Debatt

Førstejuledagsstatusoppdatering

1ste juledag

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

FØRSTEJULEDAGSSTATUSOPPDATERING

Då takkar vi Mark Zuckerberg for gåva.
Jau, fjesboka er greier kan eg lova.
Det blei eit svare leven her i stova,
frå botnplanka opp til øvste nova.

Ha takk for alle fjonge, nye ord.
Dei surrar ivrig rundt vårt julebord.
Nett-troll, spam og fake news, var det likt.
Tenk at me ein gong var utan slikt!

Jau, tider kommer, tider ruller hen.
Og midt i tida ruller vi med den.
Men no tek eg ein pause frå vår skjerm.
No skal eg lesa bok, frå perm til perm.

Trur eg.


Mer fra: Debatt