kven skal avgjere kor grensa går?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Det vekte oppsikt då Begard Reza sist veke valde å trekke seg frå den regjeringsoppnemnde Ytringsfridomskommisjonen. Reza, som er generalsekretær i Salam, ein organisasjon for skeive med muslimsk bakgrunn, gjekk i ein kronikk i VG til åtak på kommisjonen og skulda han for å ha svikta mandatet sitt når det gjeld å «vurdere tiltak for å sikre trygge rammer for utøvelse av ytringsfriheten».

Ho hevda vidare at kommisjonen «i praksis fungerer som et politisk verktøy», at fleire av medlemmene er «beryktet» som «kulturkrigere» hjå grupper som transpersonar, feministar, antirasistar og kunstnarar, og kritiserte sekretariatet for å ha invitert «rasister og hatpredikanter» til møte i regi av kommisjonen.

Dette er svært harde klagemål, og ein må sjølvsagt spørje seg om dei er rimelege. Reza nemner ingen namn, men viss ein studerer lista over medlemmene i kommisjonen og deltakarane på møta deira er det relativt enkelt å gjette seg fram til kven ho siktar til. Minst like opplagt er det at ingen av desse ville godta slike merkelappar sjølv.

Reza sin retrett kan tene som utgongspunkt for ein større diskusjon om kva ytringar ytringsfridomen er meint å verne og ikkje minst kva typar ytringar personar og grupper i samfunnet kan rekne med å verte verna mot.

Ytringsfridomen vart nedfelt i den norske Grunnlova allereie i 1814. Men retten til å ytre seg er ikkje utan grenser. Viss du offentleg ytrar deg diskriminerande eller hatefullt kan du straffast med bot eller fengsel. Dei fleste forstår og godtek at det må finnast sanksjonar mot slike ytringar.

Men den debatten som pågår no handlar kanskje først og fremst om gråsoneytringar. Ytringar som oftast ikkje er straffbare, men som likevel kan opplevast som ubehagelege, nedverdigande eller i verste fall trugande. Kva skjer viss eg gjennom mine ytringar avgrensar ytringsfridomen din?

Rabalderet den siste veka fortel oss noko om dette. Den konkrete hendinga som førte til at Begard Reza bestemte seg for at nok var nok var at Ytringsfridomskommisjonen inviterte hedgefond-millionæren Are Søvik til eit av møta sine. Søvik er mest kjend under alteregoet Sløseriombudsmannen, som har godt over 70 000 følgjarar på facebook.

Sløseriombudsmannen hevdar at han «gransker hvordan byråkrater og politikere sløser bort dine skattepenger». Sjølv om ordlyden er sterkt tendensiøs er dette i utgongspunktet ein heilt legitim aktivitet, men Søberg sine kritikarar meiner at han går vesentleg lenger.

Den nye striden om ytringsfridomen er ikkje berre ein konflikt langs den tradisjonelle høgre/venstre-aksen, men i minst like stor grad ein generasjonskonflikt, ein konsekvens av heilt ulike måtar å forstå og fortolke verda på.

«Våre kunstnere ønsker ikke å være med på samme arrangement som Sløseriombudsmannen», uttalte forbundsleiar Kristine Karåla Øren i Norske Dansekunstnere til Dagsavisen sist fredag. «Dette er en person som har tilrettelagt for hets og trakassering av våre medlemmer. Rammene oppleves som utrygge.» Femten ulike kunstnarorganisasjonar skreiv under på eit opprop Norske Dansekunstnere sende ut i samband med saka.

Reaksjonane lot ikkje vente på seg. «Det er et paradoks at kunstnerorganisasjonene, som har en stolt historie i kampen mot sensur, nå later til å støtte sensurlignende tiltak», skreiv leiaren for Ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, og kommisjonsmedlemmet Jan Inge Sørbø.

Eit anna kommisjonsmedlem, Eirin Eikefjord, politisk redaktør i Bergens Tidende, skreiv at «boikott er det feige svaret» og hevda at «kunstnerne bommer stygt når de krever knebling av kritikk.»

Også fleire medlemmer av kunstnarorganisasjonane som skreiv under på oppropet har tatt avstand frå innhaldet i det.

Men problemstillinga er reell. Fritt Ord la i januar fram ein rapport som viser at «det har vært en negativ utvikling siden 2014 mht. hvordan kunstnere oppfatter ytringsfriheten i Norge som i stor grad skyldes endringer i offentligheten og hvordan sosiale medier fungerer.»

Sløseriombudsmannen benyttar seg tidvis av såkalla «ragebait», ein strategi som elles er mest kjend frå bloggar på den radikale høgresida: Ein presenterer ei sak på ein bevisst provoserande måte og inviterer såleis lesarane til å gå amok med hets og sjikane i kommentarfeltet.

At mange opplever ei for stor belasting ved å ytre seg under slike omstende er forståeleg, men bekymringsfullt.

Då Begard Reza trekte seg frå Ytringsfridomskommisjonen, skreiv kommisjonsmedlemmet Kjetil Rolness at «en ny bevegelse av aktivister på ytre-venstresiden ikke lenger er interessert i å samtale eller argumentere», men i staden føretrekk å framføre «drøye moralske angrep fra utsiden.» Reza, på si side, skulda i sin VG-kronikk kommisjonen for å «hvitvaske noen av de groveste metodene til den nye, radikale høyresida.»

Interessant nok anklagar begge sider motparten for å ha importert fordummande og potensielt skadelege diskursar frå den for tida svært uforsonlege samfunnsdebatten i USA.

Høgresida hevdar at «politisk korrekte» konsept som den såkalla «woke»-rørsla og «kanselleringskulturen» denne rørsla vert hevda å representere er illiberale og til hinder for fri meiningsbryting. Venstresida meiner at den radikale høgresida fører ein «kulturkrig» som har som føremål å skremme meiningsmotstandarar til tystnad.

Den nye striden om ytringsfridomen er likevel ikkje berre ein konflikt langs den tradisjonelle høgre/venstre-aksen, men i minst like stor grad ein generasjonskonflikt, ein konsekvens av heilt ulike måtar å forstå og fortolke verda på.

Truleg må vi attende til sekstiåttaropprøret for å finne større avstand enn den vi ser i dag mellom dei unge vaksne og den etablerte generasjonen som innehar dei fleste maktposisjonane i samfunnet. Det er definitivt den sistnemnde gruppa som dominerer i Ytringsfridomskommisjonen.

Dei unge meiner dei etablerte har svikta når det gjeld å verne sårbare grupper mot skadelege ytringar. Den eldre garde fryktar det dei oppfattar som ein autoritær nymoralisme hjå dei unge.

Kjetil Rolness har rett i at det ville vere fint med ein samtale om dette. Men for at ein samtale skal vere meiningsfylt må alle involverte oppleve at dei vert lytta til.