Folkeopprør mot rasisme: Er det annleis denne gongen?

Den tradisjonelle leiaren av den frie verda minner no meir om eit annleisland det er vanskeleg å sjå på som eit førebilete.

USA har tradisjonelt vore omtalt som eit føregangsland innanfor demokratiske rettigheiter. No minner dei meir om eit annleisland det er vanskeleg å sjå på som eit førebilete.

Eit land der politiske og økonomiske interesser kjem før utvikling av velferd. Eit land som stadig trekk seg ut av internasjonalt samarbeid og solidaritet. Eit land som heller arresterer demonstrantar framfor å halde valdelege offentlege tenestemenn til ansvar for sine handlingar.

Etter drapet på amerikanaren George Floyd braut det ut protestar mot institusjonell rasisme og politibrutalitet i fleire amerikanske byer, og det spreidde seg etter kvart som eit folkeopprør mot rasisme over heile verda.

Her i Noreg vart det arrangert ein demonstrasjon 7. juni, og debatten i kjølvatnet kan på somme måtar oppsummerast som eit moralsk dilemma mellom å vise solidaritet med menneskjer som vert utsett for rasisme, og lojalitet til ein felles dugnad mot korona, og ikkje minst solidaritet til alle som er i risikogruppa.

Over ein månad har gått sidan opprøra begynte, og desto meir globalt omfang det får, desto meir aktuelt blir det å stille spørsmålet om kvifor det er kontroversielt å stå opp for like rettigheiter for alle menneskjer.

Midt opp i ei krise, som elles, er det umogleg å spå framtida, eller seie kva konsekvensar hendingar kjem til å ha. Mange spør seg sjølv korleis historiebøkene kjem til å gjenfortelle desse månadane. Anten blir det hugsa som ei opprivande bølge av opptøyer og demonstrasjoner som etter kvart ebba ut, eller som eit vippepunkt som førte til varig endring i sosiale og politiske strukturar.

Les også denne reportasjen: – Folk har blitt voksne og skjønt at rasisme ikke er greit. Når du er 15 er du fortsatt ung og dum (+)

Somme meiner at dei pågåande protestane og opptøyane er starten på ei større endring. «The anger is different this time», blir det sagt. Det er utvilsamt ein augneopnar som set temaet på dagsorden og set fart i mobilisering for politisk endring. I etterkant av skuleskytinga i Parkland, Florida i 2018, såg ein det same.

Ungdomsopprøret som braut ut og sto opp mot våpenlobbyen var eit friskt pust i kampen for å endre våpenlovene i landet, og ikkje minst bidra til å auke valdetalkinga blant unge i mellomvalet. I tillegg hadde demonstrasjonen «March for our lives» i 2018 enorm deltaking. Men det gjenstår enno at vi er vitne til ei stor og omfattende innskrenking i våpenlovgivinga i USA.

Likeeins, i kjølvatnet av auka fokus på «Black Lives Matter», har det ikkje kome nokon tydelege signal på kva som vil skje med politiet i USA. Institusjonell rasisme kjem tydeleg til syne i politivald, og ein god plass å starte er med styrking av politiutdanninga i USA, som ofte er relativt kort. Ein annan kampsak som sirkulerer er «defund the police» – kutt støtten til politiet. Det er eit forsøk på reform av politistyrken, ved å flytte midlar som no går til politiet, til andre tiltak som er med på å styrke lokalsamfunn, til dømes utdanning, rusomsorg, tenester til ungdom, bolighjelp, eller hjelp til psykisk sjuke.

Les også: «Trump må forsones med at det nærmer seg slutten»

Donald Trump. Foto: Susan Walsh / AP

Likevel, ved fyrste augekast ser slagordet ut som ein idé om å «avfinansiere» det amerikanske politiet, og dermed ta vekk ressursane deira. På den eine sida kan det seiast at slik politiet er bygd opp no, innehar det grunnleggjande problem og manglar som gjer at dei ikkje skjøttar samfunnsoppdraget slik dei skal. Ved å kutte ned på inntektene og redistribuere dei, kan det kome samfunnet til gode ved at andre tenester får auka kapasitet. På den andre sida vil ikkje eit økonomisk svekka politi bøte på systemisk rasisme og underliggande verdiar og tankesett som gjennomsyrer politiet.

Valdsbruk i politiet er på mange måtar eit symptom på det underliggande problemet. Strukturell rasisme ligg både i politiet, men også rettsvesenet, boligmarknaden, utdanninga og arbeidslivet. Valdsbruk blant politiet er for eksempel meir vanleg i nabolag med afroafrikansk majoritet. Desse områda har også ofte høgare andel fattige. Fattige hamnar generelt oftare i fengsel, får rulleblad, og blir stigmatisert, som igjen bidrar til å forsterke sosial ulikskap og hindrar desse menneska i å bygge opp velferd og sosial mobilitet over tid.

Når dei er dårlegare stilt sosioøkonomisk, bygger det opp under stereotypar som fører til at arrestasjonar og vald treff den svarte befolkninga disproposjonalt. I nokre statar mister domfelte retten til å stemme i val, som igjen gjer at dei folkevalde forsamlingane ikkje representerer interessene til desse menneska i like stor grad. Det er eit av fleire eksempel på at rasisme er strukturelt, negativt forsterkande, og årsakene finnes i historia til USA.

Donald Trump posisjonerte seg i mai som ein president for lov og orden. Det var same bodskapet Richard Nixon gikk til val på då han i 1968 stilte til presidentembetet.

Ein kan dra parallellar mellom då og no. I 1967 var USA i krig i Vietnam, og mange amerikanarar meinte at prisen for å delta var for høg, særleg fordi det var høgt konfliktnivå på heimebane grunna segregeringspolitikken. Sumaren 1967 oppsto det 159 opptøyer i ulike amerikanske byar. Omfanget av konfliktene hadde ikkje vore maken til sidan 1863 under borgarkrigen. På bakgrunn av dette annonserte president Johnson at han ikkje søkte gjenval.

Året etter, i 1968, vart borgarrettforkjemparen Martin Luther King Jr. myrda. Opptøyer braut på ny ut i over 100 byar. Desperasjonen i landet voks, og folket snudde seg til kandidat Nixon som lovde lov og orden.

Ein treng ikkje sjå lenger tilbake enn seks år for å finne eksempel på liknande mobilisering for «Black Lives Matter». Ferguson-opptøyane braut ut i august 2014 etter at Michael Brown blei skoten og drepen av ein politibetjent. Det kokte i USA etterpå, og rapportar om vald blant politi og rettsvesen kunne avdekke at svarte og unge menn oftare blei drepne, hadde større sjanse for å bli arrestert, samt fekk lengre straffer enn andre.

Den sitjande president Trump har gjort lite for å demme opp for rasisme og urettferd dei siste fire åra, samt den siste månaden. I tillegg er det lite av den noverande situasjonen som minner om lov og orden. Det gjenstår å sjå kva løysing det amerikanske folket ønsker på dagens situasjon.

Hold deg oppdatert: Få nyhetsbrev fra Dagsavisen

Det er ikkje tilfeldig at dei same folkegruppene blir stigmatisert og diskriminert på tvers av landegrenser. Sjølv om USA er eit eksempel i særklasse på ein polarisert politisk debatt, enorm sosial ulikskap og manglande velferd, går det an å trekke parallellar til andre land og til det generelle internasjonale systemet, som er bygd på eit maktforhold skapt og oppretthaldt av tidlegare kolonimakter. Protestar i land utanfor USA har vore arrangert i solidaritet med afroamerikanarar, men det har også ført til diskusjonar om rasisme i kvart enkelt land, med fokus på særnasjonale utfordringer, til dømes kvardagsrasisme.

I Noreg har vi kan hende ein tendens til å importere debatter og saker frå USA utan at dei alltid er heilt overførbare. Noko som likevel er tilsvarande i dette tilfellet, er kor polarisert debatten med ein gang blir. Til tross for det, og til tross for fleire fyrstehandsberetninger og bevis, er det likevel nokon som bestrir at det finnest rasisme i Norge, eller avfeiar det fordi det ikkje kjem til uttrykk på same måte som i USA. Det å ta et oppgjer med rasisme kjem ikkje på nokon si bekostning, men er for det felles beste. Rasisme er eit universelt problem, og dersom ein ikkje anerkjenner dei historiske røtene og korleis rasisme ser ut i dag, er det umogleg å ta eit fullstendig og varig oppgjer.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.