Frisk i fråsparket

Dans er fest og moro og får deg til å skratte høgt – slik han også er med på å gjere oss til betre borgarar. Skal vi danse meir?

Eg har alltid vore glad i å røre meg til musikk, for å seie det på den litt stivfrosne måten.

Det finst piller som gjer deg glad til sinns, det finst drikkevarer som får deg til å skratte høgt. Slik det også finst uttrykksformer som får musklane til å slappe av, som får blodet til å pumpe raskare, som påverkar humøret ditt, som gjer at du trivst betre, som gjer at magen held seg stabil, som gjer at skuldrene senkar seg, som beint ut får deg til å bli eit betre menneske.

Dans, til dømes.

Trondheim i haust. Etter buffé og talar skal vi danse. Det er ei stund sidan sist, men no er tida her: Armane går i éi retning, føtene i ei anna. Nokon har stor sjølvtillit og tek golvet med storm.

Andre trør ukomfortabelt på sida. Kjedar dei seg? Føler dei seg dumme?

Stilen er heller ikkje lik, sjølv om musikken er den same. Kanskje speglar det årgangen, når vi er fødde? Sjølv er eg 76-modell og vaks opp til rytmar av Whitney Houston og Madonna.

Pregar det rørslene mine? Ei eldre dame dansar som mor mi, ser eg. Ho avslørar seg på stilen. Hoftene og beinføringa høyrer til i ei anna verd, og til ein annan musikk. Cliff Richard, kanskje. Den lukkelege dama eig dansegolvet. No duvar ho bortover golvet.

Dansen høyrer menneska til og har gjort det i nokre tusen år.

Funksjonen har vore både seremoniell og rituell, og sosial. Vi dansar på fest og til oppvising, åleine eller saman med andre. Vi dansar til musikk og utan, vi dansar innanfor strenge koreografiske rammer, eller vi foldar oss ut, som på dansegolvet i Trondheim.

Dansen kan gå for seg i sømmelege former, eller han kan utarte seg. Då gamleonkel kom heim frå dans, var det som regel med sundrivne klede. Med dansen fylgde også brennevin og slagsmål.

Kvar kultur har sine uttrykk. Kvar tid har sine dansar.

Vi er på midten av 80-talet. Mor gjer alt ho kan for at eg skal byrje med folkedans. Sjølv vil eg noko anna.

Jazzballett og street dance tek Bygde-Noreg med storm. Bror min og eg er dei einaste gutane på dansetimane – og lærer alt frå kick boll change og pade bore til turn og slide.

Forutan dans får vi innføring i podieteknikk. Vi lærer om kroppshaldning og korleis vi ter oss på dansegolvet og på scenen. Dei lute kroppane skal rettast opp. Blikket er alvorleg, men armane kjennest … malplasserte.

Føtene er for lange, men vi heng med og blir lagde mark på.

Kanskje er det dei ettersittande treningsbuksene i rosa og svart som trekker til seg dei lange blikka? Alt må klaffe. Alt skal matche. Men noko skurrar.

Dei andre gutane er ikkje her, men pumpar i staden jern på styrkerommet, eller dei tek med seg ballen ut på banen, driv med langrenn, køyrer slalåm.

Uansett så dansar vi. Jazzballetten gjev oss opplevingar, moglegheiter og ein flik av den store verda: Vi er vette på opningsseremonien på OL på Lillehammer, og vi syner sommarmote for 5000 sveitte kvinnfolk på Grete Waitz-løpet. Kvar dag er eit sceneshow, kvar bygdeveg ein catwalk.

Jazzballetten slår rot blant dei unge.

Dei vaksne gjer det dei alltid har gjort. Fredagskvelden slepper stivbeinte gardbrukarar seg laus på lokalet. Det er sjeldan grasiøs utfalding hjå bondestanden, men samværsdansen er utvilsamt med på å løyse opp tunge sinn og stive kroppar.

Dansen på forsamlingslokalet finst mest ikkje meir, ikkje her i dalen. Slik også dansen på hotella har forsvunne for godt (kan det sjå ut til). Eller kveldsdansen på dansarfeten sommarstid.

No og då les eg om kurssamlingar i folkedans eller swing, eller eit helgekurs for ungar. Slike ting. På festivalane blir det dansa, men festivalane er eingongs-happeningar, ein gong i året.

Er det så å seie slutt på dansefestane som sosial møteplass?

I staden for å danse sjølve let vi oss rive med av danseprogram på TV. «Skal vi danse» er eit av dei mest populære og er i høg grad kjendisorientert, men viser likevel breidde – mellom alder og nivå.

Her er ein tidlegare statsråd utan rytme, men som likevel er med – og ein atletisk symjar, som stikk av med sigaren, og som viser imponerande dansekunnskapar.

Det populære danseprogrammet engasjerer mange, men gjer oss passive. Mest av alt ynskjer eg å danse sjølv.

Kanskje må eg vente til eg blir senior? Til hoftene er utslitne og sviktkurva ikkje lenger er der? Seniordansen breier om seg. Tante er pensjonist og har funne både trim og glede i seniormiljøet. No og då møtest dei på dans. Har du partnar, tek du han med. Kjem du åleine, går det også bra. Over 12 000 seniorar er med på dans i by og bygd, fordelte på 500 danseklubbar.

Eg veit ikkje kva det er som driv dei eldre til å danse. Kanskje det same som for dei yngre?

Eg har vore med i folkemusikkmiljøet i mange år og sett korleis dansen har vore ein sentral del av miljøet, og ei naturleg samværsform – på tvers av generasjonane.

«Eg toler ikkje å svive meir enn ein runde», seier den eldre dama. Ho slit med angina og toler ikkje det same hastverket som dei yngre. Som Marit. Ho er lett på foten. Alt er i ein full fart. Raskare, høgare, sterkare. Framleis er folkedansen ei levande samværsform, ein subkultur for dedikerte.

Dansen tek nye former, endrar seg, fylgjer tida. Dansen er ikkje som han ein gong var, men vi dansar.

Dei yngre, særleg. Elida (9) har lært ein ny BlimE-dans på skulen. No viser ho meg korleis det skal gjerast. BlimE er ein kampanje i regi av NRK, og kvart år blir det lansert nye songar og dansar. Målet med det heile? Styrke samhaldet mellom elevane på skulen. Mykje tyder på at NRK har lukkast.

Kvart år er over 400 000 elevar med på prosjektet. Så er det dette som er den nye, folkelege dansen?

Eg dansar ikkje så ofte som eg ein gong gjorde, men trinna sit bak der ein stad, og erfaringane ber eg alltid med meg. Kanskje håpar eg på ein reprise – ein ny vår for dansen på lokalet, for samværsdansen på tvers av generasjonane.

Og sjølv om dansen gjer godt for helsa, er han fyrst og fremst ein ven på danningsreisa, eit inspirerande grunnlag i møte med andre menneske, ein sosial aktivitet som gjer meg til ei betre utgåve av meg sjølv.