Åtte levereglar som lettar vinterdepresjonen

Glede er ikkje ein overflatisk følelse. Den stemplast av og til som overflatisk – ein tenkjer at den fortrenger frå bevisstheita innsikter om grufulle situasjonar og krefter i menneske.

Drap, krig, flyktningkrise, klimakrise og Trump med godt selskap frå ytterste høgre. Norske ministrar som heiar han fram. Det er alvorlig, og det slår oss i trynet kvar dag vi slår på radioen og blar gjennom nettavisene om dagane. Kva i f… er det som skjer i verda? Og korleis kan ein ta vare på gleden opp i det heile? Eg vender meg forsiktig tilbake til Arne Næss og maskoten som fulgte han i den siste tida han levde – den lille bamsegrisen Timotei. Så vender eg gradvis tilbake til ei meir varig form for glede; mirakelet det er å vere menneske, alt det kreative og skapande vi omgir oss med, naturens endelause skjønnhet og den djupe meininga med å berre vere ein del av alt dette.

 

Glede er ikkje ein statisk følelse. Å vere glad handlar om meir enn å berre ha ei viss fornemming inne i seg. Ein bør i større grad vende merksemda ut av seg sjølv, ut mot alt som gjer livet verdt å leve og sette det i samanheng med sjølvet.  I følge Næss sin favorittfilosof, Spinoza, finn vi to hovudtypar glede: Titillatio og Hilaritas. Kort sagt er Hilaritas glede som kan fylle heile personen, alle delane av sjela og kroppen. Vi er allsidig engasjert og absorbert av glede. Ved Titillatio er berre deler av sjela berørt – den type glede, eller kortvarig lykka som kan kome ved shopping. Hilaritas endrar alt vi oppfattar rundt oss – heile realiteten. Mange teoriar om glede er samanfallande med denne.

 

Det kan ikkje bli for mykje Hilaritas. Men det kan bli for mykje av Titillatio – fordi den lett kan sperre vegen til rikare formar for glede. Vi veit vel alle korleis ein forelskelse kan gjere blind og nokre gongar kan vere overfladisk. Her er ofte Titillatio involvert. Den inkluderar sjelden alle aspekt av livet, og kan i verste fall sperre eller øydelegge for mykje anna. Kjærleika til det skapande og kreative ved eksistensen (amor intellectuallis) er derimot ein type Hilaritas. Det kan rett og slett ikkje bli for mykje av den og den utelukkar ikkje den andre varianten – Titillatio, men kan åpne for ei større forståing av kjærleiksomgrepet.

 

Ulike tilstandar og situasjonar kan gjere det vanskeleg å kjenne glede. For eksempel situasjonen vi lev i no. Det er tøft, og det kan bli ekstremt! Det er imidlertid nok av eksempel på menneske som har levd under ekstreme forhold, som likevel har klart å hente fram denne kjærleika; det vere seg ei sterk gudstru eller ein sterk amor intellectuallis. For å kome nærara Hilaritas vil eg anbefale følgande levereglar – dei tre første etter Arne Næss, så nokre konkrete frå meg. Dette er altså årets julegåve frå meg til deg:

 

  1. 1) Erkjenn at eitkvart levande vesen har eigenverdi
  2. 2)  Livets mangfold og natur-rikdom har verdi i seg sjølv
  3. 3) Menneske har ikkje rett til å redusere dette mangfoldet og rikdomen uten for å tilfredstille vitale behov
  4. 4)  Prøv minst ein gong om dagen å kjenn at du er ein del av alt. Du  er natur.
  5. 5) Hald deg oppdatert og gi rom for oppløftande nyheter
  6. 6)Utvid kjærleiksbegrepet utover det tosomme. Det engasjerar!
  7. 7) Klem mykje og ofte - tren på den du måtte føle deg trygg på
  8. 8) Tillat deg å vere deppa av og til. Det er heilt naturleg og det går raskare over om du prøver å leve etter dei sju første.