Kommentar

Vaksinens tidsalder

Koronakrisa har vist oss korleis eit samfunn utan vaksinar kan vere.

Eg hadde meslingar då eg var liten. Eg hugsar det mest for kakaoen – og litt for feberfantasiane. Dei første dagane hadde eg høg feber, og låg med dyna pakka rundt meg i stova. Vaken og sovande om kvarandre, med diffuse smerter i kroppen; eg hugsar det uroa mamma. Ho blei så uroleg at eg fekk kakao midt på dagen! Kanskje eg drog på litt ekstra med feber og smerte. Det heile var vel relativt udramatisk.

No er dei fleste barn i Noreg vaksinerte. Prikkane er borte. I Noreg er meslingar lite frykta.

Likevel er det meir enn berre ein «ufarleg» barnesjukdom. Meslingar kan gi alvorlege komplikasjonar som hjerne-, lunge- eller øyrebetennelse, noko som kan få store konsekvensar i fattige land med svake helsesystem. Og sjukdommen er ekstremt smittsam!

I dette merkelege året har vi blitt kjente med smittetalet R. Her og no gjeld det å halde R-talet for covid-19 under 1.

R-talet for meslingar er 12 til 18. Det betyr at meslingviruset er det mest smittsame i verda av dei virusa vi kjenner til. Ein treng ikkje å vere i same rom for å bli smitta; ørsmå dråper kan bevege seg i lufta i timevis.

For nokre veker sidan kom ein alarmerande rapport frå Verdshelseorganisasjonen (WHO). Rapporten fortel om fleire meslingtilfelle enn på tjue år. Talet på personar som har døydd av sjukdommen, har stige med 50 prosent sidan 2016. Rundt tusenårsskiftet og 2016 var tala på veg ned, men no har sjukdommen blomstra opp igjen. Berre i fjor døydde 207.500 menneske av meslingar.

Utbrota er geografisk spreidde: Dei er størst i Den demokratiske republikken Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Georgia, Kasakhstan, Ukraina, Nord-Makedonia, Madagaskar, Samoa og Tonga.

Covid-19 har styrkt den negative tendensen. Stilt overfor dei store helseutfordringane som følgjer med handteringa av viruset, har 26 land måtta sette meslingvaksinen på pause. Ein sjukdom som enkelt kan forhindrast med ein gjennomprøvd og rimeleg vaksine.

Covid-19 er ikkje aleine om ansvaret for oppsvinget av meslingar. Misoppfatningar, vaksinemotstand og mistillit til myndigheiter er også ei årsak til at barn ikkje blir vaksinerte.

Vaksinemotstand er ikkje noko eintydig fenomen. Nokre menneske er imot vaksinar av personleg overtyding. Men i fleire delar av verda ser vi at vaksinemotstand føyer seg inn i andre samfunnsprotestar og konspirasjonsteoriar. Ein av dei meir spesielle teoriane er at Bill og Melinda Gates, som har gitt enorme bidrag til vaksinering av barn i fattige land, er dei som står bak covid-19-pandemien. Andre teoriar går ut på at myndigheiter vil kontrollere innbyggarar ved å gi dei farlege vaksinar. Verdshelseorganisasjonen vurderer vaksinemotstand som ein av dei ti største truslane mot verdshelsa. Og det er ikkje noko nytt.

14. mai 1796 sette den engelske landsbylegen Edward Jenner den første koppevaksinen på ein åtte år gammal gut. Jenner hadde oppdaga at folk som arbeidde i fjøs med kyr som var smitta av kukoppar, blei immune mot koppar. På det grunnlaget laga han vaksinen. Ordet vaksine kjem frå det latinske vacca, som betyr «ku».

Koppar var ein forferdeleg sjukdom. I løpet av 1700-talet døydde mellom 45 og 60 millionar menneske i Europa av koppar. Dei som overlevde, fekk stygge og skjemmande kopparr. No blir vaksinen til Jenner rekna som ein av dei store sigrane i medisinen. Koppar er utrydda. Men Jenner møtte også vaksinemotstand – for over 200 år sidan. Legar stritta imot, og det gjorde også religiøse grupper. Dei meinte at koppesjukdommen var ei straff som Gud hadde sendt, og den skulle menneska ta. Andre meinte at det var skandaløst å forstyrre Guds skaparverk ved å bringe dyresjukdom inn i kroppen.

Barnedødelegheit har vore ei forbanning for menneska opp igjennom historia. Med oppdaginga av vaksinar blei det mogleg å bryte denne forbanninga. Ein vaksine mot polio kom i 1955 og meslingvaksinen i 1963. WHO anbefaler å bruke ti vaksinar i rutinevaksinasjonsprogram verda over, inkludert nye viktige vaksinar mot lungebetennelse og diaré, som forårsakar ein stor del av barnedøyinga.

Verkeleg substansielle resultat blei det etter at initiativ som til dømes vaksinealliansen GAVI – med den norske legen Tore Godal som pådrivar – starta sitt arbeid i 2000. Sidan den gongen er over éin milliard barn blitt vaksinerte. Når det gjeld meslingar, er 23 millionar dødsfall forhindra.

Då statusen for tusenårsmåla blei gjort opp i 2015, blei det slått fast at det aldri før i menneskehistoria hadde vore ein slik reduksjon i barnedøyinga som i åra frå 1990 til 2015.

Optimismen er der enno, men covid-19 er eit tilbakeslag, blant anna for nye utbrot av meslingar og andre sjukdommar. Det er ein viktig grunn til at Noreg styrker arbeidet med andre sjukdommar og helseproblem samtidig som vi investerer i å kjempe mot covid-19.

Koronakrisa har vist oss korleis eit samfunn utan vaksinar kan vere. No er det berre eitt virus som har vippa oss av pinnen. Tenk om det var fleire som vi ikkje kunne beskytte oss mot. Vi lever heldigvis i vaksinens tidsalder. Rettferdig tilgang til vaksinar mot covid-19 og andre sjukdommar vil vere avgjerande for utviklinga i verda dei neste åra.

Mer fra Dagsavisen