Debatt

Historiene som skaper hat

50 % av verdas 65 millionar flyktningar er barn. I Noreg er vi meir opptatt av å sende barna ut, framfor å gi dei omsorg og håp om ei betre framtid. Historiene om flyktningkrisa skapt av våre folkevalte skaper hat og frykt. Det går utover barna.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Historiene vi ikkje treng

I skuggen av vårt stolte og langstrakte land ligg historiene som har gjort at fleire no skammar seg over å vere norsk. Ein politisk retorikk og ei strategisk fortelling som forøvreg ikkje er unik for Noreg, den breiar seg over heile verda: «innvandrarar og flyktningar trugar landet vårt! Dei tek jobbane våre og tappar velferdsstaten for kroner og ører» (det heng forøvreg ikkje saman). Som fleire har peika på før meg blir situasjonen gong på gong framstilt som om vi er dei kriseramma. Og med vi meiner eg oss griseheldige, som lev i fred og rikdom, fordi tilfeldigheitene ville det slik. Samstundes råkar bombene og krigane sivile med ein brutalitet det er vanskeleg å fatte.

Kva er eigentleg denne største trugselen? Menneske som blir drevne og tvungne på flukt, eller historiene som blir skapt om desse menneska? Eg vil hevde at historiene er utgjer trugselen; det er historiene vi høyrer i dag som skapar frykt. Det er dei som hindrar og lammar folk. Konsekvensane av historiene er enorme. Ord og språk har enorm makt. For det første handlar vi på skamfulle måtar overfor sårbare asylborn som eit resultat av historiene. For det andre strammar vi grensene og har som ambisjon om å skape Europas strengaste asyl- og flyktningpolitikk. For det tredje fører det til at mange innbyggarar vanskeleg kan ta på seg det ansvaret det er å vere menneske – å bry seg om andre si velferd, utanfor eigen krets. Å bli sint på vegne av sosial urettferdighet. Å jobbe for at folk blir inkludert og føler seg velkomne. Historiene skapt av styresmaktene kan i verste fall gjere oss inkompetente på inkludering og kollektiv orientering. Dei gjer at vi heng oss opp i unntaka, verstingane, og fundamentalistane; dei gjer oss blinde for fakta.  

Kollektiv empati

Den mest alvorlege konskevensen av historiene som skapar hat, er kanskje at dei kan tilsløre empatien i folkesjela. Empati kan kome til uttrykk på fleire måtar. Nokre nyttar innleving i andre sin situasjon til konkret handling og engasjement. Men kan vi forsøke å skape ein kollektiv empati, den som samlar innbyggarar i ein nasjon og seier: vi vil ta ansvar. Vi må ta ansvar! For å kunne klare det må vi ha meir av dei historiene som ikkje er basert på ekstrem ideologi eller frykt. Vi må ha leiarar som aktivirar empatien og ansvaret i folkesjela, og fjernar sløret som gjer at vi vender ryggen til krisene. Det beste av alt er at historiene kan vere basert på fakta! Ingen burde like å bli lurt. Fakta og gode historier let seg heldigvis kombinere dei òg, men dess meir ubehagelege dess lettare skyt forsvaret inn. Då vinn historiene som treff folk sine positive følelsar, og fakta og ansvar taper terreng.

Når hatet går utover barna

Det er stadig fleire barn som blir buande på midlertidige omsorgssenter og mottak på ubestemt tid. Fleire er i ein fastlåst situasjon. Mange barn forsvinn, det er snakk om ti-tusenvis barn i Europa som er sporlaust borte og hundrevis i Noreg dei siste åra. Det ser ikkje ut som om myndigheitene bryr seg nevneverdig om det. Det har blitt vanleg å sende barn tilbake til utrygghet. Ein kan bosette nokre i rykk og napp for å dempe kritkk og merksemd rundt saka. Flesteparten av dei som ikkje forsvinn sporlaust blir tvangsreturnerte (!) det vil seie ca 1700 av nærare 2500 barn og unge dei siste tre åra. Fleire som jobbar med desse barna føler seg kraftig motarbeida av myndigheitene. Det verker som at byråkratiet ikkje er eit hinder når det kjem til innstramming og utsending av mindreårige. Når det kjem til integreringstiltak og bosetting av personane derimot, er byråkratiet tungt og drygt. Kven skal ta til motmæle når historiene som skapar hat går utover barna?  

Vi kan ta ansvar og hjelpe fleire

Dette handlar ikkje om at vi skal løyse alle verdas kriser. Det handlar om at vi må vakne opp, og sjå at vi i det minste kan vere ein større del av løysinga. Det er uhøyrt og skamfult for ein nasjon at barn skal lide for ein uansvarleg politikk. Om ikkje politikarane våre kan klare å ta ansvar, må vi som innbyggarar i det minste gjere det. Vi kan kanskje starte med å fortelje kvarandre historier som ikkje skapar hat - og slutte å velje grådige, manipulative og ukloke politikarar.

Mer fra: Debatt