Debatt

Anders Behring Breivik og FrP

av Hans Ebbing

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

ANDERS BEHRING BREIVIK STØTTET FRP AKTIVT I TRETTEN ÅR
"Ved kommunevalet i 2011 kort tid etter terroren vart Frp halvert. Ante veljarane ein samanheng her? I 2013 var samanhengen i så fall gløymd. Den frie pressa sin "kritiske journalistikk" sørgde for at terroråret 2011 vart skriven inn i den politiske gløymeboka inntil artikkelen i The Guardian minteoss om det." - Hans Ebbing

Då ein sosiolog ved Universitetet i Bergen skreiv ein kritisk rapport om valresultatet for The Guardian, utløyste han eit borgarleg ramaskrik. Han reiste tvil om veljarane hadde lært noko av terroren 22. juli 2011, sidan det partiet som terroristen hadde vore medlem av, Frp, hadde så stor framgang at det politiske offeret for terroren, Ap, kunne kastas ut av regjeringskontora med eit triumferande "morn'a Jens".

Ei vedgåing av eit delvis ideologisk overlapp mellom terroristen og Frp ville ha rota til heile den borgarlege regjeringskabalen. Også SVs Heikki Holmås ytra seg kritisk om Frp. Då ba den liberale Erna Solberg han om å halde kjeft. Sosiologen og instituttet hans fekk trugsmål frå folkedjupet.

Meir interessant er reaksjonane i liberale aviser som til dømes Bergens Tidende (BT) og Aftenposten. Dei hadde i lang tid støtta eit borgarleg regjeringsalternativ der Frp var med. Det var derfor viktig å gjere Frp stovereint også i den liberale pressa sine redaksjonar. Då valresultatet vart kommentert i utlandet, avviste dei einkvar ideologisk samanheng mellom terroristens filosofi og Frp.

Heller ikkje i perioden mellom 22. juli 2011 og valsigeren i 2013 hadde den frie pressa vist interesse for om det kunne vere eit delvis overlapp mellom Anders Behring Breivik sine tankar og Frp. Terroren og ideologien til grunn for han vart kapsla inn slik at den ikkje forstyrra den lange valkampen i 2013. Resultatet av denne strategien kjenner vi. Å peike på slike samanhengar er eit utslag av "totalitær tenkemåte", kan ein av redaktørane i BT fortelje oss, eller av "kulturmarxisme" som andre ville ha sagt det.

Breivik har heile tida vore ein tilrekneleg person som kan ta ansvar for sine handlingar. Han støtta Frp aktivt i 13 år, dels med tillitsverv, men glei ut av partiet, fordi Frp var for slappe mot muslimar og kulturmarxistar. Men i 2009 tok Frp i bruk ein meir aggressiv retorikk. Carl I. Hagen og Siv Jensen snakka tydeleg om snikislamisering og fekk 22,9 prosent av røystene.

Då vart Breivik meir optimistisk og engasjerte seg for Frp på nytt, utan å melde seg inn. Han skreiv innlegg på Document.no. Han meinte at Frp kunne gjort eit enda betre resultat dersom ein hadde hatt "en kulturkonservativ (pro-FrP) mediekanal". Ideologisk kamp saman med Frp i media mot kulturmarxisme og islam var framleis strategien hans, ikkje terror.

Derfor ivra han for samarbeid med folk i Frp om å gje ut ei avis. Dette skulle skje ved å utvikle Frp si avis Fremskritt i kulturkonservativ lei, sa han. Det var viktig at Fremskritt ikkje måtte vere rasistisk, men kulturpolitisk. Han hadde gode kontaktar: "Jeg kjenner mange i FrP og vet at det er sterke krefter der som ønsker å utvikle 'Fremskritt'." Og: "Økt politisk innflytelse går gjennom uoffisiell støtte til FrP/Høyre."

Men då Frp med valet i 2009 var blitt det største opposisjonspartiet, kunne det legge frå seg retorikken om "snikislamisering". Den hadde tent sitt føremål. Nå var det viktig å gjere seg anstendig overfor dei andre borgarlege partia, slik at Frp kunne bli eit regjeringsparti saman med desse ved neste krossveg. Breivik vart djupt skuffa over Frp endå ein gong: "FrP har .. kastet babyen ut med badevannet", skreiv han i 2010.Strategien hans vart lagd om, som vi no veit.

Men ved kommunevalet i 2011 kort tid etter terroren vart Frp halvert. Ante veljarane ein samanheng her? I 2013 var samanhengen i så fall gløymd. Den frie pressa sin "kritiske journalistikk" sørgde for at terroråret 2011 vart skriven inn i den politiske gløymeboka inntil artikkelen i The Guardian minteoss om det.

- Hans Ebbing
(Klassekampen 7. oktober 2013)

Alf Gunvald Nilsen: "Norway's disturbing lurch to the right," The Guardian, Tuesday 10 September 2013:
https://www.theguardian.com/commentisfree/2013/sep/10/norway-lurch-to-right

Mer fra: Debatt