Bakteriar kjenner ingen grenser

På få timar er eit virus spreidd jorda rundt. Helse, mat tryggleik og storpolitikk heng saman.

Innlegget er skrevet sammen med Frode Forland, prosjektleder for global helseberedskap, Folkehelseinstituttet

Smitte skiljer ikkje mellom fattige og rike. For å stoppe spreiing av smitte, er det viktig å oppdage og rapportere sjukdomstilfelle så raskt som mogleg. Dette gjeld anten eit utbrot skjer på landsbygda i Afrika eller i byar i Europa. Fagleg samarbeid og felles system for å kunne førebygge sjukdomsutbrot og hindre spreiing av smitte vil vere ein god strategi for internasjonal innsats og utviklingsarbeid. Å støtte fattige land i å bygge ein solid helseberedskap er god hjelp til sjølvhjelp.

Verda er ikkje lenger som ho var når det gjeld spreiing av smittsame sjukdomar og konsekvensar av naturkatastrofar. Bakteriar og virus kjenner ingen grenser. På få timar er eit virus spreidd jorda rundt med menneske og mat som reiser. E.coli-utbrotet i Tyskland for to år sidan viser tydeleg korleis helse, mattryggleik og storpolitikk heng saman. På få veker vart eit utbrot som starta i Tyskland og spreidde seg til Frankrike, årsak til at mange blei sjuke og døde. Ein trudde først at utbrotet kom frå England. Så fekk agurkavlingane i Spania skulda på grunn av ein uheldig uttale frå ein politikar i Hamburg. Bøndene der lei store tap, mens det var spirande bønnefrø frå Egypt som var årsaken. Diagnosen på det heile blei stilt i Kina. Dette tilfelle viser både kor vanskeleg det kan vere å finne ut kor smitten kjem frå og nytten av internasjonalt samarbeid.

Det internasjonale helsereglementet (IHR 2005) har som formål å førebygge og hindre spreiing av alle slags epidemiar, utbrot og hendingar (biologiske, kjemiske og radionukleære) som kan utgjere ein trussel mot folks helse. Det skal også sikre varsling og koordinert oppfølging. Dette reglementet er den einaste bindande helsekonvensjonen frå WHO som alle verdas land har slutta seg til. Det stiller krav til at alle land skal ha ressursar og kapasitet til å oppdage, vurdere, varsle og handtere helsetruslar som kan ha internasjonal betydning.

IHR skulle vere implementert i alle land ved utgangen av 2012. Dette har ikkje skjedd. Ved siste rapportering til WHO er det berre 42 av 194 land som har klart å innfri desse krava, dei fleste i Europa. I Afrika er det ingen land som har makta å gjennomføre reglementet. Grunnen til dette er at for å kunne handtere ein akutt nødssituasjon, som IHR er meint å støtte, må landet ha eit fungerande helsesystem i botnen. Eit helsesystem som kan handtere ein krisesituasjon, er og eit helsesystem som fungerer godt i ein normalsituasjon. IHR definerer viktige krav til eit slikt helsesystem. Det stiller krav om relevante beredskapsplanar, eit system for helseovervaking, kommunikasjonslinjer, personellressursar, laboratoriefunksjon og samhandlingsrutinar med andre nasjonale og internasjonale aktørar. Norge har innfridd desse krava.

I NORAD sin resultatrapport for 2013 kan vi lese at det nyttar å støtte helse- og utdanningsprosjekt i fattige land, og på NORAD-konferansen i Oslo den 11. desember 2013 stod politikarar frå alle parti side om side for å slå ring om innsatsen NORAD og partnarar i mange år har utført. Stortingsmelding nr 11 (2011-2012) om Global helse i utanriks- og utviklingspolitikken, har brei politisk støtte, og hovudlinjene i denne politikken ligg fast. Meldinga skildrar hovudmåla for norsk støtte og samarbeid med fattige land. Smittsame sjukdomar, helsesikkerhet og styrking av helsesystem er nøkkelområde for norsk innsats framover. Dette utfyller eit hittil sterkt norsk fokus på vaksinasjon, mor-barn helse og støtte til nedkjemping av sjukdommar som malaria, tuberkulose og hiv/aids, ein strategi som har gitt gode resultat. For første gong ser vi no at det kan vere mogleg å stoppe hiv/aids-epidemien med effektiv behandling av dei som er smitta.

Bistand bør vere berekraftig og ikkje binde land i sør opp til langsiktig finansiell avhengighet frå nord. Kunnskap og kompetanse er alltid berekraftig. Den beste måten å sikre framtidig evne til å handtere kriser, katastrofar og epidemiar på, er å bygge gode velfungerande helsesystem som også fungerer godt i «fredstid».

Folkehelseinstituttet er det norske ansvars- og ressurssenteret for IHR. WHO har oppmoda rike land og organisasjonar til å bidra med finansiell og fagleg støtte til å etablere dei grunnleggande funksjonane som inngår i eit helsesystem. IHR, som er vedtatt av alle land, er såleis eit svært godt utgangspunkt for å målrette innsatsen i norsk helsebistand i åra framover. Dette er også i tråd med artikkel 44 i IHR som seier at land skal samarbeide både fagleg og ressursmessig for å innfri krava i regelverket.

Målet med å etablere ein god helseberedskap globalt er at dette vil vere med å gje sikkerhet for god helse nasjonalt, noko som igjen kan hindre smittespreiing og sikre god helse internasjonalt. Utfordringa no blir korleis vi frå norsk side best kan løfte spørsmåla knytt til helsesikkerhet, beredskap og styrking av helseovervaking i lavinntektsland slik at dei både kan handtere den daglege helsekrisa som mange land står i, og dei særskilde utfordringane som er knytt til førebygging og handtering av utbrot, naturkatastrofar og krig. Støtte til gjennomføring av krava i det internasjonale helsereglementet vil vere ein god måte å fokusere innsatsen på framover.

Saman med andre sentrale aktørar i internasjonal helse og utviklingssamarbeid ønskjer Folkehelseinstituttet å spele ei sentral rolle i denne satsinga. Ei slik satsing vil vere ein internasjonal vinn- vinn-situasjon, der det å hjelpe andre også er ei hjelp til oss sjølve.