Debatt

Er tidleg innsats rett innsats?

Fagkompassa til Høyre peiker mot valkampen, ikkje på eleven sitt ve og vel.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Erna Solberg og Torbjørn Røe Isaksen la måndag 20. mars fram hovudpunkta i ei ny stortingsmelding som har fokus på «tidlig innsats». Framstillinga er basert på at ein ikkje aksepterer ei «vente og se»-haldning. Regjeringa skal ha ros for å være villig til å bruke store midlar til å styrke opplæringa i småskulen. Diverre er framstillinga skjemt av veldig lav fagleg presisjon. Tidleg er ikkje alltid betre. Det er grunnar til at vi ikkje driv med andregradslikningar i tredjeklasse eller den russiske revolusjon i fjerde. Om «tidlig innsats» skal bli «rett innsats», er det viktig å involvere grunnleggande innsikter frå både utviklingspsykologi, oppdatert forsking om lesing og skriving, allmenn pedagogikk og spesialpedagogikk. Å utsetje barnet for noko som det ikkje har modning til å nyttiggjere seg, vil gjere meir skade enn gagn.

Erna seier noko som det i utgangspunktet ikkje er mogleg å vere usamd i: at «mange faller frå er en sløsing med menneskelige ressurser». Å føreskrive tidleg innsats er i følgje Erna «medisin mot frafall og utenforskap».

Det er tydeleg at regjeringa har høge forventingar og krav til både lærarar og elevar. Skulen må «levere», elles blir det inngrep frå staten i form av eit oppsøkande rettleiarkorps. Dette kviler på eit syn på at alle elever kan lære like mykje, eit syn som det kanskje ikkje er dekning for. Alle kan ikkje lære like mykje, og alle går ikkje gjennom same modning til same tid. Vi har ein normalvariasjon i føresetnader, og den kan vi utfordre, men vi kan ikkje setje den til side.

Kva tid i barneskulen er det rimeleg at alle born skal kunne lese? Er det naturleg at alle sjuåringar skal kunne alfabetet og dei mest vanlege samanhengane mellom lyd og teikn? Nokre skular har forventingar om at elevane skal lese heile setningar før dei er ferdig i førsteklasse. På sosiale media fortel ei mor om advokatsonen sin, som ikkje las før han var åtte. Denne satsinga gjer meg uroleg for at mange elevar no vil bli stilt ovanfor feile kognitive krav på eit altfor tidleg tidspunkt. One size do not fit all.

Dei som «henger etter», skal få intensivopplæring og mengdelæring. Henge etter kva? Erna snakkar om å «knekke kodene tidsnok». Kva er kodene og kva er tidsnok? «Lære det de skal». Kva er det dei skal? Kvar hentar Erna dei faglege grunngjevingane? I en leder i Aftenposten av Trine Eilertsen er språkbruken like upresis, ho snakkar og om «å henge etter» og viser til Oslo-skulen som ein god modell. Ein modell som styrker resultat på barneskulen, men eit av funna i skolebidragsindikatorene frå 2016 kan tyde på at ungdomsskuleelevane i Oslo mista læringsgnisten ein stad på vegen.

Eg saknar datagrunnlaget til Erna som avgjer kva som er norma. Om variasjon i elevmassen no vert gjort til ein defekt i lærarsubjektet, kan alle som opplever at dei ikkje «hang med» gå til sak mot den udugelege læraren. Nye og strammare normer vil skape nye taparar når mangfaldet og normalvariasjonen blir ein feil som må bli retta opp.

Somme forskarar understrekar rolleleiken som avgjerande for språkutvikling. Denne rolleleiken var tekne frå seksåringane då dei vart plassert i klasserom i 1997 og vart kondisjonerte til klasseroms-åtferd. Mellom anna forskaren Elena Bodrova held fram rolleleiken som den viktigaste form for lek i utvikling av forholdet mellom tenking og språk. Rolleleikens si utfordring er nettopp å bruke språket til å skape ein imaginær situasjon og reglane for leiken i denne situasjonen. Deltakarane i leiken må bruke språket aktivt og kreativt. Rolleleiken er ein måte for barnet å utvikle språk på eigne premiss, og eit høve for barnehagelæraren å observere kven som er aktive og kven som ikkje «koplar seg på».

Det å vere moden for læring av ord og omgrep, er å ha eit aktivt forhold til språket som meiningsberande og meiningsskapande. Det er å ha hatt tid til leik. Rolleleik speler ei særleg rolle i denne samanheng. I rolleleik går man inn og ut av roller og øver både innleving og uttrykk. Det reseptive går i naturleg samklang med det ekspressive. Språket blir tatt i bruk som et reiskap for å uttrykke ein mogleg røyndom.

Om regjeringa vil ha ein reell tidleg innsats som er ein god innsats, må barnet få høve til å prøve seg ut i språket, omgjevne av gode språklege vaksenmodellar og gjennom dei bli eksponert for levande forteljingar som stimulerer førestillingsverda og fantasi. Språk er kunst. Språk er oppdaging. Språk er spanande. Språket må vere i ein naturleg samklang med barnet si eiga verd. Å «knekke koder» er for blodfattig, vi skal opne dører til den ytre og indre verda og skape bruer av språk mellom menneske.

Høyre bruker no ein klinisk sjukdom- og krisemodell som skal gjere foreldre engstelege, setje til side allmennpedagogikken og legitimere ein vaksenspråkleg intervensjon i livets vakraste og mest forventningsfulle fase som er dei første skuleåra. Arbeiderpartiet sitt «alle skal med» har fått konkurranse av «Ingen skal henge etter». Det første slagordet anerkjenner mangfald, det andre ser på variasjon som eit svik mot eleven.

Høyre vil gjere tidleg innsats til ein spesialpedagogisk innsats og setter denne i opposisjon til lærarane sine krav om styrka lærartettleik. Lærarane ser på lærartettleik som ein føresetnad for å gje ein tidleg innsats som og er rett innsats: tid til elevsentrert undervisning, tid til å gå i djupna på alle elevane si språklege og faglege utvikling, og tid til å gje gode læringsstøttande tilbakemeldingar.

Regjeringa si forståing av tidleg innsats er snever. Vi treng tidleg innsats i form av ein allmennpedagogisk strategi som anerkjenner og feirar mangfaldet. Fagkompassa til Høyre peiker mot valkampen, ikkje på eleven sitt ve og vel. Tidleg innsats slik som regjeringa formulerer den, er eit farvel til den inkluderande fellesskulen.

Mer fra: Debatt