Debatt

Borgarløn og den norske tradisjonen

Dei rike blir stadig rikare. Er det den norske tradisjonen?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Borgarløn er ein meir rettferdig måte å fordele verdiar. Stadig fleire utprøvingar rundt i verda gjev oss gode tilbakemeldingar, og ber bud om ein metode som kan løfte samfunnsorganiseringa til eit nytt og betre nivå. Likevel er det stor politisk einigheit om at dette er ikkje den måten me løyser utfordringar i Noreg. Det passar ikkje for det norske systemet? Når Hadia Tadjik argumenterte mot borgarløn i høve lanseringa av boka om borgarløn til Omdal/Eliassen, virkar det som frykta for kritikkk av velferdssamfunnet og arbeidslinja var så stor at dei opplagde føremonene ikkje blei vurderte? Snakkar eg om borgarløn med folk frå høgresida ristar dei berre på hovudet. Det er det eigentleg inga grunn til å gjere. Det er freistande å seie at dei kastar ut solide verkty av den politiske verktykassa si. Høgresida missar i sitt prosjekt for å modernisere offentleg sektor. Når gjekk dei utgiftene ned sist? Venstresida sviktar det veksande prekariatet, dei som ikkje har ein trygg jobb og er mellom to jobbar. Skulle tru venstresida ville støtte arbeidsvillige menneske til tross for manglande sysselsetjing?

Omstenda i verda viser at me treng system der me kan skape entusiasme, sjølv ved innføring av restriksjonar når adferda vår reduserar verdien av allmenningen. Enno manglar dei største partia noko som kan likne på effektive metodar for å minke karbonfotavtrykket. Progressiv prissetjing og ei borgarlønsordning slik at miljøavgiftene blir råd å hanskast med for alle, er medisinen for å skape den folkeleg entusiasmen som det grøne skiftet treng for å lykkast. Om ikkje borgarløn er det, må dei grå partia presentere noko som er betre. Me ser alt at ulikskapen veks og tilliten i Noreg minkar tilliks med resten av den vestlege verda. Folk er meir økonomisk utrygge enn på lenge. Løftar me folk ut av irrgangar og fallgruver idag, vil dei kunna bidra på ein heilt anna måte i morgon. Borgarløn er ein medisin om den grå politiken sviktar individet. Ein medisin me òg kan ta sjølv om den ikkje sviktar. Velferdssytemet vårt er eit av det beste i verda. Me skal ikkje dumpe det, men skal spikre det fast, krydre det med større verdigheit, slik at politikarar som vil øydelegge det ikkje treng tenke på attval. Dei største endringane dette fører med seg blir på korleis me tenkjer økonomi, og i langt mindre grad korleis økonomien blir endra.

Borgarløn er godt innafor i den norske økonomiske tradisjonen. Noreg har nytt godt av ei liknande ordning i oljenæringa, gjennom leiterefusjonsordninga. Når politikarane forsvarar ordninga, kallar dei det skattfrådrag på framtidige inntekter, utbetalt i kontantar. Ordninga er ein universell ordning, utan bindingar, og laga for å få fart og nyskaping i produksjonen. Tilsvarande er borgarløna eit skattefrådrag for framtidig arbeidsbidrag. Borgarløna vil òg vere ei universell ordning, utan bindingar for å løfte fleire menneske opp til framtidig skatteevne. Betalt ut kontant. Oljeselskapa tenkast å utvikle seg til sjølvstendige skattbare objekt. Menneske vil òg utvikle seg til sjølvstendigheit. For å kome dit treng nokon skattefrådraget før andre. Jauda, MDG meinar at leiterefusjonsordninga for oljenæringa har hatt si tid. Det er ikkje rett medisin lengre. Deira største bidrag no er å produsere endå meire klimagassar. Den kan få kvile, men menneske gjev me aldri opp

Mer fra: Debatt