Insekter er livsviktige

Me veit at ein tredel av all maten som blir produsert er avhengig av pollinerande insekter. Vern av insekter er livsviktig for norsk mat og landbruk.

Norge bør iverksette ein breid politisk dugnad for å bli eit føregangsland for berging av insekta våre.

Det er synd om ein politisk dugnad for å redde insekta, skal bli underkjent av populistisk eigarskapskamp frå MDG si side. I ein flåsete artikkel i Dagsavisen, vert det hevda at insekta tapte i Stortinget førre veke, og at resten av politikarne bare var opptatt av å lese om insekter. Dagsavisen let berre Une Bastholm kome til orde i saken, og ho er naturlegvis bestyrta over at forslaga deira ikkje fekk fleirtal. Dagsavisen tek seg ikkje bryet med å belyse kvifor stortingsfleirtallet ikkje støtta desse.

Gode gamle Albert Einstein skal ha sagt «Om biene døyr ut, har menneska berre fire år att å leve.»

Då mitt eige parti i 2015 fremma representantforslag om «ein nasjonal strategi for villbier og pollinering», var det enno ikkje så stor merksemd om saka, og det var betydeleg grad av skuldertrekking og motstand mot å handsame noko så smalt, har eg latt meg fortelje. No er det ingen ansvarlege politikarar som trekker på skuldrene lenger når insektdøden vert sett på dagsordenen.

I mellomtida har regjeringa lagt fram den strategien som blei vedteke etter vårt forslag. Det vert jobba målretta for omsyn til insekta i alle berørte sektorar.

Vi er samd med MDG om at det er svært urovekkande at talet på ei rekkje insekt er i sterk tilbakegang. Det meste tyder på at tilbakegangen skuldast menneskeleg aktivitet, som nedbygging av areal og endra driftsformer i jordbruket. Ein kan seie at det er baksida av medaljen for effektive og kortsiktig lønsame driftsforbetringar. Dette er eit døme på at menneska sin bruk av naturen og naturressursar må ha grunnleggande respekt for samanhengane i naturen. Dette er lagt til grunn i «Nasjonal strategi for pollinerande insekt».

Når vi frå fleirtalet si side ikkje gjekk inn for forslaga frå MDG, er det fordi mange av tiltaka som vert føreslege er igongsette eller under planlegging. Andre forslag rommar i seg heile politikkfelt, og kan ikkje avklarast gjennom eit representantforslag. Men vi var samd i hovudintensjonen i forslaget om å iverksetje breidspektra tiltak for å motverke insektdøden både i eige land og gjennom internasjonale samarbeid.

Breidspektra er kanskje det viktigaste stikkordet her. Det handlar om tiltak i så å seie alle sektorar som har med naturbruk å gjere. Artsmangfaldet er eit mål i seg sjølv, og i dette tilfellet er det klart at reduksjon i talet på insekt før eller seinare slår tilbake på oss sjølve. Minst ein tredel av all maten som blir produsert er avhengig av pollinerande insekt. I tillegg er insekta ei viktig næringskjelde for mange fugleartar. Insekta spelar også ei vesentleg rolle i nedbryting av biologisk materiale, gjødselomløp og jordforbetring. Komiteen minner om at eit bortfall av insekta vil føre til at matproduksjon og samspel i naturen kollapsar. Insektdøden kan dermed bli eit like stort eller større trugsmål mot sivilisasjonen som klimaendringane. Felles for både trugsmåla er at vi kan gjere noko med dei. Det er viktig at innsatsen intensiverast raskt. Vi kjenner ikkje alle samanhengane i naturen, men vi veit frå andre døme at endringar kan gå sakte ei tid for så å eskalere når dei har nådd eit kritisk knekkpunkt.

Det nærmar seg val, og det synest att på ordlyden også på Stortinget. Eg vonar likevel vi har ha ein breid politisk dugnad for å bli eit føregangsland for berging av insekta våre.

Vi er igong, og vi er utålmodige. Insektspolitikk er livsviktig.