Friare handel - godt eller gale?

Friare konkurranse over landegrensene er til fordel for enkelte sterke næringslivsaktørar, men kan bety kroken på døra for andre bedrifter.

Utenriksminister Børge Brende hadde ein skuffande misvisande artikkel på trykk i DN tirsdag 3. des. Der gjentek han den overforenkla påstanden om at friare handel “vil både utviklingsland og verdens handelssystem nyte godt av“. Brende veit bedre enn dei fleste at friare konkurranse over landegrensene er til fordel for enkelte sterke næringslivsaktørar, men kan bety kroken på døra for andre bedrifter. Mao at friare handel også vil rasere ein del arbeidsplassar, ikkje berre skape nye. Det er berre å sjekke effekten av dei ulike frihandelsavtalane USA har inngått med sine naboland, for å få dokumentert at det er slik ting fungerer. Om totaleffekten for eit gitt land vil vere positiv, vil heilt avhenge av situasjonen i det enkelte land. Sjå for eks denne linken: http://www.mintpress.net/toward-a-us-eu-free-trade-agreement-things-are-far-from-rosy/

Det Brende skriv om tøvete, byråkratiske prosedyrer som unødig fordyrar vareflyten mellom land, har han sjølvsagt heilt rett i. Når han derimot går derifrå til ei generell tilråding av mest mogleg fri konkurranse landa i mellom, då ser han ut til å vere offer for ei farleg vanetenking som liberalistar på autopilot prøver å gjere til sanning. Dei no arbeidslause ungdomane i Spania er vel eit tilstrekkeleg eksempel på at det tilbedne frie indre markedet, for eks i EU, ikkje akkurat lever opptil dei lovnadane som var knytta til dette...

Det er utruleg at det ikkje er ei sjølvfylgje at kvart land kan velje i kor stor grad grensene skal vere opne for konkurranse. Det vere seg for å støtte eigen matproduksjon, eller for å gi eit visst vern til sektorar i økonomien som er under oppbygging...