Den ubehagelege sanninga

Og då var eg brått, på grunn av eit «dårleg» tal, ein dårleg lærar, eit problem for skolen.

«Oslo-skolen skal være en drivkraft i utviklingen av skole-Norge», skriv Oslo Kommune i si årsberetning. Osloskolen har som mål at «alle skal lære mer», for Osloskolen ser seg sjølv som ein ny, betre skole, der «våre elever skal konkurrere med de beste i Europa», som skolebyråden seier det. På fasaden til Osloskolen skriv utdanningsdirektøren at: «vi har landets dyktigste rektorer og lærere, medarbeiderundersøkelsene viser at våre ansatte trives veldig godt. Osloskolen ligger øverst på de målbare indikatorene, som eksamener og nasjonale prøver». Og skolebyråden i Oslo hevdar: «Vi kommer uansett til å ha stadig mer ambisiøse mål for hva elevene skal lære. Våre elever skal konkurrere med de beste i Europa.»

Korleis skal alle lære meir, og konkurrere med dei beste i Europa? Ein måte er standardisering av undervisninga ut frå effektivitetsomsyn. Seinhaustes 2013 kom ei slik standardisering av undervisninga til uttrykk i Oslo i Bystyremelding nr. 1/2013, Byrådets strategi for sosial mobilitet gjennom barnehage og skole: «Byrådet vil: Igangsette et forskningsbasert forsøk med en standardisert organisering av skolehverdagen hvor det legges stor vekt på arbeid med grunnleggende ferdigheter i basisfagene.»

Meldinga blei vedteken 06.03.2014, og det blir løyvd 25 millionar kroner til utvikling av standardisert praksis. «Dette er et hamskifte» seier skolebyråden, «Kartlegging og tett oppfølging av den enkelte elev, mål- og resultatstyring og åpenhet om resultater har vært grunnleggende premisser for resultatfremgangen i Oslo.» For Osloskolen måler snitt og «normalar», framgang og tilbakegang blant elevar og skoler. Deretter disiplinerer ein skoler og lærarar som ikkje tilfredsstiller dei målbare resultata som prognosane eller estimata hevdar. Det vil gi dei resultata Osloskolen ønskjer.

Kva har det å seie for undervisninga? Kva som er god undervisning kan ein svare på på to ulike måtar. Den ein er at undervisning er hjelp til læring. Då tek læraren utgangspunkt i gode prinsipp for undervisning, at elevane må motiverast, at ein skal gå frå det kjende til det ukjende, at ein må ta omsyn til enkelteleven sin evner og anlegg og liknande. God undervisning er då å oppfylle desse krava, at læraren hjelper etter best evne. Den andre måten å vurdere undervisning på er å bruke elevane sine resultat som kriterium. Då er undervisning noko læraren bruker eleven til å lage resultat av. Om elevane gjer det bra, har undervisninga vore god. Dette er ein variant av ei instrumentell eller teknisk forståing av undervisning som hentar ideane sine frå det ein kallar behaviorismen. Då trur ein at samanhengar mellom stimulus og respons, oppskrifter på læring, lagar læringslover som læraren skal bruke i klasserommet. Og då kan læraren gjerast ansvarleg for eleven sitt resultat.

Hausten 2012 blei ei slik oppskrift på læring sett i verk som skolevandring ved min skole. Dette er ein variant av Ofsted-kontrollane ein finn i Storbritannia. Der kjem statlege inspektørar og gjennomfører klasseromsobservasjonar. I Oslo har ein òg innsatsgrupper som rykkjer ut til skoler og gjennomfører observasjonar ved dårlege resultat. Og ein har nytta private konsulentfirma til å utføre slike klasseromsobservasjonar.

Skolevandring ved min skole er eigentleg ein klasseromsobservasjon. Under skolevandringa observerer skoleleiinga undervisninga til læraren ut frå eit Observasjonsark for skolevandring. Dette skjemaet skisserer ein lærarstyrt og målretta undervisningstime der læraren skal observerast og vurderast i 20 «fokusområde». Observasjonen går for seg ved at ein person frå skoleleiinga sit bakerst i klasserommet i éin undervisningstime og kryssar av på eit Excel-ark. Dette får læraren tilsendt på epost etter avslutta observasjon. Skolevandringa er ei standardisering av undervisningssituasjonen som er effektiv og gjev best resultat, og slik er den konkurransefremjande for skolen. Skolen har ei uttalt forventing om at undervisninga skal følgje skjemaet. For skjemaet er vedteke av skoleleiinga. Følgjer ikkje undervisninga skjemaet, må læraren forklare seg og eventuelt forsvare andre undervisningsformer enn den skoleleiinga meiner er mest effektiv og gjev best resultat. Har læraren store avvik, blir det notert og teke opp i den nye, målstyrte medarbeidersamtalen, for avvik skal «defineres» og forklarast.

Kva skjer om ein ikkje når måla? Om ein har dårlege tal? I mitt tilfelle var det eit problem med svara frå elevundersøkinga, vart det hevda. Den vert gjennomført som ei fleirvalsprøve i éin undervisningstime i løpet av skoleåret. Elevundersøkinga er eit eige punkt i rektors resultatkontrakt. Og den er eitt av dei mange områda der bystyret i Oslo set mål for kva resultata ved skolane i Oslo skal vere. Dette året hadde 13 av 25 elevar i min klasse svart, noko som gjorde at tala ikkje kunne seie noko som helst. Men det vart oversett. I staden viste det seg at på eitt punkt, om eg brukte mykje tid på å halde ro og orden i klasserommet, levde talet ikkje opp til gjennomsnittet for skolen eller målet skolen har på dette punktet.

Sjølv om eg påpeikte at eit slikt svar, eit tal med to desimalar, ikkje kan seie noko om undervisninga mi og korleis eg leidde klassen, og i alle fall ikkje noko om heile skoleåret, vart eg avvist. Jau, det kan det, blei det hevda. Og det er eit problem for skolen at du skårar under snittet, kva vil du gjere med det? Og då var eg brått, på grunn av eit «dårleg» tal, ein dårleg lærar, eit problem for skolen. Andre lærarar vert konfrontert med at dei har for dårleg resultat, klassen har for dårlege karakterar, dei er under snittet og difor eit problem for skolen. Og kva skal læraren då gjere? Gje etter for presset, gje betre karakterar slik at skolen når måla? Og bidra til at Osloskolen held fasaden, ved å jukse? Slik er det Osloskolen får «alle til å lære mer». Slik er det Osloskolen når «stadig mer ambisiøse mål». Det ser fint ut, på fasaden. Men bak fasaden i Osloskolen bur den ubehagelege sanninga.