Bangladesh treng handel

Initiativ for etisk handel (IEH) er positiv til produksjon i Bangladesh og ser ingen grunn til ein generell skepsis eller boikott av landet. Snarare tvert i mot. Bangladesh treng handel.

Trass i auka fokus på dei store utfordringane når det gjeld produksjons- og arbeidsvilkår i Bangladesh, er det få haldepunkt for å seia at det er verre i år enn i fjor. Den tragiske ulukka på Rana Plaza, saman med fleire store brannar det siste året, var ei tragisk påminning om at forbetringsbehovet er stort. Dette har både IEH og store delar av næringslivet visst lenge, det auka fokuset aukar sjansane for å ta viktige steg vidare.

Uakseptable arbeidsvilkår, anten det handlar om born, arbeidstid eller HMS finnast i alle land, men det betyr på ingen måte at Bangladesh er einsbetydande med barnearbeid og dårlege arbeidsforhold. Det finnast gode og dårlege fabrikkar der, som i England, Kina og alle andre stader. Eit døme er DBL Group, som IEH traff på Regjeringa sin konferanse om samfunnsansvar i Oslo i november 2012. DBL har fått fleire prisar for god forretningsdrift.

Utfordringa som både politikarar, næringsliv, forbrukarar og media må ta inn over seg er at - ja, me skal stilla klare etiske krav. Men, nei krav om garantiar – som lett fører til kontrollar for kontrollen si skuld – kjem altfor ofte til kort. Det fører ofte til juks, og er dermed til liten eller ingen hjelp for korkje arbeidarar eller innkjøparar.

At KrF har vald å trekka t-skjortene frå valkampen er nok godt meint, men likevel ei feilslutning. Det hjelper ingen. Bangladesh treng langsiktige handelsrelasjonar med klar vilje til å arbeida saman om forbetringar. Forbetringar basert på risikokartlegging, lokal kunnskap og samarbeidsvilje frå både innkjøpar og produsent.

Per N. Bondevik

Daglig leder, Initiativ for etisk handel (IEH)

Nettopp dette er IEH sin forretningside og kompetanse. Me tilbyr kurs i velprøvde metodar for risikokartlegging og har eit internasjonalt forbetringsnettverk som bistår til beste for barnet når det vert oppdaga barnearbeid. Eller andre manglar på grunnleggande arbeidstakarrettar.