Demokrati eller investorstyre?

Medan valkampen sirklar rundt skule, skatt og eldreomsorg, er viktige spørsmål om norsk handelspolitikk fråverande i det offentlege ordskiftet.

Noreg tek del i ei urovekkande global utvikling der internasjonale storselskap får makt til å etterprøve demokratiske avgjersler. Dei siste åra har miljøreguleringar, helseføretak, og energiforvalting kome under åtak av internasjonale selskap fordi dei vert påverka av nødvendige reguleringar.

Det er bilaterale investeringsavtalar (BIT) som gir selskapa rom til å angripe offentleg politikk. Avtalane skulle i utgangspunktet sikre stabile rammevilkår for selskap som investerer i utlandet, men har i praksis vorte eit vorte nyttig verktøy for selskap som vil unngå statleg regulering. BIT opnar for at selskap kan saksøke statar, og når dei gjer det, vert sakene ført i midlertidige internasjonale tribunalar, ofte oppretta ad hoc. Tre juristar avgjer om eit land skal få føre politikk til beste for eige folk, ved å tolke vidt formulerte rettar i ein BIT.

Helsetiltak opp i røyk? Slike åtak har for det meste ramma utviklingsland, men kan vel så gjerne ramme Noreg. I 2010 vart det til dømes innført reguleringar som gjorde at røykpakker ikkje fekk stå synleg i norske butikkhyller. Tobakksgiganten Philip Morris gjekk då til sak mot staten i Oslo Tingrett, basert på formuleringar i EØS-avtalen. Krava til Philip Morris vart til slutt avvist ved å vise til norsk lovverk, til ein konsekvent rettspraksis i EFTA-domstolen, og til at reguleringa var relevant for å oppnå ønska formål om å betre folkehelsa. Om denne saka hadde vore ført for brot på ein BIT, kunne utfallet derimot vorte eit anna. Då hadde saka vorte avgjort på bakgrunn av ein enkel traktat, og truleg teke lite omsyn til om reguleringa var relevant for å oppnå eit legitimt formål.

Same selskap er no i søksmål mot Australia og Uruguay. I sistnemnde sak nyttar Philip Morris ein BIT for å angripe akkurat dei same reguleringane me har innført i Noreg - om helseåtvaring på røykpakkene, og restriksjonar på å røyke innadørs i offentlege rom. I saka mot Australia går selskapet via ein BIT mellom Hong Kong og Australia, med påstand om at staten har ekspropriert selskapets intellektuelle eigedom ved å regulere korleis røykpakkene skal sjå ut.

Ingen god rettsstandard: Det er uråd å vite kva desse angrepa på tobakksregulering vil føre til. Fordi søksmål under BIT ikkje går i faste domstolar, er det heller ikkje nokon konsekvent rettspraksis. Tidvis fell det domsavgjerder som er sjokkerande, og som tolkar avtaleverket på ein måte som neppe var formålet då avtala vart utvikla og signert. Dersom Philip Morris vinn gjennom kan det kome ei bølgje med liknande saker. Ei gruppe profilerte handelsjuristar gjekk for to år sidan ut og sa at handsaminga av slike saker ikkje held grunnleggjande rettsstandard. Systemet er gjennomgåande prega av hemmeleghald - ein får berre tidvis innsikt i sentrale rettsdokument. Det er også dominert av svært få aktørar - 15 personar har avgjort 55 prosent av alle kjende saker, og eitt advokatbyrå var i 2011 involvert i 71 saker, litt under halvparten av alle gåande saker.

I fjor skreiv Public Citizen om ei domsavgjerd der Ecuador vart dømt til å betale over 14 milliardar kroner til Occidental Petroleum, etter at landet handheva nasjonal lovgiving ved eit kontraktbrot frå oljeselskapet si side. Juristane frå Public Citizen vart forbausa over at staten i det heile vart dømd, då dei fann at handhevinga var fullstendig i tråd med lover, traktatar og kontrakten med selskapet. Dommarane argumenterte seg gjennom det Public Citizen kallar 326 sider logisk gymnastikk, som til slutt enda i at Ecuador, for å ikkje ha gitt «rettferdig og lik behandling», måtte betale erstatning på over 14 milliardar kroner. For eit utviklingsland som Ecuador er dette ein gigantsum - det er årsinntekta til ein femtedel av innbyggjarane. Dette er berre eitt av 23 søksmål landet har fått mot seg dei siste åra.

Set investorrettar over demokrati: Det BIT i praksis gjer er å skjerpe grensene politikk. Selskap skal få ei behandling som er i tråd med det som var deira «legitime forventningar» på det tidspunktet dei investerte. Det gir rom for at ei kvar ny regulering som påverkar internasjonale investorar kan verte angripe av søksmål, fordi den endrar på rammevilkåra for selskapet. Ein slik praksis kan få store konsekvensar, særleg for land der resursforvalting og institusjonelle rammeverk er dårleg utvikla. Utviklingsland kan truleg aldri gjere liknande grep som Noreg gjorde i energisektoren for at inntektene skulle kome heile folket til gode. Fleire land er dømt for miljøreguleringar.

Etter ei høyringsrunde i 2008 vedtok regjeringa å ikkje gå inn for fleire BIT. Dette var ei klok avgjerd, men den var diverre litt halvhjerta. Regjeringa gjorde eit par unntak, og me er enno i forhandlingar med Russland, Kina, India og Ukraina. Noreg har 14 reine BIT frå før som er gått ut på dato, og som kan og bør seiast opp. Noreg har over 20 frihandelsavtalar med kapittel om investeringar som inneheld mykje av det same som ein BIT, og i enkelte tilfelle er nær sagt identiske.

Vil ha eit BIT-fritt Noreg: 25 fag- miljø- solidaritet- og ungdomsorganisasjonar står bak kampanjen for eit BIT-fritt Noreg, som vert lansert denne veka. Det er mange årsaker til å vere uroa for BIT. Det kan gå utover norsk næringsliv, arbeidarrettar og miljøreguleringar. Det går særleg utover utviklingsland, som ikkje kan nytte viktige utviklingspolitiske grep, og som stadig vert ramma av søksmål. Uansett form og farge på regjeringa etter valet, krev me at den set demokrati framfor investorretar, og sørgjer for eit BIT-fritt Noreg.

Organisasjonane bak BIT-fritt er: Attac Norge, AUF, Changemaker, Fagforbundet, Fellesrådet for Afrika, FIVAS, For Velferdsstaten, FORUT, KrFU, Latin-Amerikagruppene i Norge, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Nei til EU, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Sosial Forum, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Folkehjelp, Norsk Folkehjelps solidaritetsungdom, PRESS, RU, Spire, SU og Utviklingsfondet.