Kommentar

Kan skatt erstatte bistand?

Det viktigaste eit land kan ha, er eigne varige inntekter for å utvikle skole, helse og næring.

I dagleg politisk debatt vert ofte stat og marknad hovudmotsetnadar. Altfor sjeldan kjem det fram at så å seie alle vellukka land er vellukka fordi dei har klart å kombinere dei to.

Som tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken, Joseph Stieglitz, har skrive: «The invisible hand of the market depended on the heavier hand of the state».

Hans poeng er at land som utvikla fungerande marknadar først hadde fungerande institusjonar – reglar for eigedomsrett, rettssystem, infrastruktur, utdanning, helsevesen – og evna til å betale for dette.

Til det trengst eit fungerande skattesystem.

Ein av mine nye kollegaer i Norad, som arbeider i bistandsprogrammet «Skatt for utvikling», har fleire gonger fått spørsmålet «har utviklingsland skattesystem?» når han seier kva han arbeider med.

Eg kan offisielt stadfeste at landa som får bistand av Noreg har skattesystem, og skatteinntekter. Faktisk er det sånn at skatteinntektene i Afrika sør for Sahara utgjer om lag seks gongar meir enn samla bistand.

I motsetnad til kva mange trur, var det nasjonale midlar – i hovudsak skatteinntekter – som finansierte brorparten av investeringane i FNs tusenårsmål, utviklingsmåla som dekka perioden 2000-2015.

77 prosent for å vere nøyaktig.

Likevel er det sånn at skatteinntekter frå selskap og personar utgjer ein særs liten del av inntektene til låginntektsland. I Afrika sør for Sahara om lag 17 prosent av BNP.

Samanlikna med vestlege land – og samanlikna med potensialet for skatteinntekter – er det lite. Nigeria, Afrikas mest folkerike land, har 300 gonger fleire innbyggjarar enn Luxemburg, men samlar inn mindre skatt kvart år, for å gje eit døme.

Det er fleire forklaringar på dette.

Mange land har ført ein politikk med låge skattesatsar og store skattefritak, i håp om at dette skulle stimulere vekst. Det har gjort inntektene små, men også ført til at store summar har blitt ført ut av landet og ikkje skattlagt der – og dermed ikkje kome folket til gode.

Hol i skattesystemet fører også til manglande tillit til offentlege myndigheiter.

Resultatet har blitt annleis: Store summar forsvinn ut av landet, i staden for å finansiere vekst og velferd. Korrupsjon og omfattande unntak gjer også at tilliten til skattesystemet er låg, gjerne med god grunn: Ein studie i Uganda viste at 70 av 71 offentlege tenestemenn ikkje betalte skatt, og berre 5 prosent av direktørar i leiande selskap betalte.

Det er ikkje ein invitasjon til å stole på offentlege myndigheiter.

Dette må endrast. Eit betre skattesystem er etter mi oppfatning ein heilt sentral del av løysinga for å skape utvikling og kunne finansiere tiltaka som trengst for at vi når berekraftsmåla.

Det komande tiåret skal verda nå dei 17 berekraftsmåla, verdas felles plan fram mot 2030. Det er estimert at mesteparten, 90 prosent, må finansierast med nasjonale midlar.

Det finst ikkje nok bistandsmidlar og utanlandske investeringar rett og slett. Det internasjonale pengefondet (IMF) meiner at om lag ein tredel av midlane som manglar i finansieringa av berekraftsmåla, vil kunna dekkast inn via skattesetelen. Ifylgje pengefondet kan afrikanske land auke skatteinntektene med tre til fem prosent av bruttonasjonalproduktet gjennom å fjerne skattefritak, betre innkrevjinga og betre kontroll.

Dette er meir enn all bistand afrikanske land får, totalt.

Det er likevel sånn at låginntektsland i uoverskodeleg framtid, i tillegg til auka skatteinntekter, vil trenge bistand for å få berekraftige statsfinansar.

I Paris i går og i dag skjer kanskje det viktigaste møtet du ikkje har høyrt om. President Macrons Google-skatt og president Trumps ostetoll har fått mykje merksemd; Men når finansdepartementa frå 137 land møtest, handlar det om meir.

Det handlar om å laga nye prinsipp for skattlegging av bedrifter som opererer på tvers av landegrenser. Dei gjeldande prinsippa er over hundre år gamle.

Dei vert kraftig utfordra av den digitale teknologien ved at ein kan driva butikk i eit land utan å fysisk vera til stades.

På grunn av hundre år gamle prinsipp, og lite moglegheiter for skattemyndigheitene til å sjekka rekneskapen til multinasjonale selskap, vert overskotet flytt frå land med høg skatt til land med låg skatt.

Dette, saman med tidlegare nemnde skattefritak, gjer at skatteinngangen vert mykje lågare enn han burde og kunne ha vore.

Noreg kan også gje direkte bidrag. Våre samarbeidsland etterspør ofte kompetanse og kunnskap for å bygge kapasitet i institusjonane sine.

I tillegg til globale spelereglar, trengst juristar for å laga nye skattelovar, parlament til å vedta dei, kompetente skatteinnkrevjarar, vaktbikkjer i sivilsamfunnet og media som held myndigheiter ansvarlege – og akademia som utfordrar og utviklar det vi veit om kva som fungerer.

Den norske skatteetaten har tidlegare oppnådd gode resultat ved å arbeide side om side med kollegar i samarbeidsland. Nokre resultat er direkte, målbare og gir stor gevinst samanlikna med kostnaden.

I Tanzania auka skatteinntektene over 100 gongar det kostnaden ved innsatsen var.

Kanskje enda viktigare er dei små endringane som skjer over tid når institusjonar vert styrkt og tillit mellom skattebetalarar og staten vert sterkare.

Skatt altså. Kjedeleg å betale, kanskje. Men absolutt naudsynt for å bygge eit land, og skape ein fungerande privat sektor. Spør Noreg, liksom.

Mer fra Dagsavisen