Balanse i NRK

I tidligere tider kalla Carl I. Hagen NRK for ARK fordi kanalen etter hans syn ga Ap meir plass enn andre parti. I dag er det ei markert skeivfordeling i NRK-stoffet for politisk høyreside.

Framlegg til statsbudsjett frå Regjeringa og forhandlinger etterpå med mellomparti får rikelig plass i NRK. Alternativt budsjett og andre framlegg frå opposisjonen blir lyttarar og sjåarar til NRK-kanaler stort sett sparte for.

Med NRK som mikrofon- og bildestativ kan Regjeringa m.a. fortelle folket positivt nytt om lågare arbeidsløse og god økonomisk vekst. Lite eller ingen kritisk analyse frå NRK blir slik informasjon utsett for. Fakta er at arbeidslysa i Norge fremdeles er høy, sjøl om det nå er litt fleire som går ut av enn inn i dette registeret. Men det er mange som ikkje får arbeid etter at trygde-betalingene tek slutt.

Eit hovedproblem i norsk økonomi er at prosentdelen personer i yrkesaktiv alder som har arbeid, stadig går ned. Dei siste åra har mange fleire unge blitt uførepensjonert. At Arbeiderpartiet har fått nedstemt eit framlegg om jobbgaranti for unge med ei viss arbeidsevne, får ikkje velgarar vite av statskanaler. Den økonomiske veksten i Norge er fremdeles låg – også i europeisk sammenheng – og industriutviklinga er i minus. Prisene stig raskere enn i EU. Heller ikkje dette ser ut til å interessere NRK.

I tillegg til at NRK driv ukritisk og skeiv informasjon om politikken til Regjeringa – og informasjonstørke for opposisjonspolitikk – driv NRK ei persondyrking som går media i Russland og Tyrkia ein høy gang. Statsministeren kan ikkje finne på eit einaste politisk eller sosialt sprel uten at NRK er der med kamera og mikrofon. Det går vel ikkje ein dag uten at ho er ein eller fleire gongar skjermen.

I politiske saker brukar NRK ofte kommentatorer frå aviser. Dei mest brukte av slike «objektive» kommentatorer er alle politiske redaktører frå konservative aviser:

Regjeringsvennen Trine Eilertsen (Aftenposten), Arbeidarparti-kritikeren Tone Sofie Aglen (Adressavisa) og Kjetil Alstadheim (Dagens Næringsliv) som serverte tre useriøse «skitpakkar» om Jonas Gahr Støre like før stortingsvalget i 2017