Kommentar

Det store spelet

Allereie før koronapandemien var fotballen i djup krise. Kan sporten reddast frå seg sjølv?

Denne helga skulle det vore EM-finale i London, på sjølvaste Wembley. Ei verdig og høgtidsstemt avslutting på ein månadlang, feiande flott fotballfestival.

Ei forrykande førestelling mellom kontinentets to beste lag.

Medan lagkameratane jubla, konfettien fauk og «We Are The Champions» (irriterande nok) runga mellom tribunane, skulle ein sveitt og utsliten, men lukkeleg kaptein løfte det forjetta trofé over hovudet i triumf.

Slik vert det ikkje.

Les også: Raja ber helsemyndighetene vurdere fotballens breddeprotokoll

Fotballen har, som alle andre aktørar i samfunnet, opplevd praktiske problem, uføreseielege utfordringar og til dels kritiske konsekvensar av covid-19, og ein av konsekvensane er altså at europameisterskapen for herrar anno 2020 er utsett til 2021.

Per i dag er det vanskeleg å sjå føre seg kva slags verd vi lever i når den tid kjem. Men situasjonen gjev oss ein sjanse til å gjere seg enkelte refleksjonar kring spelets framtid.

Ved første augekast kan det framstå som absurd når eg hevdar at fotballen er i «krise». Fotball er stadig uhyre populært, både som tilskodarsport og ikkje minst som TV-oppleving.

Senderettane til internasjonal toppfotball vert selde for enorme summar.

Kvaliteten på sjølve spelet er truleg høgare enn nokon gong før. Dei fremste europeiske ligaane og sluttspelet i Champions League byd på både individuelle og kollektive prestasjonar på eit ekstremt taktisk og teknisk nivå.

Når smittesituasjonen ein dag – vi anar stadig ikkje når – tillet det, vil publikum atter strøyme til stadion i hopetal, der dei vil syngje songar og framsyne flag og banner for å ildne sitt lag til dåd.

Fotball er i dag ein folkesport i dei aller fleste land, og ein stadig rikare, meir mangfaldig og inkluderande supporterkultur veks fram på alle kontinent. Under elitenivået er sporten òg uhyre viktig som sosialt lim og trivselsfaktor, noko ikkje minst det sterke engasjementet kring gjenopninga av norsk breiddefotball har demonstrert.

Mange klubbar opplever store økonomiske utfordringar i samband med koronakrisa, men det finst få institusjonar i samfunnet som er like levedyktige som ein fotballklubb.

Internasjonale finansinstitusjonar eller gigantiske industrikonglomerat kan gå over ende, men fotballklubbar landar (nesten) alltid på beina. Og skulle det mot all formoding gå heilt gale, startar supporterane berre ein ny klubb til erstatting for den gamle. Fotballen overlever alt.

Eller kanskje ikkje?

Les også: Breddefotballen i brev til regjeringen: – Det er krise

Den krisa som råkar fotballen i dag handlar verken om pengar eller popularitet, men er i staden ei moralsk krise. Den siste tida har Andreas Selliaas, som driv nettstaden idrettspolitikk.no, og hans danske kollega Jan Jensen i Ekstra Bladet publisert ei rekke ekstraordinære artiklar som avslører kameraderi og korrupsjon hjå spelets øvste makthavarar.

Hovudpersonen i artikkelserien er Gianni Infantino, president i Det internasjonale fotballforbundet (FIFA).

Då Infantino, overraskande for dei fleste, vann kampen om toppvervet mot bahrainske sjeik Salman i 2016, var det med lovnad om at makta sine korridorar skulle spylast reine for den ukulturen som i ei årrekke hadde ridd organisasjonen som ei mare, og som var årsaka til at forgjengaren Sepp Blatter måtte gå av.

I staden syner det seg at Infantino sjølv har tydd til maktmisbruk og manipulasjon, både for å kome til makta i FIFA og for å halde på henne. FIFA framstår – utruleg nok – som ein organisasjon meir blotta for moralsk legitimitet enn nokon gong før. Infantino er påfallande glad i å opptre i selskap med internasjonale statsleiarar.

Han er sjølvsagt god kompis med USAs president Donald Trump, men har òg eit nært forhold til sterke menn som Vladimir Putin (Russland), Xi Jinping (Kina) og ikkje minst kronprins Mohammed bin Salman (Saudi-Arabia).

Desse sterke mennene ynskjar alle å bruke fotballen til såkalla «sportsvasking» - å leie merksemda vekk frå eigne menneskerettsbrot og andre overgrep ved å investere i sporten og sole seg i hans stråleglans. Infantino har vore deira lydige lakei, men har det siste året gått på mange nederlag og står under stadig sterkare press.

Likevel er det vanskeleg å fatte håp for FIFA.

Les også: «Jeg måtte forklare til barna at jeg ikke bare kan gjøre det alle andre gjør»

Organisasjonen er tilsynelatande umogleg å reformere, kjensla av avmakt nærast total. I 2022 skal VM spelast i Qatar.

Forholda for framandarbeidarane som bygg stadiona og den øvrige infrakstrukturen til sluttspelet har lenge vore katastrofale. Ingen veit nøyaktig kor mange arbeidarar som har mista livet, men det er anslått at talet kan kome opp i 4000 innan meisterskapen tek til.

Då koronakrisa slo inn over verda var det mange som uttrykte håp om at dei mange forskyvingane i den internasjonale fotballkalenderen skulle føre til at Qatar-VM rett og slett vart avlyst.

Det kjem ikkje til å skje. Så kva kan vi gjere?

Forfattar Johan Mjønes skreiv nyleg hjå NRK Ytring at han håpar at Noreg kvalifiserer seg til sluttspelet for deretter å boikotte det. Dette er naturlegvis utenkeleg i praksis, men det kan kjennast godt å uttrykke håp, sjølv der inkje håp finst.

Fotballens store paradoks er at det er ekstremt krevjande å endre maktstrukturane kring han fordi sporten i seg sjølv har så stor makt over oss. Kamppausen under koronakrisa viste tydeleg at vi treng fotball. Det er vanskeleg å gjere opprør mot makta når spelets tiltrekkingskraft er så sterk. Inntil vidare famlar vi i blinde.

Mer fra Dagsavisen