Kultur

Er julehandling god handling?

Førjulstid er forbrukstid. Og det er også tida då vi mest aktivt diskuterer forbruket vårt som samfunn.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kronikken er skrevet i samarbeid med Marius Korsnes, forsker ved Senter for tverrfaglige kulturstudier, NTNU.

Mange av oss er einige i at vi handlar for mykje, likevel handlar vi stadig meir. Kvifor er det slik, og kan dette endrast på? Som forbruksforskarar tykkjer vi det er på tide at fleire tenkjer over og diskuterer desse spørsmåla.

Det å gje julegåver til kvarandre er gammal tradisjon, og ein fin ein. Problemet oppstår når vi kvart år tek ny rekord i kor mykje vi bruker på desse gåvene, noko som også var tilfellet i fjor. I takt med vår aukande velstand blir ei stadig større mengde ting del av gåvetradisjonen, noko som i seinare år har blitt vidare intensivert gjennom til dømes gåvekalendarar. Kvifor kjøper vi stadig meir for å glede kvarandre?

Gåver er ein måte å vise kjensler på, å vedlikehalde og knyte band mellom menneske. Det er ei så viktig symbolsk handling at folk vert fornærma om dei ikkje får ein pakke under juletreet. Og tenk berre på ubehaget som er knyta til å ta imot gåve frå nokon ein sjølv ikkje er kjøpt gåve til. Gåvegjeving er altså ein særs sterk sosial norm. Vi kjøper julegåver for å gjere andre glade, fordi det er forventa av oss for å vere ein del av vår familie og vår sosiale krets, eller rett og slett fordi vi veit at andre vil gi gåver til oss. Men dette seier framleis ingenting om kvifor vi bruker meir pengar og kjøper stadig fleire ting.

Det vanskelige forbruket

Mange av oss veit at å kjøpe meir er dårleg for miljøet og klimaet. Vi veit også at vi i dei rike landa er nøydde til å redusere vår bruk av ressursar, både på grunn av klimaendringar, og på grunn av det enkle faktum at det ikkje er nok ressursar på jorda til at alle kan ha eit like høgt forbruk som vi i Noreg har i dag på lang sikt. Det er til dømes slik at dei 20 % rikaste i verda (1,4 milliardar menneske) kjøper 80 % av alt som vert produsert, og dei rikaste 10 % av verdas folketal står for 50 % av alle klimagassutslepp knyta til personleg forbruk. Likevel er dette særs vanskelig å ta tak i, til og med for to sunnmøringar som ikkje seier nei takk til å spare ei krone eller to.

Innanfor samfunnsvitskapane finnast det forskjellege teoriar om årsakene til menneskeleg handling, og desse teoriane er sentrale for å forstå kvifor vi menneske kjøper ting. Alle er samde om at vi treng ting, både for å dekkje grunnleggjande behov, og for å vere sosiale. Nokre kjende og mykje nytta forklaringar er at vi kjøper ting for å kjenne oss betre, fordi vi er rikare, fordi vi ønskjer å imponere eller på ulike måtar skilje oss ut, og slik kan lista halde fram. Alle desse forklaringane kan vere relevante, men dei ikkje er dekkjande nok.

Frå å vere prega av teoriar om status og sosial konkurranse, har forsking på forbruk i seinare tid peika meir og meir på kvardagslivet vårt. Mykje av det vi kjøper gjer vi utan å reflektere over det, og av andre grunnar enn å konkurrere med andre. Vi er kanskje i tidsnød, det passa seg berre akkurat slik, eller vi tok med oss noko frå butikken av rein vane eller impuls. Forbruket aukar nesten umerkelig i takt med auka inntekt gjennom at stadig fleire delar av dagleglivet vårt inneheld fleire materielle ting. Her er nok sosial normalisering minst like viktig som statusjag. Viktigare enn å skilje seg ut er å ikkje skilje seg ut. Å gi julegåver er ein gammal skikk som har gjennomgått ein stigande spiral av kor mykje det er «normalt» å gi kvarandre. Frå eit forskarperspektiv burde vi freiste finne ut kva som er årsaken til ein slik spiral, og frå eit berekraftsperspektiv burde vi som samfunn prøve å stoppe denne spiralen.

Korleis endre forbruk

Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis vi kan påverke handling og handlingar i ei meir berekraftig retning. Den mest typiske framgangsmåten er å oppfordre folk til å handle mindre eller meir berekraftig. Altså å spele på folk sitt samvit. Dette baserer seg på teoriar om rasjonelle menneske som alltid gjer val basert på kunnskap og haldningar. Mykje tyder på at dette ikkje er effektivt nok, særleg så lenge resten av samfunnet dreg ein i ei anna retning.

Dersom vi verkeleg ville ta tak i dette kunne pris, inntekt og lovverk sjølvsagt blitt tatt i bruk. Men å redusere inntekt eller auke prisar er politisk sprengstoff: ingen politikarar som vil verte valde på nytt tør auke prisar. Sjå berre på det oppstyret som følgde regjeringa sitt vedtak om å leggje til ei flyavgift på 88 kroner. Så lenge økonomien heng så tett saman med høgt og aukande forbruk, har vi lita tru på at det vil kome gjennombrot her med det fyrste. Men når stadig fleire synest vi kjøper for mykje i jula, så er det mogleg å kollektivt prøve å endre trenden, altså å snu normaliseringa på hovudet.

Kan jula bli berekraftig?

Vi menneske er sosiale, og vi følgjer sosiale normer. Difor er det slik at vi saman best kan påverke korleis vi vil at framtida skal sjå ut, og kva velferd skal bety. Dette betyr at dersom vi synest julehandelen går over stokk og stein, så må vi som samfunn ta tak i problematikken. Vi må høyre med naboen, eller med vener og familie og finne ut om dei kanskje kjenner det same. Slik kan vi kanskje finne ut om vi kan vere like lukkelege med mindre ting under juletreet. Kanskje er det like hyggjeleg å få eit personleg brev som å få enno ein ny lysestake?

Skal vi gjere endringar i samfunnet nedanfrå og opp må vi fyrst bli ein «kritisk masse» som er einige om noko. Vi trur at svært mange i Noreg synest at vi handlar altfor mykje til jul, men likevel følgjer vi straumen og handlar meir kvart år. Vi ønskjer med dette fyrst og fremst at vi skal ta denne debatten til eit breiare lag av folket. Vi skal halde på den gode tradisjonen med å glede kvarandre med gåver på julaftan. Men dette kan vi gjere samtidig som vi slår eit slag for eit meir berekraftig samfunn.

Mer fra: Kultur