Gratulerer, Arbeidarpartiet!

Vi er litt seint ute, det har alt gått nokre sommarveker sia Dagbladet fortalde at Arbeidarpartiet no skal sjå nærare på sekstimarsdagen, og at Arild Grande skal leia arbeidslivsutvalet. Vi håpar det finst tilgjeving for denne forseinkinga. Det kan vera seriøse grunnar til å gratulera, og vi prøver etter evne.

Dersom Arild Grande er rett sitert, skal det no vera første gongen Ap ser seriøst på sekstimarsdagen. Vi trur at dei Ap-kvinnene som diskuterte og foreslo sekstimarsdag på 1980-talet var like seriøse som han som no uttaler seg. Trengst det litt historisk oppdatering, overlet vi i hovudsak til Ap-kvinnene å ta seg av det. Men vi tillet oss likevel å nemna at eit utval oppnemnt av Arbeiderpartiets kvinnesekretariat midt på 1980-talet, med Grete Knudsen som leiar, kom fram til at «Kortere daglig normalarbeidstid – 6-timers dagen er et viktig mål. Dette vil gjøre det mulig å dele på lønnet og ulønnet arbeid.» Uvalet hadde i oppdrag å komma fram til eit program for «større rettferdighet mellom kvinners og menns mulighet til pensjon gjennom Folketrygden». Eitt av tiltaka dei gjekk inn for, var: «Arbeide for gradvis innføring av 6-timers dagen i løpet av 1980–1990-åra». (Kvinner og pensjon. Forslag til innstilling kvinner, pensjon og folketrygden. Mars 1986. Opptrykk juni 1986.)

Grande ser ut til å vera oppteken av at det er særleg i visse tunge kvinnerike yrke at sekstimarsdagen kan vera spesielt viktig. Det har han heilt rett i. Kvinner i helse- og omsorgssektoren er av dei som i størst monn har fått kjenna på kroppen at 8- el 7,5-timarsdagen er for lang, og somme har valt meir eller mindre «frivillig» deltid for å få livet til å henga i hop. Innafor desse yrka er det også gjort så mange vellykka forsøk med sekstimarsdag – blant heimehjelparar, reinhaldarar, i barnehage og på sjukeheim - at det skulle vera all grunn til å «køyra på» og gjera alvor av sekstimarsdagen for alle. Det trengst det ikkje mange fleire forsøk for å finna ut om sekstimarsdagen er bra for arbeidstakarar av ulike slag. Men sjølvsagt er det viktig å prøva ut korleis sekstimarsdagen best kan organiserast på ulike arbeidsplassar, særleg der ein har skift- eller turnusarbeid. I så måte er Tine på Heimdal, Trondheim, eit strålande eksempel på korleis godt samarbeid mellom leiing og tilsette/tillitsvalde kan gi ei god gjennomføring av sekstimarsdagen for alle. På Tine har dei no hatt sekstimarsdag som ei varig ordning i meir enn ti år.

Vi er spente på kva denne erkjenninga og erfaringa med kven som «treng sekstimarsdagen mest» skal få for konsekvensar i Ap sitt utvalsarbeid. Heldigvis har Grande sagt tydeleg at dei som skal ha sekstimarsdag, skal ha full lønnskompensasjon. Men likevel blir vi litt urolege når vi les at «Aps arbeidslivsutvalg mener partiet må vurdere å innføre seks timers arbeidsdag med full lønn i enkelte sektorer og yrker», slik det blir referert av Fagbladet.no.

Forsøk er gjort nettopp i ein del av dei yrka Grande nemner. Men når det kjem til å innføra sekstimarsdagen som ei varig ordning, kan det ikkje avgrensast på same vis. Vi håpar at Grande og utvalet hans er klar over at det er seks timars normalarbeidsdag – slik utvalet av Ap-kvinner sa i 1986 - som trengst om det skal bli ei ordning som tener alle arbeidstakarar. Det vil seia sekstimarsdag både i dei yrka som er spesielt tunge og krevjande og i alle andre yrke. Vi vil i utgangspunktet vera varsame med å skilja mellom «tunge og krevjande» yrke og «andre». Krava til arbeidstakarane aukar i alle yrke, somme stader er det dei tunge løfta, andre stader det psykiske presset, for ikkje å snakka om dei som opplever både fysisk og psykisk stress på ein gong.

Normalarbeidsdagen er eit grunnleggjande prinsipp for lengda på den arbeidsdagen som gir full lønn, og for når på døgnet det skal vera normalt å arbeida – uavhengig av yrke og bransje. Særordningar for skift- og turnusarbeid står ikkje i motsetnad til ein felles normalarbeidsdag. Tvert om, ein normalarbeidsdag gjer det mogleg å forhandla seg fram til unnatak som tener arbeidstakarane.

Til no har det sett ut som om ulike delar av fagrørsla har svært ulike ønske om lengda på arbeidsdagen. Det største og mest kvinnerike forbundet i LO, Fagforbundet, har gått lengst i å fremja mål om sekstimardag, medan eit anna forbund, med langt færre medlemmer, Fellesforbundet, har meint at dei ikkje vil ha ei slik arbeidstidsforkorting. No kan ein utanforståande undrast på at arbeidsfolk seier nei takk til kortare arbeidstid og meir fritid. Kampen for å redusera den delen av døgnet ein må selja arbeidskrafta si, har alltid vore ei grunnleggjande sak for fagrørsla. For 100 år sia, da åttetimarsdagen vart innført for store delar av arbeidstakarane, var det somme som med ein gong tenkte framover til nye arbeidstidsforkortingar.

Vi trur ei av dei store utfordringane i arbeidet for vidare arbeidstidsforkorting vil vera å finna ut kva som ligg i dette som kan sjå ut som ei kjønnsmotseiing i fagrørsla. Sjølv om det er flest kvinner som har kjent på kroppen at åttetimarsdagen er for lang, kvifor skulle ikkje mannfolka ha like stor glede av å forkorta arbeidsdagen, og få meir fri tid – anten dei vil bruka den til å ta omsorg for ungane, liggja på sofaen, spela fotball, driva med politikk eller gå på fisketur? Vi ønskjer Arbeidarpartiet sitt arbeidslivsutval lykke til, og håpar dei kan gjera sitt for å styrkja einskapen mellom kvinner og menn i fagrørsla. Eit krafttak for sekstimarsdagen vil vera ei strålande markering av 100-årsjubileet for åttetimarsdagen.