Debatt

Ekstremhøgre sin frammars i Latin-Amerika og Venezuela

Venezuela har ei økonomisk krise, det er sikkert. Mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen i 2014-2015til 40-50 dollar fatet. I tillegg er den øvre vareproduksjonen dårleg, med mykje import som resultat, svært høg inflasjon. og altfor mange valutaproblem med “bolivaren”, m.a. mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Kriminalstatestikken er også høg og eit stort samfunnsproblem. Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg også gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (mykje av dette kan samanliknast med dei destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde ovanfor Allende-regjeringa i framkant av militærkuppet i Chile i 1973).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det er mange store sosiale samfunnsprosjekt (missiones) som har vore svært vellukka under tida til Hugo Chávez og som held fram under tida til Nicolas Maduro. Eit av dei mest omfattande er "husbyggingsmisjonane". Frå starten i 2011 og til i dag er det bygt omlag 850 000 bustader og er rekna å nå millionen ut 2015. Det gjev rimelege bustader til omlag 5 millionar venezuelanarar av totalt 30 millionar innbyggarar. Også innan helse, skule og høgare utdanning har millionar av folk fenge gratis eller rimelege tenester og tilbod. Dette kostar pengar og når mykje av dette kjem frå oljeøkonomien som no er redusert kraftig vert det store utfordringar. Noko som går utover andre deler av samfunnsøkonomien også. Mykje kan seiast om dette og handteringa av den høge inflasjonen, korrupsjon og mangel på nasjonal vareproduksjon. Maduro og hans folk har i for liten grad klart å finne gode løysingar på desse utfordringane. I tillegg er Maduro ein tildels svak president og langt frå den store folketalaren og taktisk kloke Chávez. Dette gjer at det er ei forsterka politisk krise, der landet er endå meir polarisert enn før. Dette må president Maduro også ta ein del av ansvaret for.

Polariserng og eliten

Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin "Sosialisme for det 21.århundre". No er leiaren deira borte (døydde av kreft i 2013) og mange har frykta kva som ville hende etterpå, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkrafta til, er truleg så djupt grunnfesta at dei kanskje ikkje kan reverserast med nokre pennestrøk. I alle fall ikkje til omfattande protestar frå dei millionar som har kome seg opp av fattigdomen og fenge eit betre liv, men som no også slit. Dette til opposisjonen og deira allierte i Vesten si store fortviling, til no. Endringsprosessar har gått føre seg over store deler av Latin-Amerika, men ikkje overalt. Situasjonen framover er uklar og endringsprosessane har stoppa opp og rullast attende. Høgreregjeringar har kome i Argentina og Chile, Colombia ein ytrehøgre og det værste dømet er no Brasil med fascisten Jair Bolsonaro ved roret.

Den globale politiske og økonomiske eliten har alltid vore interessert i Latin-Amerika sine resursar. Men venstreorienterte land har forsøkt å hindre denne utplyndringa av kontinentet, og gje sine folk sjølvråderett og rettferdig fordeling av økonomien. Kva med desse endringsprosessar i 2019? I Argentina vann høgrekandidaten Macri, etter ein stygg kampanje mot Cristina Fernández de Kirchner og hennar parti sin kandidat Scioli for to år sidan. I Brasil etter ein beinhard skiten kampanje mot president Dilma Rousseff vart ho stilt for riksrett. Noko som var grunngjeve i at presidenten skulle ha "pynta på" statsbudsjettet for å gøyme underskot. Noko mange meinte var grunnlause påstandar og politisk motivert. Tidlegare president Luiz Inácio Lula da Silva vart tiltalt og dømd for korrupsjon og sit no i fengsel. Dette i samband med den store korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras kalla «Operasjon bilvask», som ramma stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. Åtklagane mot Lula vart av mange oppfatta som veldig overdrevne både i storleik og omfang, og mest politisk i motiv. I 2018 vann den ekstremhøgre Bolsonaro etter fleire år med politisk kaos og økonomisk nedgang. Omlag 40 prosent av Brasils 200 millionar innbyggarar lever i hushaldningar med ei inntekt på mindre enn 3.600 kroner per månad (NTB), og det vert i alle fall ikkje betre for dei fattige med det nye regimet. I Venezuela i 2016 vann høgreopposisjonen MUD eit 2/3 fleirtal i nasjonalforsamlinga mot regjeringspartiet PSUV. Er alt dette klåre  teikn på at motoffensiven, dei nyliberale krefter, rullar attende endringsprosessane i Latin-Amerika? Eller kjem dei folkelege organisasjonar og progressive regjeringar til å motstå presset frå høgrekreftene og USA sine imperialistiske framstøyt? Akkurat no i skrivande stund ser dette riktig mørkt ut.

Ubalansert framstilling

Det er symptomatisk at når det oppstår dramatikk i form av ulike  protestar i eit land, så er forteljinga ofte einsidig, basert på lite djupgåande analysar. Forsking viser at økonomisk-politisk ståstad påverkar framstillingane i media. I Latin-Amerika har nyliberalismen sidan 1980-talet vore ramma for å forstå utviklinga. Når  endringsprosessar vekk frå den nyliberale modellen byrja i fleire land  på 2000-talet, vart det privateigde media verande i nyliberalismen. Eitkvart forsøk på endring av dogmet det individuelle over det kollektive, eliten framfor dei fattige, forrangen av marknaden over politikken og konsumenten over borgaren, vert svart med harde klager om maktmisbruk utført av dei nye demokratisk valde regjeringar. Forsøk på sosiale endringar og iverksetting av helse- utdannings- og fordelingsprogram vert møtt med eliten og den høgare middelklassen sin propaganda. Protestar med valdeleg innhald vert neste steg, ofte med økonomisk hjelp frå utlandet (les USA). Denne hetsen mot endringsforsøka vert formidla vidare av dei store globale mediakonserna.

Det er ikkje "balansert" når hovudinntrykket ein sit att med etter mange innslag i pressa at det "berre" er Maduro og regjeringa, eller  rettsvesen o.l. som er skuld i oppstandane, og ingen andre. Eg har t.d. ikkje  høyrt eller lese i nokon NRK-reportasje og i mange aviser elles at det har vorte nemnt at hundrevis av små eller større valdsepisodar eller øydeleggingar av offentleg eigedom er utført av høgreekstreme gjengar, m.a. motorsykkelbandar. Eg har heller ikkje høyrt det har vorte omtala at sabotasje innan  varetilgong har vore utbreitt frå store private aktørar i kampanjar for å endå meir lage krise. Korriger meg om eg tek feil. Det er mange  ting som ein kan og skal kritisera eit lands styresmakter for, Venezuela inkludert, men når destabiliseringspolitikk vert verkemiddel for å styrte ei demokratisk valt regjering, må ein prøve å få det fram. Det er ein polarisert situasjon i Venezuela, men ein må ikkje underslå at sterke ultra-høgre krefter aldri vil ha dialog og aldri vil ha eit likestilt og rettferdigt land.

Ivar Jørdre, styremedlem Latin-Amerika Gruppa i Bergen

Mer fra: Debatt