Kultur

God helse?

Tynnare og sprekare, røykfrie og snusfrie skal vi alle bli.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Arbeiderpartiet sin helseminister sendte ut eit slags julebrev med helsevisjonar for 2013 i Dagsavisen i slutten av desember. Her lanserte han ei ny satsing på folkehelsepolitikk og forebygging, visjonen er at vi skal alle gjere gode, kloke valg. Tynnare og sprekare, røykfrie og snusfrie skal vi alle bli. Julebrevet var nok godt meint.

Helseministeren har på ein måte formulert ein ny variant av «det er typisk norsk å være god». Ja, det er flott med visjonar og ambisjonar. Forebygging er bra, men kven skal nyte godt av forebygginga? Og kva er god forebygging? Skal det vedtakast sentralt av ekspertane? Og kva med dei som ikkje vil det same som helseministeren?

Kanskje treng vi eit litt anna helsevesen framover; der omsorg er ressursforvaltning, der pasienterfaringar er ei viktig kunnskapskjelde, der ekspertvelde er gammaldags, og opplevinga av å vere sjef i eige liv og i eigen pasientkarriere er eit ettertrakta gode. Helseministeren sitt julebrev var nok godt meint, men det var ikkje akkurat noko oppgjer med paternalismen.

På tross av genetikk og livsstilsfaktorar, er det mange sjukdomstilfelle som skuldast rein og skjer uflaks. Alle skal vi dø, til slutt. Helseministeren sitt julebrev brukte ordet «vi» utallige gangar. Men inkluderer dette ordet «vi» alle brukarane, alle med kols, alle overvektige, alle sjuke, alle dei døyande? Kven skal ha definisjonsmakt i dette helseriket? Det blir spennande å sjå.

Mer fra: Kultur