Kultur

Difor bør Stortinget snu og påskilte lærarane att.

Onsdag 16. desember skal KUF-budsjettet handsamast i Stortinget. Senterpartiet har gått i bresjen i omkampen for å gje lærarane tilbake undervisningssertifiseringa som regjeringa og Stortinget fråtok dei rett før sommaren.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Anne Tingelstad Wøien frå Senterpartiet seier at dei då vil foreslå å gje alle allmennlærarar med utdanning før 2014 full undervisningskompetanse, slik dei hadde heilt til Stortinget 15. juni, kun mot Senterpartiet sine stemmer, vedtok å ugyldiggjere utdanninga deira i kjernefaga engelsk, matematikk og norsk.

No har SV og KrF snudd. Dei vil følgje Senterpartiet. Det er det einaste kloke å gjere. Det var dumt å avskilte lærarane. Her er grunnane:

  • Lærarane vil gjerne videreutdanne seg. Dei gjer det frivillig, om det berre blir tilrettelagt slik at det passar inn i kvardagen deira og dei får tilstrekkeleg rom for det i jobben. Då er dei takknemlege og blir motiverte. Gulrot verkar. Det er ingen grunn til å bruke pisk. Seier kven? Ekspertane i skulen seier det. Kven er ekspertane i skulen? Det er lærarane. Stol på ekspertane!
  • Vidareutdanning med pisk blir dyrare enn gulrot. For viss arbeidsgivar pålegg dei tilsette å ta vidareutdanning, må arbeidsgivar koste alt: reiser, overnattingar, full pleie eller diett og overtidsbetaling (her nyttar det ikkje å prøve seg med lusne leirskuletillegg) i tillegg til at lærarane må få 100% løn for å ta utdanninga, ikkje til dømes 80% slik det til no har vore i den svært populære vidareutdanningsordninga "Kompetanse for kvalitet". Dugnaden og spleiselaget frå lærarane si side blir borte. Korkje Storting eller regjering har rekna på dei fulle kostndene med tvungen vidareutdanning med straff, framfor å halde fram og satse på velvilje og samarbeid frå lærarane.
  • Lærarane blir nedtrykte. Mange blir sinte og reagerer mot urettferda. Men endå fleire av dei 38000 avskilta allmennlærarane opplever det som leitt at styresmaktene no meiner at dei ikkje strekk til, med utdanninga si. ¾ av dei er kvinner. Kvinner har generelt lettare enn menn for å tru på når nokon med meir makt seir at dei ikkje er bra nok, slik regjeringa og Stortinget — med unnatak av Senterpartiet, SV og Krf — her har gjort. Dette er også ei kvinnesak.
  • Unge blir skremde bort frå utdanninga. Dei som studerer eller vurderer å byrje å studere på lærarskulen, må no vite at utdanninga deira kan kome til å bli ugyldiggjort, meir eller mindre, i framtida. Lærarutdanning er blitt ei usikker investering i eiga framtid. I ei tid der læraryrket slit med rekruttering, og behovet for nye lærarar er stort, er dette svært uheldig for skulen og samfunnet.
  • Eldre lærarar pensjonerer seg. Frå fylte 62 år kan lærarar, som andre offentleg tilsette, gå av med avtalefesta pensjon. For framtida har dei valet mellom det og å bli definert som eit «unntak» frå kompetanseforskriften for å få lov til å undervise i jobben sin. Truleg vil mange velje det første, som elles ville valt det siste.
  • Staten er ikkje lenger til å stole på. I §97 i Grunnlova står det: «Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.» Ingen skal kunne straffast av staten for ei handling som ikkje var straffbar då handlinga vart gjort. Stortinget har gjeve lovendringa om endra utdanningsgrav til lærarar tilbakeverkande kraft. Lærarane som tok utdanninga si før 2014, blir no straffa. Det gjer det utrygt å vere offentleg tilsett, og å vere innbyggjar i dette landet. For det same kan skje med andre frå no av.

Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne, Arbeidarpartiet, Høgre og FrP bør ta til fornuft og snu i denne saka. Om det ikkje gjer det, vil det slå tilbake på dei sjølve. Det er vel fortent, i så fall. Men det korkje lærarar, elevar eller innbyggjarane i Noreg har fortent, er at Stortingvedtaket vil skade skulen og landet vårt om det vert ståande.

Takk til Senterpartiet og Anne Tingelstad Wøien for at de tar omkamp om denne saka. Lukke til i Stortinget onsdag 16. desember!

Mer fra: Kultur