Invitasjon til refleksjon

Nokre ting bør vi ikkje tenke for mykje på i juletida. For eksempel kven som styrer landet. La oss uansett peike på problemet og tilby litt nødhjelp gjennom ei lettbeint nyttårs-kavalkade.

O jul med din vrede

Orsak om dette er litt vel hylekor-aktig i romjula. Ribbefettet har fått meg til å reflektere og skrive. Mykje på grunn av kulturministeren «vår» sitt forsøk på forsvar av norsk kultur og juletradisjon kvelden før kvelden, men mest på grunn av alt det andre som har skjedd i den perioda Høgre har samarbeida med FrP og styrt landet. For dei av oss som opplever fred her og no, la oss ta ei lita pause frå freden og sjå på realiteten (vend gjerne tilbake til freden snarast). Her er fem utvalte områder Listhaug og andre av dei meir polariserte og ekstreme makt-personane i regjering har lukkast med hittil - i samarbeid med det ein ønska å tru var eit freds-byggande Høgre og ein rasjonell statsminister: 

  • Sette folk opp mot kvarandre. Vrede og sinne veks fram og sosiale forskjellar i befolkninga aukar
  • Redusere, ignorere og bryte menneskerettane
  • Øydelagt nasjonens rykte som nestekjærlig og solidarisk
  • Spreiing av løgn om menneskets påverking på natur- og klima og forståinga om vår rolle i naturen. Menneske som er natur blir redusert til eit vesen frikopla frå resten av naturen, som kan gjere akkurat slik det vil utan at det får konsekvensar
  • Øydelegging av nasjonens rykte som miljønasjon. Dumping av avfall i fjordane og ei styrt skroting av Paris-avtalen, for å nevne noko.

Erna er ein flott person. Dette er ikkje personleg. Det er vanskeleg for mange å forstå korleis eit politisk parti som Høgre gradvis klarer å øydelegge både integriteten og den stolte tradisjonen sin utan å reflektere nevneverdig over det. Det er nesten aldri for seint å snu, men no er snart vippepunktet nådd for Erna & Co. Det er farlig for Høgre og det er farlig for Noreg. Denne regjeringa legg stadig opp til at grupper blir satt opp mot kvarandre, sjølv om det tvilsomt er målet til Høgre. Utviklinga minner bekymringsverdig om Donald Trumps retorikk og frammarsj; ein innflytelsesrik kunnskapslaus tosk av så store dimensjonar at ingen politikarar kan sjå seg fornøgd med å bli samanlikna med han, forutan Carl I. Hagen.

Statsministeren treng hjelp 

Det er tydeleg at statsministeren manglar politisk dømmekraft. Ho samarbeidar fortsatt ukritisk med høgre-populistar, ser ut til å ha store problem med å forstå alvoret av Listhaugs propaganda-strategiar - og plasserer på toppen av det heile Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes i sentrale og enormt innflytelsesrike maktposisjonar. Den første beviseleg med rasistiske og manglande menneske-rettsleg forståing, og den andre med ein grov skandale-historikk. Ta godt imot vår nye Justisminister og Olje- og energiminister. Har vi kanskje nådd eit metningspunkt no, eller vil det berre fortsette? Eg er for å tilby hjelp og med tida gi folk nye sjansar når nokon har gjort urett i livet, men ikkje gjennom avgjerande makt-posisjonar. 

Oppskrift på nødhjelp 

Vi må kome saman og tilby nødhjelp. Nødhjelpa er ein invitasjon til refleksjon. Oppskrifta må vere meir av noko som manglar og mindre av noko det er for mykje av. Det er for mykje av løgn, konspirasjonar, hat-retorikk og kunnskapslause. Det er for lite av ærlighet, neste-kjærleik, freds-retorikk og kunnskapsformidling og handling som er i tråd med vitskapen. Eg skal ikkje og er heller ikkje kyndig til å gi alle svara. Juletida er tid for refleksjon. Eg foreslår derfor at Erna & Co jobbar litt med følgjande spørsmål i overgangen til eit nytt år:

  • Korleis skal vi ta tilbake integriteten?
  • Korleis kan vi bygge bruer mellom folk framfor å rive dei ned?
  • Korleis kan vi formidle reell kunnskap, handle meir i samsvar med vitskapen og vere ærlige makt-personar?
  • Kva er nestekjærleik og solidaritet?
  • På kva måte er menneske natur – og kva ansvar gir det menneske i forhold til å ta vare på naturen?  
  • Er norsk kultur meir enn kvikk lunsj, salmar og Marit Bjørgen?                                                           
Juletida er og tid for takksemd. Takk Erna & Co for at eg får skrive dette utan å bli sensurert eller kasta ut av landet. Lykke til, godt nytt år og husk: utan høgre-populistar ved roret kan vi skape meir glede og redusere folkets vrede.